Oppsummering av stortingsvalet 2009
For noen
år sidan hadde vi ei teikning av partia på ein valstand i Åsane i Bergen. Alle
partia, unntatt Raud Valallianse, var teikna som eit mangehoda troll der kvart
hovud hadde sin særskilde karakteristikk og rolle, men der alle var festa til
den same trollkroppen.
Det
sentrale trekket med alle dei nemde partia var og er at dei alle er del av eit
fellesparti og at dette fellespartiet har som mål å halde oppe det
kapitalistiske systemet. Dei viktigaste skiljene mellom partia dreier seg om
korleis dei vil gjøre dette, kven dei vil ha med seg på dette og korleis dei
fortel folk om dette. Elles er alle desse partia sin propaganda prega av at dei
ikkje fortel at hovudoppgåva deira er å halde oppe kapitalismen, men av at dei prøver
å gi inntrykk av at alt dei gjør og seier skjer ut frå den målsettinga at det
skal gagne heile folket i landet best mulig. Noen av partia er klårere på den
virkelige hovedoppgåva si, slik som Høgre, men dei fleste tåkelegg dette mest
mulig, eller framstillar kapitalismen frå sine aller beste sider, utan å nemne
hovudtendensane i han.
Det
einaste partiet som har ei anna klårt formulert oppgåve, nemlig å arbeide for
ei oppheving av kapitalismen gjennom ein stor arbeidarrevolusjon og overgang
til eit klasselaust, kommunistisk samfunn, er Raudt. Dette er det store
grunnleggande skiljet på Raudt og dei andre partia og det er det som gjør Raudt
til det einaste verkelige opposisjonspartiet mot kapitalen og kapitalismen og
den kapitalistiske staten. Dette gjør også at reformpolitikken til Raudt er det
motsette av dei andre partia sin reformpolitikk. Raudt sine reformar tar
utgangspunkt i dei kampane arbeidsfolk og andre fører mot problem som kapitalen
skaper. Verkeliggjøringa av målet med desse kampane er løysing på desse
problema. Dei kan strategisk sett bare løysast med oppheving av det systemet
som skapar dei, nemlig kapitalismen sjølv og kapitalen. Derfor er det ei
direkte linje frå folk sine kampar for dei rimelige behova sineog Raudt sin
politikk for reformar til revolusjon og oppheving av kapitalen.
Alle partia
fungerer nå i ei tid då det er sannsynlig at kapitalen er inne i den siste
store geografiske utvidinga si samstundes som han er inne i ei aukande
systemkrise. Dei nye utvidingane av systemet har gitt kapitalismen ein ny giv
samstundes som krisetendensane blir stadig meir framtredande. Denne systemkrisa
gjør at kapitalen krev fjerning av alle hinder for maksimal meirverdiskaping
eller profittskaping. Og den gjør at kapitalen krev av statsapparata at dei
legg tilhøva stadig betre til rette for at dette kan skje. I Noreg er
olje-finanskapitalen den dominerande delen av kapitalen. Det er interessene til
denne som grunnleggande sett bestemmer innanrikspolitikken og
utanrikspolitikken til den norske staten.
Vi er og i ei tid der det skjer ei skakande
omfordeling av økonomiske makt i systemet. Kina stig opp som det store nye
økonomiske kraftsenteret og den store krisa som rammar USA så hardt og som Kina
taklar betre, gjør at denne omfordelinga av makt no aksellerer. Dette vil prege
utanrikspolitikken til alle land meir og meir. Krigen i Afghanistan blir meir
og meir også ein krig frå USA si side for å halde Kina i taume og å hindre at
Russland og Kina tar makta over oljeområd i verda og det strategiske beltet mot
”Midt-Austen” og Europa og Afrika. Den norske finans- og oljekapitalen, med
Hydro-Statoil (som er blant dei aller største foretaka i verda) i spissen, er
svært interessert i å stø USA i dette prosjektet fordi dei då kan blir fora med
økonomiske førmunar. Marknaden i Europaunionen, som er programforplikta på
kapitalen sin fridom i form av fri flyt av varer, kapital, tenester og
arbeidskraft har norsk kapital tilgang til gjennom EØS-avtalen.
Vi tar
altså utgangspunkt i at alle partia, unntatt Raudt, i praksis jobbar for at
kapitalismen skal få fortsette som system. Kva er då forskjellen mellom desse
andre partia? Etter mi meining er det slik at noen parti går inn for direkte å
rive ned alle hinder for at kapitalen skal kunne fungere friast mulig. Desse partia
sin grunnleggande politikk er å dekonstruere alt som hindrar kapitalen si frie
utvikling. Dei er dekonstruktørane. Frp og Høgre er slike parti.
Så har vi
parti som også vil fjerne det som
hindrar kapitalen si frie utvikling, men som vil gjøre det, ikkje ved
brutal dekonstruksjon, men ved meir lempelig omdanning i den ønskte retninga.
Eg kallar dette for deformisme og dei som går inn for det for deformistar.
Desse partia framstår då som ikkje fullt så gale som dei reine
dekonstruktørane. Men målet deira er det same om metodane skiljer seg litt. Du
kan lese meir om denne analysen her http://home.online.no/~tervalen/Refdef.htm
.
Så kan
partia gli litt fram og tilbake på skalaen frå dekonstruksjon til deform
ettersom kva som passar best for å få gjennomført det endelige målet sitt, å
legge forholda til rette for at kapitalen kan fungere best mulig.
Arbeidarpartiet
har i heile tida etter 2. Verdskrigen vore finanskapitalen sitt viktigaste
parti i Noreg. Det har vore eit reformparti. På grunn av gode vilkår for
kapitalen kunne det innføre reformar som betra folk sine levekår innanfor
kapitalen sine rammer. Så kom strukturkrisa og Arbeidarpartiet vart omdanna til
eit dekonstruksjonparti under Gro Harlem Brundtland sin fridomskampanje midt på
1980-talet. Meir om dette kan du lese her http://home.online.no/~tervalen/frihkam.htm
. Meir om politikken til Arbeidarpartiet kan du lese om her http://home.online.no/~tervalen/aa8efakb.htm
.
Dette
følgde Jens Stoltenberg opp i si første regjering med konkurranseutsetting og
privatisering av store statlige foretak og sjukehusa. Etter valnederlaget
litt ut på 90-talet la partiet om politikken sin i meir deformistisk retning,
fordi det var vanskelig for kapitalen å få gjennomført behova sine bare ved
hjelp av dekonstruksjon. Det trengs ei veksling mellom desse to formene for at
kapitalen kan vinne fram med kampen for større fridom til meirverdiskaping. Viss denne vekslinga ikkje er
mulig trengs meir despotiske politiske retningar, men dei har også viste seg å
vere kortvarige og farlige. Parti som vil reformere kapitalismen over
til sosialisme havnar lett i deformistgruppa. Når Kristin Halvorsen seier at det alltid
løner seg å investere i aksjar på lang sikt, så er det ei programerklæring for
å legge til rette for fortsatt kapitalisme. Når SV går med på å halde soldatar
i Afghanistan og kompromitterer den antiimperialistiske politikken som er
sjølve grunnmuren under heile partiprosjektet, så er det også overgang til
deformisme for å sikre gode vilkår for olje-finanskapitalen.
Senterpartiet
er eit blandingsparti av deformistar og dekonstruktørar. Krf og Venstre er også
det. Framskrittspartiet er, ut frå programmet sitt, det klåraste
dekonstruksjonspartiet. Dei vil raskast mulig bygge ned alle hinder for at
kapitalen skal få størst mulig fridom. Og dei vil at kapitalen skal overta mest
mulig av alle funksjonar i samfunnet, både dei sosial og helsemessige osb.
Dette vil sjølvsagt gi kapitalen betre vilkår mens det arbeidande folket må
bere kostnaden. Samstundes er Framskrittspartiet det partiet som er flinkast
til å gripe fatt i det eksisterande raseriet mot kapitalen og den
kapitalistiske staten og Arbeidarpartiet som blir formidla til særsaker som
ikkje kan endre systemet, men som kan gi oppslutnad om dei som kritiserer
høgast. Og så grip dei fatt i noen velferdssaker som dei vil løyse anten ved
privatisering eller ved bruk av oljepengar.
Slik eg
ser det lever vi i ei epoka av kapitalens historie der han virkelig blir det
som Marx seier, nemlig ei universell øydeleggingsmakt. Dette tyder at hvis vi
ikkje klarer å oppheve kapitalen innan århundret, så vil kapitalen oppheve
menneska sine eksistensvilkår på jorda.
Det er
faktisk vanskelig å forstå kva slags øydeleggingsmaskin kapitalen no utviklar
seg til. Men vi veit at han har skapt middel til å utrydde alt liv gjennom
spreiing av radioaktivitet ved bruk av bombar eller ”uhell” i atomkraftverk. Vi
veit at han kvart år skapar 400 nye stoffar som blir slept ut i naturen utan at
vi kjenner kva verknad dei har. Vi veit at han forbrukar råstoff i ei orgie av
nødvendig sløseri fordi stadig nye versjonar av produkt må ut på marknaden.
Berre tenk at produksjonen av ei datamaskin krev bruk av råmaterial som veger
4000 gongar så mykje som maskina sjølv. Til ei maskin på 2 kilo treng du altså
8 tonn råmaterial. For å produsere ei databrikke som veger eit par gram treng
du 1,7 kilo fossilt brensle og kjemiske substansar og 32 liter vatn. Bare ein
prosent av alle produkt brukast meir enn 6 månader etter at dei er kjøpte. (Opplysningar
frå Ecologist, July/August 2009, Designing
for Destruction av Nick Kettles.) Dette sjølvsagt fordi kapitalen må
avsette alle dei varene han produserer for å fortsette meirverdiproduksjonen i
aukt skala. Det enorme sløseriet i våpenproduksjonen må også nemnast.
Vi veit
at kapitalen skapar meir rikdom ved den eine polen og meir fattigdom og elende ved
den andre polen og stadig meir øydeleggande kriser, krigar og konfliktar.
Vi veit
at hovudmetoden for å auke meirverdraten for kvar enkelt kapital er den same
metoden som senkar profittraten for den samla kapitalen og dermed heile
tildrivet til ny kapitalistisk produksjon.
Vi kan
forlenge denne lista svært mykje, men poenget er at kapitalen er inne i ei
svært djup strukturell krise som det ikkje er noen veg ut av, utan gjennom
stadig større kriser.
Dette
gjør at oppheving av kapitalen og skaping av eit nytt klasselaust samfunn
stillar seg på dagsorden av seg sjølv. Det gjør at dette ikkje lenger er eit
langsiktig, strategisk krav som vi kan vente med å snakke om. Vi må snakke høgt
om dette og begynne å organisere kampen for det i praksis. Det tyder mellom
anna å påvise dei tette banda mellom dei daglige kampane folk fører for dei
rimelige menneskelige behova sine og opphevinga av kapitalen. Då må vi heile
tida påvise sambandet mellom desse problema og kapitalen sin funksjonsmåte. Det
tyder at vi må skolere oss i denne funksjonsmåten og spreie denne kunnskapen
mykje breiare enn vi gjør no. Og vi må seie tydelig at siger i alle dei
folkelige kampane er siger for det nye systemet. Og at den stadig breiare og
djupare folkelige kampen for rimelige, fornuftige menneskelige behov og sikring
av framtida for menneskeslekta og er sikringa mot at det oppstår nye
hierarkisk-undertrykkande system, slik vi såg det i forsøka på å skape
sosialisme i det forrige århundret.
Og så må
vi snakke ope om korleis dette må foregå i praksis. At det er spørsmål om at
det arbeidande folket erobrar den politiske makta, eller statsmakta frå
kapitalen sine representantar. Eg har tatt dette opp i denne teksten i høve
valet, http://home.online.no/~tervalen/Torstein%20paa%20Tinget%207_stat.htm
hvis du vil sjå på det.
For å
snakke kapitalen sitt språk, så er det dette som er vår merkevare, som skiljer
oss frå dei andre partia og gjør oss naudsynte på ein heilt annen måte, og som
vi må promotere over alt.
Viss vi
ikkje trekk desse linjene druknar bodskapen vår i den ramma for samtale som
kapitalen sine massemedia set, nemlig kamp for små og større saker utan å sjå
det i samanheng med kampen mot systemet – og då blir det vi gjør reformisme og
deformisme i staden for revolusjonært arbeid som virkelig kan føre oss nærare
det klasselause samfunn og gjøre det mulig å vinne fleire stemmar for dette i
val også. Då kan vi komme over frå å bli stemt på fordi vi har enkeltpersonar
som gjør ein god jobb, til å bli stemt på fordi vi er eit parti som mange
fleire forstår er naudsynt for at menneska skal ha ei framtid i det heile.
Då kan vi
oppleve at vi som parti får meir enn 73 av 3999 stemmer til stortingsvalet i
ein krets der vi har ordføraren. Vi kan oppleve at vi får meir enn 6612 stemmer
av 264 432 i eit fylke der vi har ein leiar som mange fleire eigentlig vil
ha på Tinget. Og vi kan tippe godt opp over dei 1000 stemmene til som kan
skaffe oss eit mandat i hovudstaden.
Dette er
den oppgåva vi no står framfor.
Det
krever studiar, verving av nye medlemmer, organisasjonsbygging og organisering
og propaganda langs desse linjene.
Den
oppsummeringa av valet av Wergeland og Marsdal som vi finn i Klassekampen i dag
er ei oppsummering for ei vidare utvikling av ein deformistisk politikk. Det er
og ei oppsummering full av illusjonar om kva ein kan råde den nye regjeringa
til. Erfaringa frå fire år med denne regjeringa skulle kunne ha vaksinert mange
mot slike illusjonar, men samstundes er det jo desse illusjonane deformismen
lever på og av. Valresultatet i seg sjølv viser det. For svært mange som
sympatiserer med Raudt blei likevel illusjonen om at dei kan bli redda fra
dekonstruktørane av deformistane sterkare enn medvitet om kor viktig det er å
få inn ein opposisjon mot begge desse to kapitalistiske retningane på Tinget.
Dette er også den redaksjonelle linja i Klassekampen.
Dei felta
dei nemner som er viktige i dagspolitikken skal vi likevel ta med oss i vårt
arbeid fordi dei kan vere utgangspunkt for kraftig systemkritikk og kan styrke
Raudt som revolusjonært parti:
a)
Ei
kapitalistisk utbytting som støyter ut 700 000 menneske på ulike former
for trygd.
b)
Ein
kapitalistisk marknad for bustader som kan skape dei største problem for folk (og
store finanskriser).
c)
Ein
kapitalistisk politikk for utvikling av næringar i Norge som anten stolar på
marknaden sin ”usynlig hand” eller olje-finanskapitalen sine behov for
einsretta næringsliv som hindrar utvikling av framtidsretta næringar.
d)
Den
kapitalistiske framandgjøringa som pressar folk inn i avmakt, innestengd
raseri, mistenksomheit ,marknadsavhengigheit og gjør at dei trekk seg tilbake
frå partia og valprosessen som dei oppfattar som meiningslaus leik av parti som
bare lovar og lyg.
e)
Ei
ny ”proletarisering” av partiet Raudt for å ta opp i seg fleire arbeidarar og
farga – dette er viktig å ta fatt i.
Og eg må føye til - utvikling av fleire
leiande kvinner i partiet som kan stå fram også i valkampsamanhang.
Terje
Valen, 17.9.2009