
Velkommen til heimesida til flueklubben
vår
På
denne sida vil vi presenter klubben vår og skrive litt om kva vi holder på
med. Vi har også laget nokre sider med bilder og nokre historier. Du vil finne
sider med orientering om flugefiske, og plasser som vi har prøvd.
Så litt orientering om klubben.
Vinteren
1994 var vi sju kameratar som danna ein fiskeklubb.
I vinterhalvåret møtes vi annakvar onsdag heime med kvarandre. Da
knyt vi fluger og stapper i oss litt god mat.
Om sommaren drar vi på
kvelds- eller dagsturar for å fiske.
Vi fisker for det meste ørret i mindre vatn, men nokre av oss prøver seg også
etter laksen i elvane rundt om på Sunnmøre.

Vi er også så heldige at vi har eit vatn i nærheten, som har ein fin bestand
av gjedde. Dette er det einaste vatn med gjedde her på nordvestlandet som vi
kjenner til.
Vi har også nokre faste turar der vi enten har
med heile familien, eller berre den betre halvdel. På ein slik tur drar vi til eit eller anna vatn for å overnatte i
fjelltelt. Vi
har også med ein lavvo, dersom det skulle bli dårlig ver. Denne har vi laget
på dugnad.
Vi har ein tid følt for å
utvide klubben med noen få nye medlemmer. Etter mange og lange diskusjonar vinteren
2000, tok vi inn to nye medlemmer. Dette har gitt klubben ein ny giv!
Vi som er med:
Svein
Alnes, Bjørn
Andersen, Ole Petter Brathaug, Stig Vidar Ertesvåg, Even Hestholm,
Ståle Helgesen, Kjell Even Sunde, Øyvind Sunde og Sigbjørn Tafjord.