![]() |
|
Andre sider vi har
Andre lenker |
Her ser du familien vår, og nedanfor finn du litt meir informasjon om oss. Til venstre finn du lenker til ein del historisk informasjon som vi har samla, og lenker til interessante sider om lokalsamfunna vi kjem frå. Vil du skriva i gjesteboka vår? |
Vi møtte kvarandre medan vi budde i Oslo. Olaug var då sekretær ved Undervisningskontoret i Postdirektoratet og tok artium på kveldstid. Theodor studerte ved BI. Han tok siviløkonom-eksamen i 1971, vi gifte oss og han fekk jobb i Akergruppen same året.
I 1975 fekk Theodor jobb i Stord Elektro AS (seinare Aker Elektro og Aker Kværner Elektro). Vi flytte til Stord, og kjøpte nytt hus i Hjortåsen 45 same året. Det låg i Kårevik, nedanfor Heiane Industriområde. I april 2007 gjekk Theodor av med AFP pensjon, og sommaren same året fekk vi endeleg lov å byggja nytt hus på eigedomen vår i Imsland. Vi sette i gong med bygging, og huset vart ferdig sommaren 2008. Huset på Stord selde vi og flytta ut i slutten av oktober 2008. Olaug har fått seg hybel i Moldmyrvegen, ikkje langt frå der vi budde, og vil halde fram med vekependling til ho går av med AFP i juni 2009
Olaug er sekretær både ved Sagvåg skule og ved Litlabø skule.
Theodor er pensjonist og brukar det meste av si tid til vedlikehald og hobbyar knytt til eigedomen vår i Imsland.
Du kan nå oss slik:
Eldsteguten Lars vart fødd i Oslo i 1973. Han vart sivilingeniør i 1997 og tok doktorgrad i 2002. Han er nå (2009) ansatt i Cybernetica AS. Lars møtte Ann Irene Aunan i Trondheim, og dei gifte seg i 2001. Dei flytta inn i nytt rekkjehus på Granåsen i Trondheim i 2007. Adressa er: Wilhelm K Størens veg 14, 7048 Trondheim.
Ann Irene er cand.polit med hovudfag i pedagogikk. Ho er nå (2009) rådgjevar ved PPT-kontoret i Malvik KommuneDei har overteke småbruket på Frosta der far til Ann Irene kjem frå, og er byrja med restaurering av gamle bygningar. Dei er nå ferdig med hovedhuset utvendig og er godt igang inne (2009). Nydeleg stad. Noko av jorda leiger dei ut til golfbane, og Lars er blitt golfspelar.
20. desember 2004 vart Torjus Elias født. Han vart døypt i Imsland kyrkje.
27. juni 2008 kom Emma Oline til verda. Ho vart døypt i Frosta kyrkje.
Martin vart fødd på Stord i 1975. Han er ingeniør og arbeider nå (2009) som planleggar hos StatoilHydro i Stjørdal.
Han møtte også ei trønderjenta, Anita Myhr Lian frå Levanger. Dei flytte saman i 2001 og budde i Stavanger. Der fekk dei vårt første barnebarn, Iselina 19. desember 2003. Ho vart døypt i Okkenhaug kyrkje i Levanger.
Anita er sjukepleiar med mastergrad i Samfunnssikkerhet. Ho arbeider nå ved Levanger Sjukehus
21. september 2005 vart Martine fødd, og dei gifte seg i Levanger kyrkje samtidig som Martine vart døypt. 17. september 2007 kom Erik til verda. Han vart døypt i Levanger kyrkje.
Dei første åra budde familien i Stavanger, men i 2007 flytte dei til Levanger og kjøpte seg hus i Skolevegen 14, 7600 Levanger.
Yngstemann Geir Inge, fødd i 1982. Han har gått på Høgskulen i Bergen på Datalinja og tok mastergrad i 2007. Han har fått jobb i Aker Solutions AS i Bergen.
I Bergen møtte han Kristine Aasheim frå Stord, og dei gifte seg i Imsland kyrkje i Juni 2008. Kristine er sjukepleiar og arbeider på Haukeland Sjukehus.
Hausten 2008 flytte dei inn i nytt rekkehus i Folldalen, Folldalsheia 28a, 5239 Rådal.
Familien er så heldig å ha ein eigedom ved Imslandssjøen i Vindafjord. Eigedomen har tilhøyrt familien sidan 1800-talet og Theodor overtok denne ved arv i 1954. (Her er litt historisk informasjon).
Vi byrja å bruke staden som fritidsbustad då vi flytte frå Oslo i 1975. Husa var då i heller dårleg forfatning, og seinare har dei fleste helger og mesteparten av feriane gått med til å setja i stand alle husa på staden og stella området ellers.
Heile familien har vore nødde til å ta sine tak. Ellers ville vi ikkje fått dette til. Turane til Imsland kvar helg, vart etterkvart rutine.
På eigedomen står det eit våningshus med ei gamal krambu i eine enden, ein verkstad og vedaskut, ei gardsag (som fortsatt sviv), eit sjøhus og ei løa.
I 1999 var vi stort sett ferdige med å vøla alle husa utvendes, og vi var ikkje lite stolte då vi fekk tildelt byggeskikk-prisen frå Vindafjord kommune for 1998.
Då Theodor som skuleelev hadde sommarjobb i "Bjellands-heien" – frukthagen til Oluf og Inger Bjelland - greidde dei å vekkja interessa hans for frukt. I bakkane på Imsland har han derfor etterkvart planta mange fruktre av dei fleste slag. I tillegg har vi dei fleste bærbuskar, druer og kvar vår set vi poteter og plantar grønsaker.
Her har vi hatt ein nydeleg feriestad om sommaren. Badestrand nedanfor huset, båtar med påhengs for fiske og turar, seglbrett, segljolle, vannski, fint turterreng og kort veg til skianlegga i Suldal og Sauda; og ikkje minst samkvem med slekt og vener.
Dei siste åra har det modnast ein tanke om å flytta heim til Imsland, når vi vart pensjonistar. Vi søkte om byggjeløyve, men fekk avslag i første omgang, grunna at kommunen arbeidde med ein verneplan for Imslandsjøen. Men til sist fekk vi lov. Og då Theodor tok ut AFP pensjon i 2007, starta me opp med bygging av nytt hus på eigedomen vår. Huset vart ferdig til ferien 2008 og utover hausten flytte vi gradvis over i det nye huset. Vi melde formelt flytting 30 november. Vi synest det nye huset glir fint inn i det gamle bygningsmiljøet på staden.
Kvart år må vi også ha fleire turar til Struen i Bremanger, der foreldra til Olaug har ein liten gard. Løa er til venstre i biletet og våningshuset i midten. Det har vore tradisjon å vera med i slått-onna og halda vedlike evna til å setja opp ei hes, rista opp gras og hesja, og slå med langorv og stuttorv. På fine kveldar hentar Olaug "bøke-haud" nede på bua, bankar dei mjuke med øks på ein stein og nyt smaken av torsk, hav og vind.
For eit par år sidan fekk Olaug og 2 av søstrene kvar si hyttetomt på garden, samstundes med at eldste søstera overtok småbruket. Saman med Øygunn og Jan byrja vi straks med grunnmur, vatn, straum og kloakk. Vi leigde folk til å reise hyttene, men gjorde alt innvendig arbeid sjølv. Morfar var til stor hjelp, og har mellom anna fora ut og lista alle dører og vindauger i hytta.
Sommaren 2004 kunne vi flytta inn i hytta vår i Råtevikja. Øygunn og Jan si hytte i Gardsåkerbakkjen vart ferdig til jul same året. To år etter var Tordis og Kåre også klar til innflytting. Hyttene ser du på biletet til høgre. Vår hytte ligg i midten. Det har vore travle dagar i Bremanger, men karane har funne tid til avkobling av og til.
Hytta ligg i sjøkanten med utsikt ut mot opne havet. I vinterhalvåret ser vi sola går ned i havet i utrulege fargar når været er lageleg.
Adresse: Imslandsjøen, 5583 Vikedal
Telefon: 527 60 268
Mobil-telefon   : 917 53 446
E-mail: theodori@online.no
Oppdatert januar 2009
Tilbake til toppen
Flags courtesy of ITA's
Flags of All Countries used with permission.