|
|
"Glopperaddane" fotografert på ein blåtur til Jostedalen.
|
|
|
Speleoppdrag på "Skogadalsbøen" med gode venner. Frå venstre: Tore Drageseth, Georg Kvame, Bjørn Ravnestad, Kristin Drageseth og Ingrid Fjellestad. Sjetraddane var forøvrig eit av dei fyrste gamaldansorkestra som tok i bruk høgdetrening i tilfelle vi skulle delta på meisterskap arrangert høgt til fjells.
|
|
|
Eit velkjent duettpar i ei årrekke, Arve B. Røneid og Rune Bergheim, her på besøk på "suiten" vår i Ulvik under vestlandsmeisterskapen.
|
|
|
|
|
|
På "Folkemusikk treffen i Vågå 2000" har Sjetraddane vore fast innventar dei siste åra. Oddbjørn Ramstad (t.h) har vore med som "guide" opp til fleire gongar, sidan han opprinneleg kjem frå Skjåk og er lokalkjent på desse kantar!
|
|
|
Dette er eit historisk bilde frå titanofestivalen i 96. Her ser ein faktisk Eivind, i det han kjøper heliumsballongen Arild.
|
|
|
Titanofestivalen-96 Sjetraddane enda til slutt på ein 6.plass i klassa for reine durspel orkestre dette året. Etter å ha framført eit par mindre heldige slåttar i finalen, som etter uttalelsar frå dansarane burde kome under sjangeren "moderne dans" eller "brakedance", måtte vi sjå oss slått av dei andre fem orkestra. I ein finale som hovudsakeleg besto av vestlandsorkester. (3-B, Arnagjengen, Tine's og Sjetraddane)
|
|
|
Sjetraddane på speling i Hornindal, medan vi framleis var kvartett, og Eivind framleis hadde horn!! Desse har han no av praktiske årsaker (plassmangel) valgt å fjerne. Til stor lettelse for resten av orkesteret som no har fått mykje beire plass i "band-bussen"!!
|
|
|
Aslak Hilde (på trekkspel) som spelte saman med Bjørn i "Kandal's orkester" var også med ein periode! Aslak går forøvrig under dekknavnet "Heliumsdrakedreparen". Dette fordi han har fått skulda for å ha tatt livet/lufta ut or maskoten vår (heliumsballongen "Arild")
|
|
|
I 1997 måtte Sjetraddane stå over Titanofestivalen, grunna speleoppdrag i Kalvåg. Etter dette har speleoppdrag som koliderar med Titano utgått. (Terje Ness var med på trekkspel, som "stand in" for Aslak Hilde)
|
|
|
Eivind prøvde lenge å innføre "akustisk" bassgitar i orkesteret, i staden for "storfele". Dette hadde han kanskje klart om han hadde kjøpt seg ein bass det var antydning til lyd i!! Vi andre i orkesteret har mistanke om at det ikkje var lydkvaliteten som gjorde til at Eivind ville innføre instrumentet, men rett og slett plassmangel!!
|
|
|
Jørn Moen (ved trommene) er ein god venn av orkesteret. Jørn skriv mykje musikk sjølv, og Sjetraddane har ved fleire høve fått glede av å få samarbeide med han. Då går vi under dekknavnet "THE TEA PARTY TERROR BAND". Om dette er fordi vi drikk mykje "Te-knekt" på øvingane eller terroriserar "heimeåleinefestar" med hallskeive sjølvkomponerte "fest truddeluttar" skal vere u-sagt!!
|
|
|
Vestlandsmeisterskapet i Ulvik 99. Sjetraddane dreiv då og spele inn plata "Greatest hits vol 1", og var oppspelte. Så det vart sølv dette året!!!
|
|
|
Marianne er "manageren" for Sjetraddane, og sjølv om ho ikkje spelar noko instrument, er ho like fullt ein "sjetradd"!! Som du sikkert ser på bilete, brukar Marianne kvar ei ledig stund ho har til å "booke" oss inn på oppdrag i forskjellige land og verdsdelar!!
|
|
|
Sjetraddane under dansespeling på folkemusikk treffen i Vågå.
|
|
|
Vorspiel til julebord 99. Som var avslutninga for 99.sesongen. Plata var no byrja å ta form, å vi var godt nøgde med det vi hadde fått gjort dette året!!
<<< Tilbake |