NY anetavle       Hoelslekt.net     Ny heimeside:  Hoelslekt.no 
       Har data blitt borte for deg?

Gards- og slektshistorie frå Oppdal

Far min, Ivar Hoel,   som vart 89 år gammal, har i mange år samla og skrive mykje slekts- og gardshistorie frå Oppdal . (7,1mb eller 1421 trykte A4-sider)   Her er ein indeks for  lettare å søke i materialet.



Utdrag av skifteprotokollar frå Sorenskriver udi Ørchedalens Fogderie

Register over skifter i Oppdal i tida 1689-1902
Sortert etter både gardar og dato.

Avskrift av eit Skifte av bergskriveren ved Quickne Kobber Wærk i 1809.

Avskrift av mellom anna Utskiftingsforretning i 1889, skjøte, arv og kårbrev.

Avskrifter av gamle protokollar med mellom anna kårkontrakt, pantebrev og fleire skjøter.

I tillegg skreiv han av andre lesverdige gamle skrifter, som til dømes dette: Skole-indretning for Opdal frå 1739.



Mor mi, Ragnfrid Rise Hoel,   vart 95 år gammal.  I vaksen alder byrja ho som tekstil- og tonekunstnar og ho etterlot seg tre tonehefter og ca 100 bilet-tepper. Søster mi, Helga Hoel , har hengt opp på verdsveven nokre av bilet-teppa hennar.


Bestefar min, Ola J. Rise, skreiv mange brev og dikt heim att frå USA ved førre hunderårsskifte.  Her er ein liten smakebit på nokre få av dei.


Og for dei som tykkjer at Oppdal er "bøgda over aille bøgde", så er Oppdal kommune sine sider verdt eit besøk.

Eigar av denne sida er familien Hoel som består av mor, Marie Birgitte, far: Ola Øyvind,
dotter, Inger Birgitte og son, Helge Øyvind og som har denne anetavla.

Vi bur i Kroksund i Hole kommune   på Ringerike og har budd her sidan 1974.
I dag er vel Halvdanshaugen det mest kjente landemerket i bygda vår.
Mange gamle  foto fra bygda finn du her.  Og nokre av mine foto finn du her.

Grunnen til at eg laga denne heimesida, er ikkje for å profilere oss, men derimot dei tre personane som er nemnt ovanfor:



Denne sida vart laga i all hast i nyårshelga 1999  for å få starta med å legge ut arbeid som far min hadde samla gjennom mange år.  Eg vart ferdig med å legge ut alle tekstene (8,2 mb) etter ein månad. Pussarbeidet pågår heile tida.
Tilbakemeldingar mottas med takk til vevsnikkaren .   Endringar