Heimesida Bogeskyting 1971-1974 1975-1980 1981-1984 1985-1990 Snacks Kurs Bana NM-resultat KM-medaljer

Ferdighetsmerker


eillogo Historia til Eid IL Bogeskyttargruppa, som Odd Rønnestad minnast det.
oddboge
 


Har prøvd å samle milepæla til bogeskyttargruppa i Eid frå starten av i 1971, då vi var heilt uerfarne,  - til vi nesten 20 år seinare tok på oss å skipe til det store evenementet verdsmeisterskapen jakt/felt i Loen 1990, der vi alle, saman med Loen IL Bogeskyttargruppa, hausta stor fagning frå alle i lokalmiljøet, men også frå den såkalla bogeskyttarverda o.a. - for eit prikkfritt VM. 

Frå linkane kan du lese om historia frå dei ulike tidsbolkane. Om du er interessert finn du linkar som fortel korleis bogeskyttaranlegget (bana) kom til, om kursverksemda i laget, til medlemane sine resultat i desse fyrste åra m.m.

I utgangspunktet hadde eg tenkt å skrive berre eit par sider, som ein liten erindringspakke, men du veit, når eg først kom i gang så balja det berre på seg, meir og meir. Åra 1971 til 1990 vil eg kalle for  pionértida til EID IL BOGE­SKYTTAR­GRUPPA, ei tid som eg minnast med glede og kanskje med litt vemod.
 
Link til:
-mine noteringar om bogeskyttargruppa i Eid for åra:
1971 - 1974
1975 - 1980
1981 - 1984
1985 - 1990
Snacks
Kurs
Bana
NM-resultat
KM-medaljer
Ferdighetsmerker


 
Her eit knippe Eidarar i NM-Rælingen 1978.

eidarane Frå venstre:

Knut Rønnestad, junior (Resultat nr  2 i stemnet)

Reidar Sandvik, senior     (nr 51)

Kjell Tore Lillestøl, senior (nr 65)

Arne Tonheim, senior       (nr 64)

Odd Rønnestad, senior      (nr  2)

Kåre Tomasgard, senior    (nr 30)

Framme:

Astrid Paulsen, junior         (nr  4)

Heimesida Bogeskyting 1971-1974 1975-1980 1981-1984 1985-1990 Snacks Kurs Bana NM-resultat KM-medaljer

Ferdighetsmerker