Fjørå Fjørå er ei bygd med ca. 150 mennesker som er tradisjonelt oppteken av fellestiltak og samarbeid. Lett tilkomst til kommunesentert Valldal. Fjørå er ei grøderik bygd med mellom anna dyrking av aprikoser. Her er lett tilkomst til fjord og fjell med fiske og turterreng. Her har det budd folk gjennom lange tider. Fjørå skule er ein viktig institusjon både utdanningsmessig og som utgangspunkt for kulturelle aktivitetar ungane er med på i fritida. Butikken i Fjørå har det meste ein treng til det daglege livsopphald, og er ein god dagleg møtestad for mange. Køyrer ein opp til gardane øvst oppe i Fjørå, kan ein nyte ei nokså unik utsikt. Her har ein også eit godt utgangspunkt for lengre og kortare turar i fjellet.
|