|
![]() Narembeen Finn Narembeen på kartet |
AUSSIEAR FRÅ AURLANDNo bur me i ein liten by som heiter Katanning. Byen ligg 29 mil sør-austover frå Perth og 23 mil nord for Albany. Her bur rundt 5000 menneske. Katanning ligg i Great Southern Region. Slagordet til Katanning er Heart of the Great Southern og i kommunevåpenet er det bilete av noko så fint som ei svart svane. Katanning er eit fleirkulturelt samfunn. Her er aboriginarar og folk med asiatisk, afrikansk og europeisk bakgrunn. I 1974 flytte mange muslimar hit frå Christmas - og Cocos Islands. Desse øyane er ein del av Australia. Klasseskiljet er større enn det me er van med. Spesielt verkar det som om mange aboriginarar fell utanfor. Me synest folk i Australia er hyggelege og gjestfrie. Muslimane har bygd moské, og dei har eigen skule for ungane sine. I tillegg til moskèen, kan Katanning mellom anna by på 17 kyrkjer, ein katolsk skule, ein kino, eit fint bibliotek og mange fine sportsanlegg. Sauehald og korn er det viktigaste næringsgrunnlaget. Byen er ein av dei verkeleg store salsstadene for sau. Kvar onsdag er det salsmesse, over ein million sau skifter eigarar her i løpet av året. Elles er det ein del kveg i området, og slakteriet er den største arbeidsplassen i Katanning. Den svarte svana er likevel ikkje det einaste eksotiske i området. Sør for Katanning er det store vinhagar og mykje god vin kjem herifrå. Naturen er svært annleis enn i Aurland. Landskapet er flatt, med små, spreidde skogholtar av eukalyptus. Me har vorte imponert av eit variert dyre- og planteliv. Spesielt våren her har vore ei oppleving av dei store. Me har teke mange bilete. Om du vil sjå nokre av desse, kan du klikka på lenka til venstre. Dette er Borghild, Gaute, Sjur, Trygve og Kari. Klikk på eit av bileta, og du vil få vita litt meir om oss.
![]() Sida er oppdatert den 20.05.2001 |