|
Velkomen
til Odda O-lag sine internett-sider!
Odda O-lag vart stifta 21.
nov. 2000, men det har vore o-gruppe under Odda IL sidan 1986. I denne
perioden har vi hatt tilbod om nybyrjarløp, treningsløp og turorientering.
Dei siste åra har vi òg hatt tilbodet Oddatrimmen.

Vi har hatt
ansvar for mange store arrangement i løpet av desse åra, med Vestlands-
meisterskapen i 1999 og junior-NM i 2000 som to av dei siste.
I 1999 fekk vi òg vår
første norgesmeister, då Gerd Inger Legård vann kortdistansen i D17-18
under junior-NM i Larvik.
O-laget har mange gode kart
over flott o-terreng:
- Reinsnosvatnet (2005)
- Løyningsdalen (2002)
- Korlevoll (2000)
- Lontjørn (1999)
- Hildalsdalen (1995)
- Låte (1990)
- Løyning (1987)
I tillegg har vi
instruksjonskarta:
- Eide
- Eidesåsen
- Tyssedal
- Røldal
Vi står stadig framfor nye
utfordringar med m.a. rekruttering som eit viktig satsingsområde. 2001 var "Rekrutteringsåret", og vi
hadde fin framgang i deltakinga dette året. Vi håpar at mange vil oppdaga sjarmen med
o-sporten, der heile familien kan konkurrera saman.
|