
Bilder fra Radøy
Klikk på bildene for å se nærmere på dem
Tjorehagen
Kvernhusene på Villanger
Kvernhusa på Villanger var i drift til hausten 1945, sidan vart det stilt.
Her er to hus, det eldste huset er frå slutten av 1700 talet, det andre er frå 1911. I 1938 vart det sett igang storarbeid med oppussing av anlegget og under krigen (1940 - 1945), var det til stor hjelp for matauken i bygda. På midten av 1990 talet vart det føreteke restaureringsarbeid som ikkje er heilt ferdig, ein reknar med å få det eine kvernhuset i drift att, då som "demonstrasjon" for skuleklassar mm.
Syltastova
Syltastova er det som står att av det ein kallar for eit "rekketun". Bygningen er tidfesta til ca. siste halvdel av 1500 talet.
Stova var frå fyrst av ei "Ljorestove" og har med åra vorte "modernisert", her vart gjort store reparasjonar i 1918 og seinare i 1950 åra. Her budde folk i stova fram til 1929. Ein tidlegare prest til Manger prestegjeld Johan Henrik Wolf, hadde etta si her frå Sylta. Stova låg under Alversund kyrkja, men vart kjøpt av Manger prestegjeld. Langt attende i tid låg heile Utsyltagarden under Alversund prestegjeld. I dag er det Nord og Midthordland Sogelag som eig stova. I dag er her samla ein del bruksgjenstandar frå farne tider, det kan nemnast ei handkvern som vart funnen på Mjøs i Radøy i 1924, ellers er her ein del bruksting som høyrde til hushaldet frå farne tider.
Andre bilder
Bildegalleriet er under utvikling.
Noen bilder blir byttet ut, og flere vil komme til etter hvert.
Flere
bilder finner du ved å klikke HER
Klikk så
på "Vestlandsnatur" i menyen.