heim
om forfattaren
bøker
Pode
kontakt
linkar
unyttig info
 

Han er fødd i 1971 i Bergen, men er oppvaksen i Kvinnherad kommune. Der sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes.

Seinare har han budd både på Voss og i Trondheim, men no bur han og familien på Halhjem utanfor Bergen. Kona hans heiter Frøydis Flotve og ungane hans heiter Daniel, Veronika og Jonas.

Då han såg ET på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko for han. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å laga film slo han seg til ro med diktekunsten.

Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.

 

 

 

Bildetekst
Bildetekst