SOKNERÅDET SI ÅRSMELDING FOR ÅRET 2005 for

VIKEBYGD KYRKJE og 
KYRKJELYDEN I VIKEBYGD

Kyrkjeleg organisasjon:
Vikebygd Sokn er del av Ølen prestegjeld, i Nordre Ryfylke Prosti av Stavanger Bispedømme. Ved årsskiftet var det 505 medlemar i Vikebygd sokn.  

Vikebygd Sokneråd sitt hovudansvar er dei kyrkjelydsbyggjande tiltaka og det kristelege livet i soknet. Dei skal ha si merksemd retta mot dei arbeidsformer som her er for barn, ungdom, vaksne og eldre, i kyrkjebygget, men og i kristen samanheng elles i bygda. Noko av dette er presentert i denne årsmeldinga. 

Soknerådet hadde 7 ordinære møte og handsama i alt 50 saker. Arbeidsutvalet har hatt 4 møte. Det nyvalde soknerådet hadde eitt konstituerande møte 23. nov. Dette møtet starta med felles måltid og andakt for både det gamle og det nye soknerådet. Det var også eit fellesmøte for alle sokneråda i kommunen. Prosten har delteke ved 3 høve i møte / arrangement i bygda. Året har elles vore prega av oppgåver i samband med valet. Det har vore eitt godt arbeidsår for det kristne arbeidet i bygda.

Årsmøtet for kyrkjelyden i 2005 var lagt til gudstenesta den 27. februar, og kombinert med kyrkjekaffi. 15 personar møtte. Dette var også tillyst som soknemøte der nye prostigrenser og tenestedistrikt for prestane vart drøfta og godkjent.
  

REPRESENTANTAR I SOKNERÅDET. 
Soknerådet har hatt fylgjande samansetjing:
- Steinar Skartland - Leiar + A.U. + fellesrådsmedlem 
- Jens Tveit - Nestleiar + A.U. + Diakoniutval + varam. til Fellesråd 
- Jenny Svendsbøe - Sekretær + A.U. + Kontakt for Kirkens Nødhjelp
- Brita Laugaland - medlem + Dåpsoppl.utval+ v.m. til fellesrådet siste halvår
- Kjersti Hausberg Bjerga - medlem + Bibelkontakt + fellesrådsmedlem
- Hilde Nagel Alne - medlem + varam. til Fellesråd
- Johannes Nedrelid - Sokneprest
- Mary Tindeland - 1. varamann + Diakoniutval
- Ellen Skretteberg - 2. varamann + Dåpsoppl.utval
- Agnes Svendsbø (3.v.m.), Martha Kvamme (4.v.m.), Anne Brith Skogen Seim (5.v.m.)

ØLEN KYRKJELEGE FELLESRÅD.

Fellesrådet har ansvar bygg, eigedomar og arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette. 
Repr frå Vikebygd var:
 
- Steinar Skartland      - Jens Tveit som personleg varamann
  - Kjersti H. Bjerga     - Hilde N. Alne som personleg varamann
Då Hilde Alne flytta ut frå soknet vart Brita Laugaland vald som ny varamann.

ANDRE NEMNDER OG KONTAKTAR:

I diakoninemnda var desse med:  Jens Tveit (leiar), Paul Arvid Günter og Mary Tindeland. Dei har m.a. hatt ansvaret for kyrkjekaffiar og delt ut blomehelsingar ved ”runde” fødselsdagar frå fylte 70 år og kondolansehelsingar ved gravferd. 

I dåpsopplæringsnemnda var desse med: Kjersti Torland (leiar), Brita Laugaland og Ellen Skretteberg.  Hovudoppgåvene er mellom anna å vurdera ulike behov for barne og ungdomsarbeid i soknet og fremja forslag om nye tiltak eller endring av eksisterande tiltak.  Nemnda sender helsingar på 1, 2 og 3-års dåpsdag.  Dei drøfta også arbeidet med tanke på søknad om midlar til trusopplæringsprosjekt.  Dette vart teke vidare i ei nemnd med representantar for alle sokneråda i Ølen og Vindafjord (soknerådsleiar var med der). Denne nemnda utarbeidde prosjekt og søkte om midlar, men denne søknaden vart ikkje tildelt midlar i år.
 

KYRKJA OG KYRKJEGARDANE 
Soknerådet utførte dugnad på luking og planting i beda. Trongen for vedlikehald elles er teken opp med Fellesråd og kyrkjeverje som har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkje og kyrkjegard. Ølen kommune utfører vedlikehaldet som tenesteyting. Det er oppdaga roteskader nede i ytterdørene som ein må få ordna. 

KYRKJELEG TILSETTE SOM HAR HATT TENESTE I SOKNET

Sokneprest: 
Lek gudstenesteleiar: 
Kantor/Organist: 
Kyrkjelydspedagog: 
Kyrkjetenar: 
Kyrkjegards arbeid og reinhald 
Konsulent: 
Johannes Nedrelid
Jens Tveit
Gunnar Inge Eide og Natalia Medvedeva (frå sept.)
Britt Karstensen
Mary Tindeland. 
Ølen Kommune, som tenesteyting.
Margot Ivesdal
Margot vart pensjonert ved inngangen av året, men har halde fram som konsulent på timebasis. Kyrkjeverge Ingart Lasse Tveit i Vindafjord fungerte som sakshandsamar for fellesrådet.

Klokkartenesta vart utført på dugnad av Britt Nelly Tveit, Jens Tveit og Steinar Skartland, slik at klokkarløna vert sett av til delfinansiering av dåpsopplæring og kyrkjelydspedagog med mål å oppretta stilling som kateket. Målet er at 4-5 skal dela oppgåva. Soknerådet har ansvar for å skaffa klokkarar til dugnadstenesta og kyrkjevertar. Arne Tveit og Kristina Flatebø har vikariert for organist. 

Britt Karstensen er tilsett som kyrkjelydspedagog i 50% deltidsstilling i Ølen prestegjeld. Kyrkjelydspedagogen deltek i konfirmantundervisninga, og like eins deler av dåpsopplæringa, og har såleis vore til stor hjelp for sokneprest og kyrkjelyd. Det er fellesrådet som har arbeidsgjevaransvar for dei kyrkjeleg tilsette. Fellesrådet har òg ansvar for å etablera og fylgja opp ulike arbeidsavtaler med kommunen. 

GUDSTENESTER og STATISTIKK Ant. Gj.snitt 
deltaking
Døypte:
Vigsler:
Gravferder:
Gudstenester på søn- og heilagdagar (A)
Prosjektgudsteneste konfirmantar (inngår i A)
Gudstenester med nattverd (inngår i A)
Familiegudstenester (inngår i A)
Gudsteneste for barnehagen:
Gudsteneste for skulen:
Konfirmantar våren 2005 
Konsertar og liknande
Friluftsgudsteneste i Parken
5
4
5
21
1
9
6

1
8
5
1



79
70

164

70


49



I alt 1651 deltok


I alt 983 deltok



I alt 212 til stades. 
Inngår i A

26. juni vart det arrangert gudsteneste med gammal liturgi. Mange møtte opp kledd slik dei gjorde før i tida når dei samlast til kyrkje.  

Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt: ”Nytt kyrkjebygg i Ngaoundere i Kamerun.”  

Kyrkjelyden i Vikebygd har avtale med NMS om Misjonsprosjekt: I tillegg til 1 offer til prosjektet i kyrkja stelte soknerådet i stand misjonslaurdag på bedehuset den 12. nov., med sal av mat, basar, andakt og informasjon. Arrangementet vart svært vellukka og mykje folk i alle aldrar var innom. Totalt innsamla i til prosjektet i 2005 vart kr 7750,-. Prosjektet vert avslutta ved årsskiftet. 

Vi har fått gle oss over musikkorpset, som deltok på 17.mai og julafta. Dei hadde konsert i mai saman med Karmsund Brass og barnekoret. Org. Gunnar Inge Eide hadde pasjonskonsert saman med Kari Vik Stuhaug og musikarar frå distriktet 15.mars. I juli arrangerte han jazzkonsert i kyrkja med Lasse Hjarmers orkester. 17. august hadde Kristina Flatebø konsert som avslutning på vikarteneste i sommar. Skjold songkor hadde konsert i november. Munakoret (leia av Lene Liodden) deltok med song i fleire gudstenester. Vi set stor pris på den innsats alle desse gjer for å gle bygda med musikk i kyrkja, og takkar for innsatsen dei gjer.

MØTE PÅ BEDEHUSET m.m.
Kontaktpersonar for dei ulike foreiningane i Vikebygd som har møter på bedehuset har vore: 
- Den Ytre Sjømannsmisjonen: 
- Santalmisjonen / Normisjon: 
- Den Indre Sjømannsmisjonen: 
- Det Norske Misjonsselskap: 
  
- Indremisjonen: 
- Samemisjonen: 
Karine Egge (Aktiv foreining i Vikebygd, årleg basar)
Sigrun Alne (Aktiv foreining i Vikebygd, årleg basar)
Martha Tveit 
Sigrid Møllerhaug 
(Julemesse-samarbeid med Bjoa og Ølen)
Sigrun Vik, Jens Tveit
Glenda Barane
I styret for Vik bedehus sat: Jens Tveit (leiar), Glenda Barane, Brita Laugaland, Bjarne Alne og Georg Barane. Her er jevnlege møte og temakveldar, TrippTrapp, Laurdagsklubb, basarar m.m. 
Vikestølsmøtet vart halde 3. juli, med om lag 60 frammøtte på Vikestølen. Styret for møtet har eit medlem frå kvar av dei 5 kyrkjesokna rundt dette fjellet. Steinar Skartland er leiar. 
  
BARNE OG UNGDOMSARBEIDET
Laurdagsklubb (”søndagsskulen”).
Det har i år vore 16 samlingar og 26 born har møtt minst 3 gonger. Talet på born syner ein gledeleg auke. Til vanleg møter mellom 10 og 15. Dei er tilslutta ”Karmsund-Sunnhordland Søndagsskulekrins av Norsk Søndagsskuleforbund,” og reknar seg som del av kyrkja sitt dåpsopplæringsarbeid. Hovudleiar er Kjersti Hausberg Bjerga, saman med Lene Liodden, Jone Bjerga og Steinar Skartland. På våren var i tillegg Berit R. Skartland og Lauritz Bjørnevik med. I haust planta dei laukar ved kyrkja og er spente på om dei spirer til våren. 

Tripp Trapp
Tripp Trapp har også dette året vore svært populært med i kring 20 - 25 born under skulealder på kvar samling. Det er eit tilbod til førskulebarn m/ foreldre, som har samlast på bedehuset ein føremiddag kvar månad, klokka 11-12.30. Ansvarleg for samlingane har vore eit styre med Lene Liodden (leiar), Grethe Koltveit og Margunn Legøy Årvik. Forskjellige andaktshaldarar har vore med på samværa. Mange foreldre møter flittig fram med barna. 

Ungdomsklubben ”First Floor”
Vinteren og våren gjekk med til dugnad og klubben kunne i september ha offisiell opning av nytt klubblokale på bygdahuset. Frå hausten av har dei hatt klubbkveldar annakvar laurdagskveld med godt frammøte (15-25 ungdomar). Ungdomsklubben er ein alkoholfri samlingsplass for ungdom frå 8. klasse til 18 år, og vart starta som ein del av kyrkjelyden sitt dåpsopplæringsarbeid. Soknerådet har støtta klubben med tilskott og offer i kyrkja. Klubben har eit ungdomsstyre der Bjørnar Svendsbøe (leiar), Tor Rune Hetland, Annette Hetland, Sunniva Tveit, Espen Årvik og Jan Einar Alne. Eit vaksenstyre hjelper dei. Gunn Vikingstad er leiar der. Frammøte på klubbkveldane har vore ca. 15-25 ungdomar.

Kfuk-Kfum Speidarane
Speidaren har hadde 56 medlemar ved årsskiftet. I 3.-7. klasse går nær alle i speidaren, i ungdomsskulen om lag halvparten. Vi viser også til deira eigen årsmelding.
Aktiviteten i gruppa er svært stor, av det dei har delteke på i år 2005, kan vi nemna: 
Deltaking på 2 gudstenester (17. mai og ljosmessa); Basar; Speidartivoli; Grautfest; Overnattingstur til Olalia, kanoleir i Telemark, leir på Geitungen fyr ved Skudesnes for dei over 11 år og overnattingsturar til Blikshavn og Långåsdalen for dei under 11 år. I tillegg ei rekkje andre aktivitetar.
Leiarar i speidaren er: 
Gruppeleiar: Britt Nelly Nes Tveit; Troppsleiar: Else Tengesdal Valen. Troppsassistentar var: Øyvind Valen, Johannes Skartland, Anne Valen, Håvard Tveit, Bjørn Ødegård, Martin Valen. 
Flokkleiarar for Ulv og Meis: Arne Tveit, Britt Nelly Nes Tveit, Birte Barane og Line Merete Owe. 
Det er også eit foreldreråd med 4 foreldre. Speidarane har hatt eige årsmøte der årsmeldinga deira er godkjend. Dei har elles heimeside på internett, med adr.: home.no.net/vikebygd 

Vikebygd og Skjold KFUK-ring
Foreininga fungerer som ei open bibelgruppe/samtalegruppe og har omlag ei samling i månaden. Det har i år 2005 vore 5 aktive Vikebuar i denne foreininga. 

KONFIRMANTARBEID
Det var 8 konfirmantar 2004-05. Britt Nelly Nes Tveit hadde konfirmantgrupper heime. I 2005-06 er det 4 som deltek i konfirmantundervisning. Konfirmantleirar er saman med Skjold og Vats. Hilde Holsbrekken og Lene Liodden har ansvar for gruppesamlingane, medan konfirmantundervisninga er i Skjold kyrkje saman med konfirmantane der. Konfirmantane samla inn kr 9.600 til Kirkens Nødhjelp som bøssebærarar i fasteaksjonen. Soknerådet arrangerte fest for 2005-konfirmantane på bedehuset den 17. april, rett etter prosjektgudstenesta der både sokneprest, prost og kyrkjelydspedagog deltok. For 50 års jubilantane vart ei markering i kyrkja 25. september, og deretter middag på "Gamlatunet". Soknerådet har drøfta korleis ein best kan oppnå eit godt samspel mellom konfirmantarbeidet og barne- /ungdomsarbeidet elles. 
Andre ting for barn og ungdom i bygda
Ein del ungdomar frå Vikebygd reiser kvar fredagskveld til Ølen for å delta i Feedback-arbeidet der.
Lene Liodden driv eit kor som samlar mange born til glad songaktivitet og dei har fått gle oss mange gonger med song i kyrkje, bedehus etc.

SOKNERÅDSVALET
Valet vart halde samstundes med stortingsvalet 11. og 12. september. 115 røyster (30,2%) vart talde opp og desse vart valde: Britt Nelly Ness Tveit, Steinar Skartland, Else Tengesdal Valen, Kjersti Hausberg Bjerga, Rolf Alne og Dag Hans Nagel-Alne, Som varamenn vart valde: Jarle Årvik, Agnes Olene Svendsbø, Charlotte Rugtveit, Lise Søndenå og Knut Heggland. Ved konstitueringa 23.11. vart Steinar Skartland leiar og Britt Nelly N. Tveit nestleiar. 

AKTIVITETSPLAN FOR KYRKJELYDEN OG INTERNETT
Soknerådet har sendt ut 2 halvårs aktivitetsplanar til alle husstandane i soknet med oversikt over gudstenester, søndagsskule, ungdomsklubb, møte på bedehuset og andre arrangement i kyrkjelyden. Informasjon vert også lagt ut på internett-adressa: www.mamut.com/vikebygd

ØKONOMI
Soknerådet sin rekneskap blir ført av kommunekassa. Klokkarløna (ca 15.000) blir nå sett på fond med sikte på dåpsopplæring og løn til kyrkjelydspedagog / framtidig kateketstilling. 
Behaldning / fond pr. 31.12. var på: ca. kr 49000- (inkl. avsett til ljosglobe med ca kr 11.500).

Offer/Innsamling
Talet på offer i alt:
Tal på offer til kyrkjelydsarbeid:
Tal på offer til misjonsprosjektet:
Offer til lag og organisasjonar 
Offer til kyrkjelydsarbeidet
Innsamla beløp i fasteaksjonen:

21
3
1
kr 30 366,50
kr 5 373,50
9.597,00

 
 
 
Derav kr 5.990,50 til arbeid i Vikebygd
Totalt innkome i offer kr 41.016,-
 
  
Soknerådet har m.a nytta av midlane til: Planter til beda rundt kyrkja og i parken; Barnebiblar til 4-åringane og Biblar til 5. klasse; Dåpskort og dåpslys m/stake til dåpsbarn; Biblar til brudepar; Fadderhelsingar og utsendingar til 1., 2. og 3. årsdag for dåp; Bomar til 70, 80 og 90-års jubilantar, medarbeidarar etc; Kondolansehelsingar ved gravferd m.m.; Konfirmantarbeid og støtte til arbeid.  

Konklusjon: Økonomien for soknerådet er god. Gjennom dugnad på klokkarstillinga er målet å betra personalsituasjonen tilknytt dåpsopplæring ved å kunna setja av klokkarløna til dette.   

Soknerådet vil med dette retta ein varm takk til alle som har delteke i dei ulike arbeidsformene i kyrkjelyden, og til alle som har møtt fram og teke del i samværa. Vi ynskjer alle i bygda velkomne til kyrkja og aktivitetane i kyrkjelyden. Ein stor takk også til dei som har vore med i det avtroppande soknerådet og til dei som nå skal ta over i denne tenesta.

   
   

Vikebygd Sokneråd, 31. desember 2005 

  
Steinar Skartland
Soknerådsleiar

  
Jens Tveit
Nestleiar

  
Jenny Kr. Svendsbøe
Sekretær