Bjørneskyttaren Nils J. Røysum
 

   
Last updated 01.01.2002 22:09 
 
 

Bjørneskyttaren Nils J. Røysum

 Av Kjell Røysum, (C)1999

Oldefar min Nils J. Røysum vart født 25. mai 1854[1] på Røysum på Hermansverk   Nils var eldste son til Kari Pedersdotter Underdal[2] og John Nilsson Røysum og overtok difor garden etter foreldra.              

Lysten til jakt og fjelliv låg i bodet, sa Nils, for både far hans og bestefedrane hans var flinke jegerar.  Alt i åtteårsalderen  prøvde han munnladningsgeværet til far sin. Han fortalde:[3]  

” Far min åtte eit gamalt munnladningsgevær.  Han freista ofte gøyma børsa for meg, men eg fann ho alltid att, og so bar det til skogs med karen - uløyves.  Hadde eg nokre øre, so gjekk dei til krut og hagl.  Eg hugsar godt første viltet eg skaut - det var ein stor orrhane.  Børsa var so lang at eg måtte spikka ei kluft og leggja frampå.  Men etter den dagen fekk eg lov å gå til skogs på eigi hand.”  

Alt  frå femtenårsalderen kom Nils saman med jegerar frå Bergen og lærde mykje om jakt.  Ein av desse, Carl Brun,  skaffa han som attenåring arbeid som skyttar på ishavsfartøyet  ”Harald Haarfager”. 

Carl sin bror Carsten  Brun [4] var gift med dotter til Svend Foyn, og i heimafylgje fekk brura denne skuta.  Nils  reiste til Ishavet fleire sesongar, fire månader kvar gong.

Nils hadde nok halde på fleire år som fangstmann i Ishavet, men han skulle gifta seg, og fekk beskjed av ho som skulle verta kona hans - Sigrid Andersdotter Henjum  - om å halda seg heime. I tillegg tok far hans til å dra på åra og Nils måtte overta meir og meir av gardsdrifta.

Sigrid  og Nils gifte seg den  21 april 1879 i Leikanger. Dei  fekk åtte born.  To av dei døydde i ung alder, tre utvandra til Amerika, og tre levde i heimbygda.

Sjølv om Nils fekk familie å forsørgja vart det ikkje slutt på jaktlivet.  Han heldt fram med jakt  på bjørn, rein, hjort, rev og småvilt.  Det var særleg bjørnejakta som gjorde Nils kjent vide omkring.  Han skal ha skote 46 brune bjørner.  Nils  jakta mykje saman med bror sin Elling som og var ein svært dyktig jeger.

Gardsdrifta var hovudyrket til Nils, men han dreiv  og med skinnhandel.  Skinna sende han stort sett til Rieber i Bergen.

Nils var ikkje berre ein flink jeger,  men gjorde det også godt på skytebana og hadde mange premiar.

Han var omgjengleg og flink til å fortelja.  Dette var nok grunnen til at det var mykje folk frå alle kantar av landet og til og med frå utlandet på vitjing på Røysa.  Dei fleste jegerane var nok forretningsfolk frå Bergen som Rieber, Martens og forfattaren av denne boka – Valentin Voss.

Nils skreiv  ned mange jakthistorier til Valentin Voss.  Dessverre er ikkje alle tekne med i boka.[5]  I tillegg skal han ha sendt mange historier til Mikjel Fønhus som må reknast som tapte.  Eg er glade for at Nils fekk teke vare på so mange av jakthistoriene  sine for ettertida.

Dei siste åra Nils levde vart det snakk om å frede bjørnen, noko han tykte var bra.

Nils døydde 28 februar 1949 i Leikanger og var åndsfrisk til det siste.

 

[1] I kyrkjeboka er fødselsdatoen 27. mai 1854, men han feira alltid den 25. mai.  På gravstøtta stod det og den 25. mai.

[2] Kari var dotter til den kjende spelemannen ”StoreVetlePer” frå Undredal.  Han kjøpe garden til Kari for spelepengar. 

[3] Til avisa Sogn og Fjordane den 17. mai 1944.

[4] Truleg identisk med Carsten Henrik Carstensen Bruun (1828 – 1907) nevnt i Gyldendals store konversasjonsleksikon  Tredje utgave 1972: Norsk sel- og hvalfanger, født i Risør.  Kaptein og bestyrer for mange sel- og hvalfangstekspedisjoner fra 1851.  Kom med i hvalfangsten i Finnmark fra 1880, og hadde egne landstasjoner her 1881 – 89.  Samarbeidde delvis med Svend Foyn.

[5] I fylgje Astrid Røysum Njøs (1900 – 1976)

Home phone +47 6699 4548
Work phone   +47 22575776
Email kjell@roysum.com
Fax/voice-mail    +47 2151 5209
 
Denne siden har til nå vært besøkt ganger.