Svart Hund |
![]() |




Ville blei teken heim og gravlagt på Rudlen (Kristin har skrive nokre ord på sida til Ville)
27.03.10
Vårin fekk 8 kvelpar. 5 hannar og 3 tisper. Dette var lenge før ho hadde "termin" og husfar var ikkje budd. Den førstegongsfødande hadde fått fyrste kvelpen før me var stått opp laurdags morgon. Fødselen gjekk svært greit og i 10-tida var det heile over. Vårin er blitt svært mager så nå vært oppgåva å ta vel vare på mor og barn


02.02.09
Elghundklubb. Vårin endte opp med totalt 3 teljande prøvar i haust, 75+81+90 poeng. Svart Hunden's Frøya fekk 91 poeng noko som er ein kjempe prestasjon med tanke på at ho er 11 månader gammal. Tydeleg at Svein Inge har gjort ein kjempeinnsats med sin første bandhund.
Kullbror, Falder har fåt 1.premie på både 1 dags og to dags separart prøve. Gratulerar Bjørn Henry.
10.01.09
Svart hunden's Brage blei BIR på SKK si utstilling My Dog i Gøteborg. Han fekk CERT og CACIB, og er med dette både norsk, svensk og internasjonal champion! Gratulerar Ingrid og Arnfinn.

20.12.08
Vårin og Castor har vore på Setskog på utstilling. Svart Hunden's Castor blei der beste svarthunden og fekk CERT. Vårin fekk 1 premie og blei nest beste tispa.
Bilde av Vårin
06.12.08
Prøver heile tida å få laga litt video frå opplevingar i jakt og hunde samanheng. Har lagt nokre av desse ut på YouTube. Oversikt over desse ligg under "Video" (døme http://www.youtube.com/watch?v=h-to80WsVrk)
Foredraget frå Viltseminaret ligg på fylgjande link http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/9128995.PDF
30.11.08
Jaktprøvar i Kvinnherad og Vårin går til 90 poeng og første premie. Svarthunden's Falder (9mnd) får 82 poeng og første premie.
24.11.08
Svarthunden's Eyda (Kimber, 9mnd) går jaktprøve i Notodden med 1 premie og 82 poeng.
23.11.08
Vårin har vært på Gols utstillinga og enda opp med 1 premie og Ck og 3BKK. Svarthunden's Eyda (Kimber) fekk og 1 premie, Ck og 2 BKK.
09.11.08
Fekk melding om at kvelp (Svart hunde's Ekko) frå siste kullet til Ville (Carex) blei beste Junior i Trøndelag på utstilling.
Samstundes har Svart hunden's Dino gått jaktprøve og er innstillt på premiering. Gratulasjonar til Trøndelag...
09.11.08
Fortset med god jakt på Storhaug. Blei 3 dyr i helga og me rundar nå 15 dyr totalt. Rune fekk ein kjempestart på karrieren som hjortejeger. Laurdag fellte han fyrst ein åringsbukk før han seinare fekk ein flott kronhjort. Bukken blei teken på høgaste toppen i terrenget, Giskanut, og kjøtet blei kløvd ned på ein flott Nordlandshest (på biletet ser me Rune, Leiv Trygve, Haktor og Tuva).
07.11.08
Ny hjort på Vårin. Flott innpåstilling og perfekt oppførsel når ho fekk sjå bukken. Det er det 6 dyret hittil i år.
04.11.08
Har blitt forespurt om å halde foredrag på "Viltseminar" i Sunnfjord.
01.11.08
Nå byrjar det verkeleg å bli fart i hjortejakta på Storhaug. Siste veka har me fellt 8 dyr noko som er svært bra med tanke på at kvoten i heile fjor var 10 dyr. Laurdag hadde me ei særs vellukka fellesjakt der me såg over 50 dyr og fekk fellt 4. På toppen av alt var det hjortebrøling bortimot heile dagen.
21.10.08
Ny tur til Fyresdal med flott vær og mykje natur. Desverre så er det merkbart mindre med elg. 6 jegrar og 4 svarthundar gav ikkje oss ikkje meir enn elgkontakt 2 gonger. Effektiviteten med hundar var god då me i begge desse tilfella klarte å felle elg.
Bildet under viser Vårin foran piggoksen (155 kg) ho og Simba fann......
07.10.08
Eirik og Vårin er på Hjortejakt (meir på jaktsida)
05.10.08
Heim frå Fyresdal som i år blei heller mislukka i jaktsamanheng. 8 jegrar og 6 svarthundar var til liten nytte når kvoten som stod att var ungdyr og okse. Enten var oksen for stor (maks 8 spir) eller så stod han på naboterrenget. Ungdyra har vist ikkje funne ut kor flott det er på høgfjellet i Fyresdal for dei glimra med sitt fråvær.
15.09.08
Vurderar å tilby guidet bandhund jakt på hjort http://www.finn.no/finn/object?finnkode=14747653
13.09.08
11.08.08
Fekk melding om at Svart Hunden's Dina er norsk utstillingschampion (NUCH). Store gratulasjonar til Finnmarksvidda og Asbjørn Guttorm.
11.08.08
Svart Hunden's Daro har gått sin første bandhundprøve og er innstillt til 1 premie og 88 poeng. Dommar var sjølvaste Roald Nordmo. Kan nevne at Daro har vært på utstilling to gonger og har fått 1 jkk og 1 ukk på desse. Me gratulerar Sivertsen i Mosjøen så mykje med svært gode resultat.
10.08.08
Har gått bandhundprøve på Golsfjellet med Vårin. Fekk kun eit elgarbeid under vanskelege forhold. Mykje nedbør og vanskeleg vind. Vårin tok sporprøvebevis og er nå godkjent ettersøkshund.
09.08.08
Bandhund NM er i full gang på Dovre med Gudbrandsdalen Elghundklubb som arrangør. Eg er dommer og har fått tildelt terreng på Lesja. Kombinasjonsterreng med både hjort og elg. Desverre så viser det seg at terrenget mitt inneheld lite dyr og det vert mykje leiting og søk desse to dagane i skogen. Var og så heldig å få gå med begge dei kvinneleg deltakarane på arrangementet. Svært dyktige jegrar som samarbeidar svært godt med hundane sine.
Resultat frå NM http://www.gehk.no/nm08/resultat_sammen.asp
Feltskyting.
Dei 30 obligatoriske treningsskota blei avlagt i Rosendal. Resultatmessig over all forventning då eg var beste skyttar på hjortefiguren (146 m avstand). Treningsgrunnlaget var heller dårleg då eg ikkje har løyst skot sidan eg fekk siste hjorten 07.11.07.
http://innsida.no/nyhende.asp?art=14227&sek=1&usek=1
05.05.08
Fort Hjort Nana, (mor til Vårin) fekk CERT på NKK utstillinga i Kristiansand i helga. Med dette blei ho Jaktchampion og våre gratulasjonar går til Morten Elgaaen.
24.04.08
Svart Hunden's Dina var på NKK utstillinga i Harstad laurdag 19.april og fekk CERT, CACIB og blei best i rasen BIR. Gratulasjonar til Finnmark og Asbjørn Guttorm.
18.04.08
I dag har med fått ein ny jeger i familien. Eirik har gått kurs og bestod jegerprøven i dag. Det vert skummelt å være hjort til hausten (”Fjør” jakt er tydelegvis lite aktuelt for ”poden” som vert 16 i august)

Biletet er teke søndag 20.04 på Ulvanosa (1247 moh. med Geitadalstinden og Hardanger Fjorden i bakgrunnen). Dei tre "Svarte" er Simba, Ville og Vårin.
05.01.08
Svart Hunden's Benja og Serinabakkens Carex har fått eit kull på 4 tisper og 3 hanner. Gratulerar Solveig og Rune som ferske "besteforeldre".
04.12.07
Svart Hunden's Castor og Svart Hunden's Dixie har gått på jaktprøve og begge vert innstillt på god premiering (endeleg resultat vert avgjort i dommarrnøte). Kan nevne at Castor med første gongs bandhundeigar i ein alder av knapt eit år fann 13 hjort.
24.11.07
Svart Hunden's Dino blei BIR (Best i Rasen) og fekk tittelen Norsk Vinnar i Vikingskipet, Hamar.
.jpg)
Foto: Ralp Campbell
23.11.07
Svart Hunden's Dina har gått til 1.premie på jakt med 82 poeng (9-7-9-9-7). Ein kjempeflott prestasjon på ein unghund som knapt er eit år gammal. Gratulasjonar til Finnmark og Asbjørn Guttorm.
21.11.07
Aisa har fått løpetid og ligg 5 dagar etter Ville. Lukkast Carex med jobben så vert det kull den 07.02 med levering 03.04.
17.11.07
Endeleg har Ville fått løpetid.
Går alt som planlagt vert det kvelpekull den 02.02 med levering 29.03.
16.11.07
Tilbakemeldingar frå kvelpekjøparar som har gjort det svært bra i det siste...
04.11.07 Sør-Trøndelag Elghundklubb (Løkken) Svart Hunden's Dino BIM (Best i Motsatt)
11.11.07 Hallingdal Og Valdres Elghundklubb (Gol) Svart Hunden's Benja CERT+BIR (Best i Rasen)+ 2x1pr. jakt.
17.11.07 Lillehammer Og Omegns Jff Svart Hunden's Donna BIR + BIG (Best i Gruppa)
17.11.07 Nord-Trøndelag Elghundklubb (Høylandet) Svart Hunden's Daro 1.premie (meget lovende ref.dommar)
07.11.07
Kanskje ikkje den største, men det blei min og Simba sin første 12-takker. Bukken har vore i same området sidan eg høyrde han 4 oktober. Han har hatt ei aktiv brunstid med mykje dyr i nærområdet og var det greit å avslutte årets jakt med eit noko større dyr (dagen før såg eg ein større bukk som eg videofilma).
I tillegg til denne bukken har me i år teke 6 dyr med ei snittvekt på omlag 35 kg. Dette har vore ein heilt bevist politikk i valdet der må prøver å ta ut mindre dyr medan me sparar større avlsdyr. Fortsatt er det diverre mykje små dyr att i terrenget. Siste jaktdagen såg eg totalt 21 dyr før eg fekk sjå bukken (hadde kun bukk att på kvota).

14.10.07
Om nokre dagar er Vårin eit halvt år gammel. Eg synes ho ser svært lovande ut og har det beste av foreldra når det gjeld eksteriør. Det vært spanande å sjå om ho og innfrir når det gjeld jakteigenskapar. Bilete på "Vårin" sida.
12.10.07
Ein time effektiv jakt i naboterrenget lenger nord så gjekk bukken i bakken. Kombinasjonen god bandhund og litt "lokking" fungerte også denne gongen.
09.10.07
I dag trur eg det blei født ein ny bandhundjeger(omsider). Far min skaut ein hjort etter eksemplarisk arbeid frå Aisa...(fyrste hjorten deira). Kan og nevne at jegeren fekk øydelagt heile jaktsesongen i fjor då han var sengeliggjande med dårleg rygg.
07.10.07
Jakta går svært bra og Simba er i storslag. Mykje hjort og mange sjangsar når me er på skogen. I dag blei det double (åringskolle og bukkekalv). Begge blei skotne etter ypperleg bandhundarbeid på omlag 30 meters hald utan at dei var oppmerksam på oss.
30.09.07
Elgjakt i Fyresdal. Reiste austover med ei kvote på 3 dyr, fekk 3 dyr men har fortsatt to dyr att på kvota...
Forklaringa er at me fekk tildelt eit ekstra dyr samt at eg skaut ei halt elgku. Sistnevnte hadde ein gammal skade i låret noko som medførte at me fekk ho gratis og utanom kvote.
Simba har nå villrein, rådyr, hjort og elg på kontoen. Finnes det nokon rase som er meir allsidig på storviltjakt ?
27.09.07
Hjortejakt og rådyrjakt på Frette. Svarthund fungerar på det meste og me fekk skote eit rådyr (anbefalar sjølvsagt ikkje rådyrjakt på yngre hundar som ein planlegg å nytte på jaktprøve).
16.09.07
Svart Hunden's Brage til Arnfinn Kullerud blei BIS (Beste hund) på Follo og Østfold EHK si utstilling for elghunder søndag 16. September 2007. Gratulerar!
27.08.07
Svarthunden (Simba) fungerte utmerka som bandhund under reinsjakta i helga. Bukken på bildet under stillte me inn og hadde på 15 meters avstand (sikre kjelder med mykje sameblod meiner at han strekar 120 kg). Meir på Jaktsida...

18.08.07
Har vært i skogen med ein av dei flottaste juniorane eg har sett (fant 3 hjortar).

16.08.07
Svært gode tilbakemeldingar frå "B" kullet når det gjeld jakt. Binna og Birk har gått til 1 premie. Benja har gått to-dagars med elgkontakt begge dagane og ein fornøgd eigar. Bess har blitt 100% etter skaden (blei påkøyrd) og fungerar svært godt i skogen. Ho er den 11 kvelpen etter Ville med HD status A (av totalt 11 som er HD fotografert).
12.08.07
Svart Hunden's Astor blei beste hund på Hordaland Elghundklubb sin samla jaktprøve på Voss. Totalt starta det 14 hundar denne helga. Det er andre året på rad Eidfjordingen Ragnar Hereid og Astor vinn klubben si jaktprøve. Gratulerar!
26.07.07
Vellukka ettersøk etter påkøyrd hjortebukk.

25.07.07
Planlegg kull til hausten og har gjort avtale med eigarane av Serinabakkens Carex om å nytte han til Ville og Aisa. Mange positive tilbakemeldingar på at dette bør være ein bra kombinasjon. Carex blei nest beste hanhund på Svarthundtreffet og har 5 CERT. Meir info på "Kull" sida.
Vårin (vår nye tispekvelp) har fått eiga side.
08.07.07
Svart Hunden's Dana blei BIR i Kristiansund. Gratulerar.
17.06.07
Henta ny kvelp i Telemark i helga (Simba + Nana). Eit vanskeleg valg mellom 3 flotte tispekvelpar. Me enda opp med den som var heilt svart. Ei modig lita dame som hadde full kontroll på situasjonen i møte med familien sine vaksne hundar.

05.06.07
Laurdag 02.06 blei Svart Hunden's Brage best i rasen (BIR) på NKK si utstilling i Drammen. Brage fekk og CERT og CACIB
27.05.07
Svarthundtreffet i Hordaland er gått inn i historieboka som ei av dei største hendingane i Norsk Elghund Svart si Historie. Aldri før har det vært samla så mange Svarthundar av så høg kvalitet tidlegare.
Totalt var det påmeldt 59 Svarthundar på utstillinga i tillegg til at det deltok fleire avlshundar på treffet.
Best i rasen (BIR) og best i show (BIS) blei junior tispa Belle reg.nr 09759 etter NUCH NV-04-06 Varg av Elgberget og Tille av Harvehaugen (Tille er heilsyster til Ville).
Best i motsatt (BIM) INT NUCH SUCH NJCH SJCH NordV 06 Marco av Elgberget etter Joker og Ronja. Seinare under avlshund mønstringa blei Marco kåra til beste Svarthund.
Kan nevna at me har møtt Marco ein gong tidlegare i Vikingskipet, den gongen var det Simba som trakk det lengste strået og blei Norsk Vinnar (far til Simba, Dino, er oldefar til Marco).
Gratulerar så mykje og spesielt sterkt av Pål Asbjørn og Hege Kullerud som er sterkt involverte i begge desse hundane (Kennel Elgberget)
Det draup litt heider og verdighet på oss oppi all den austlandstriumfen. Gamle Simba klarte å tukta mange unge fremadstormande med ein flott 3 plass. Sterkt gjort av ein 10-år gammal veteran (han blei slegen av Marco og Serinabakken-Carex). Aisa fekk 3 plass etter Belle og Maija av Harvehaugen medan "gamle mor Ville" (mor til 23 kvelpar) klarte 4 plassen.
I knallhard konkurranse med kennel ”Frolingen” (Arve Flatås) blei Kennel ” Svart Hunden” beste oppdrettar medan Ville blei beste avlshund. Bildet under viser 4 flotte avkom med 4 staute karar (frå venstre, Svart Hunden’s Buster, - Aisa, - Brage og - Astor).

Svart Hunden's Benja gjorde det og svært godt på utstillinga med CK og 2 plass i brukshundklassen men diverre så var det kun plass til 4 avkom i avls- og kennelmønstringa.
Utstillingsresultata medførte at både Benja og Buster blei godkjent som avlshundar.
Resultat frå utstillinga blir lagt ut på Hordaland si heimeside så snart som mogeleg.
10.05.07
Svart Hunden's Buster og Svart Hunden's Benja er begge HD røntget og har fått status A (Fri). Gratulerar.... Av Ville sine 23 kvelpar er nå 10 røntgenfotografert. Alle 10 har fått status A (fri). Siste kullet (7 kvelpar) er for unge til å fotograferast. Tek ein høyde for dette har kvelpekjøparane vore svært flinke til å fylgje opp, samt at statistikken for Ville når det gjeld HD er meget bra.
09.05.07
Frøya og NUCH Svart Hunden's Astor har fått 7 kvelpar (6 hann og 1 tispe). Frode Hernes (Voss) har tlf. nr. 56 51 87 23.
05.05.07
Det ligg an til "Verdensrekord" i Pinsehelga. Aldri før har så mange Svarthundar vært samla på ein stad. Det er nå over 50 påmeldte hundar til Svarthundtreffet. Det kjem besøkjande frå Finnmark i Nord til Tyskland i sør....
04.05.07
Trivelig tilbakemelding frå Leif Arne Sivertsen. Svart Hunden's Daro blei beste kvelp med Frank Christiansen som dommar. Broren Dino fikk 3BIS på Selbu forrige helg. Der deltok og Donna frå samme kullet som gjorde det meget bra. Gratulerar
04.05.07
Svart Hunden's Brage og Ronja fekk 4 kvelpar (3 hann og 1 tispe).
29.04.07
Bandhundkurs i Tveitedalen. Simba fungerte meget bra i skogen på søndag og var i kontakt med dyr to gonger. Trivelig dag på skogen med to meget erfarne jegrar som deltakarar.
23.04.07
Hei
Syv svarthundvalper født i natt etter Svart Hunden's Brage og Tussi av Elgberget,
kullsøster av Pål Asbjørns Varg.
To tisper og fem hanner, alle sterke og sunne, ser det ut til.
Jeg har kjøpere til begge tispene og to hanner, de tre siste hannene går nok
unna, de også.
Vet du noen aktuelle kjøpere, gi gjerne beskjed!
Arnfinn Kullerud kullskogen@hotmail.com
19.04.07
Simba er bltt far til 4 tisper og 1 hannhund. Desverre så fekk Nana problem under fødselen og 1 tispe og 1 hannhund var dødfødt. Tilbakemeldingane er gode og det er svært lite kvitt i kullet. Eit jevnt kull der ei av tispene er noko mindre enn dei andre.
14.03.07
Fekk eit flott bilde og ei trivelig melding. Svart Hunden's Aron og Frøya til Frode Hernes har hatt eit vellukka treff. Håpar det vert mange små svarte på Voss.

24.02.07
Fort Hjort Nana (Bilde) har vore på vestlands besøk. Har Simba lukkast så vert det kvelpar i Telemark hos Morten Elgaaen. Nana er ei triveleg tispe med svært gode resultat på jaktprøve og utstilling.

02.12.06
Hjortejakta blei avslutta med krykker og sjukemelding. Ramla og reiv av ein muskel i låret. Hardt å drive med "Risikosport".
01.12.06
Utvida hjortejakt på Frette.
Det blei desverre ikkje kvelpar på Simba og Ronja.
19.11.06
Kvelpane er nå levert og Aisa har returnert til Utåker.
15.11.06
Siste jaktdagen på Storhaug. Eg og Simba ser totalt 13 dyr. Ingen av desse er bukken som me har att på kvoten.
11.11.06
Blei ikkje hjort i Etne men muligheten var der. Hadde kun løyve på bukk. Fekk debuten som rådyrjeger laurdagen.
09.11.06
Feriedag og første snøfallet. Utruleg fasinerande å sjå korleis hunden jobbar når "fasitten" ligg rein og kvit.

Meir om turen under jaktsida. I morgon er det ny "feriedag" og tur til Frette. Der står det fortsatt ein bukk og ventar....
05.11.06
Ei svært våt jakthelg (flott bandhundvær) som enda opp med ei kolle. Flott overværsarbeid av Simba og innpåstilling på 2 koller og 8 takker i Tjødnabotnen. Bukkane har me freda i denne delen av terrenget så då blei det ei kolle i staden. Såg totalt 6 koller i dag men ingen bukk og kalv som er det som er att på kvoten.
17.10.06
Denne veka har eg vakt i ettersøkslaget i Kvinnherad kommune. I går blei me utkalla og det enda opp med to påkjøyrde Koller. Den fyrste "traff" eit vogntog på Lyngstrand. Dyret måtte kasserast. Andre dyret blei påkjøyrd i Teigen seint på kvelden (meir på "jakt" sida)
13.10.06
Eg og Eirik skal til fjells for å jakte hjort. Me planlegg og overnatte på hytta. I fjor blei det uttelling då me fekk ein liten bukk etter overværsarbeid og innpåstilling. Det var fyrste hjorten for Eirik og Aisa..

08.10.06
Det var lite brøling på hjorten. Sannsynlegvis gjorde det dårlege været med mykje regn utslag. Eg og Haktor jakta heime i dag. Haktor skaut ein liten åringsbukk. Eg og Simba hadde ei skikkeleg innpåstilling på kolle med kalv.
01.10.06
Heim frå svært vellukka elgjakt. Eg, Simba og Alf fekk fleire innpåstillingar i tett skodde på laurdag. Alf fekk oppleva ein god bandhund i stor slag. Med kartplottar (GPS) og radar (hund) lukkast me til slutt med ku og okse i 200 kg klassen. Sjølvsagt var dette så langt inne i terrenget at me ikkje var ferdige med slakting og uttransport før langt ut på natta.
14.09.06
03918/04 Svart Hunden's Astor er blitt utstillingschampion (NUCH). Me gratulerar.
??????nt??