FOR VIRTUELL REISE - KLIKK PÅ LINJEN OVER - For å gå direkte videre til virtuellt kart over Setesdal - Klikk her
KORT OM SETESDAL
Setesdal heiter dalføret som strekk seg langs elva Otra, som renn i havet ved Kristiansand. Setesdal strekk seg nordover i retning mot Haukeli og Hardangervidda. Det som eigentlig er Setesdal byrjar først litt sør for Evje, og går opp mot Bjåen i Bykle kommune. Kommunane Iveland, Evje & Hornes og Bygland (iallefall søndre del) høyrer til det som ofte blir kalt Nedre Setesdal. Til Øvre Setesdal høyrer Bykle kommune. Valle ligg så i midtre (hjarta av) Setesdal. Frå gamalt av var det berre Valle og Bykle som var "Setesdal". Nedre Setesdal låg i "Otrudal".
Iveland, er den kommunen i Setesdal som er minst i utstrekning. Folketalet er på ca. 1100 innbyggjarar, dvs. meir enn i Bykle. Iveland ligg ved nedre del av Otravassdraget, og grensar til Otra i vest. I den nederste deler er Otra også ei god lakseelv. Setesdalsbanen gjekk tidligare frå Vennesla, gjennom Iveland, og vidare til Byglandsfjord. I dag, når jernbanen er nedlagt, har liksom Iveland kome noko i "bakevja", pga. at hovudferdselåra, RV9, går eit stykke vest for kommunesentet. Mot aust grensar Iveland kommune til Ogge, med Oggevatn, som er eit eldorado for kanoentusiastar.
Evje & Hornnes kommune er den folkerikaste i Setesdal, med over 3000 innbyggjarar. Kommunesenteret Evje har utvikla seg til eit naturleg handelssentrum for Indre Agder. Landskapet rundt Evje er mykje skogkledd, med vide og langstrakte åsar. Her er gode føresetnader for jakt, fiske, og til eit aktivt friluftsliv.
Evje sentrum ligg sentralt ved RV9. RV42, frå Arendal og vidare mot Tonstad og Sør Rogaland kryssar RV9 ved Evje. Såleis er Evje eit trafikk-knutepunkt.
Kommunane Iveland og Evje&Hornes ligg i eit område med mange forlatte gruver og skjerp. Det fins fleire hundre av dei. I ettertid har ein forsøkt å skape blest om denne gamle verksemda, ved å lage til mineralstiar osv. Ei svært interessant samling av mineralar er å finne i Setesdal mineralpark som ligg rett sør for Evje. I ein del gamle gruver er det ellers tilrettelagt for sjølvplukk av mineralar.
For turistar som kjem til Evje, er her godt med overnattingsplassar. Utanom Odden Camping, har ein Hornes gjestgjeveri &kro&camping, Dølen hotell, Grenaderen motell og Setesdal vandreheim. Vandreheimen ligg nær Setesdal raftingsenter, omlag 5km nord for Evje. Det er selskapet Troll Mountain, som har spesialisert seg på elvepadling. Dei har oppretta eit senter for elvepadling her i Otra, som er ein av mange aktivitetstilbod dei skipar i stand.
Nord for Evje&Hornes ligg så Bygland kommune som har eit innbyggjartal på. ca. 1300. Kommunen strekk seg frå den største tettstaden Byglandsfjord i sør, til grenda Langeid i nord. Nord for Byglandsfjord opnar landskapet seg langs den naturskjøne Byglandsfjorden (bilde 1 , 2 og 3 ), som strekk seg ca. 4 mil heilt nord til Ose. Frå gamalt av var det vass-vegen som var transportåra, der det gjekk båt i rutetrafikk. Den dag i dag går turisbåten Bjoren på fjorden i sommarhalvåret.
Imidlertid, mange turistar , og då spesielt utlendingar, som kjem til distriktet, har imidlertid ikkje alltid kommersielle tilbod først på prioriteringslista. Ro og fred, og nærleik til naturen, er det mange av dei ønskjer. Her er gode føresetnader for eit roleg og avslappande ferieliv. Området er godt utbygd med campingplassar, hytter osv. Neset Camping er ein 4. stjernas camping ved Byglandsfjorden. Ellers har ein Longerak camping, og Støylehommen og Reiårsfossen camping nær Ose. Hytter er også til utleige, m.a. ved Longerak. På Byglandsfjord har vi Revsnes og Breidablikk hotell. Lenger nord har vi Bygland fjordhotell og Ose turistheim.
Sommaren er nok den mest attraktive ferietida her. Vinterstid er her imidlertid au gode tilbod for skigåing, på heiane osv. -Eller, naturen kan au nytast vinterstid ved Byglandsfjorden utan bruk av ski på beina.
Heiane, både i aust og vest, gir gode tilhøve til friluftsliv. Eit løypenett strekk seg over heile området. Arendal og oppland turistforening sørgar for merking av løypenettet, og for vedlikehald av hyttene. (bilde)
Av attraksjonar i Bygland kommune kan nevnast Bygland bygdetun, ein gamal husmannsplass på Lauvdal og slusene ved Storstraumen. For dei meir kulturinteresserte har vi atelieet Mona Ida som ligg i skogkanten nær Bygland sentrum. På Ose er Ose kulturverkstad. Heilt i nord, så vidt over grensa til Valle, er noko for dei som likar fart og spenning. Setesdal motorsenter på Åraksøyne.
I hjarta av Setesdal ligger Valle kommune. Kommunesenteret Valle (bilde)er i dag eit trafikk-knutepunkt sommarstid, der hovedsambanda sør-nord (RV9), og eit særs viktigt samband (Rv 45) aust-vest følgjar og kryssar kvarandre. Heile kommunen har ca. 1460 innbyggjarar, og har ein utstreknad på 289 kvadratkilometer.
Den sentrale geografiske plasseringa mellom aust og vest har lagt til rette for at det fram gjennom historien har vore ein livlig aktivitet av tilreisande til og forbi Valle, og då i gamle dagar spesielt i retning aust-vest. Mot aust gjekk "bispevegen" til Fyresdal. Ferdselsvegane mot vest gjekk over heia til Lyse el, Årdal. Merka turløyper går i dag langs mange av dei gamle ferdselvegane, der mange varder og vegvisarar trulig er mange hundre år. Tilbake i Vikingtid (900-1100 e.kr) var det ein marknadsplass i Valle. Dette er omtalt i historiske kjelder, og alle funn av vektlodd etc. som er gjorde i Valle vitnar om dette.
Mot aust går Rv45 over Skafsåheia til Tokke kommune i Telemark. Kommunesenteret Dalen (ved RV45) ligg ved enden av Telemarkskanalen , der ein kan ta båten vidare til Skien og Skagerak. Mot vest går vegen (Rv45) over fjellet mellom Brokke og Suleskar. Frå Suleskar i Øvre Sirdal er det heilårsveg vidare til Sør Rogaland m/Stavanger.
Frå gamalt har jordbruk vore hovudnæringa i Valle. Skogbruk har au vore ei ekstra inntektkjelde på nokre gardar. Av verksemder eller har vi lafting, sølvsmier, slipebandfabrikk . Service- og turistnæring skapar også ein del sårt trengte arbeidsplassar.
Valle kommune grensar i nord til Bykle- og i sør til Bygland kommune. I aust og vest ligg store fjell- og heiområder med mange fine fiskevatn. Eit eldorado for turgåarar og fiskarar. Urdalsnuten, på 1434 m.o.h., er kommunens høgaste fjell, og ligg på grensa til Vest-Agder (dette fylket sitt høgaste fjell og nær dets nordligaste punkt). I heieområdet mot vest grensar Valle til Sirdal kommune. Grensa går langs øvre del av Kvina-vassdraget. I sørvest ligg idylliske og sagnomsuste Rågelona .
I Setesdalen er der skogkledde lier frå dalbotnen og oppover. Somme plasser er der blankskurde berg - noko er er idelt for klatreentusiastar. Heiane i vest har mykje snaufjell, og tregrensa ligg au lågare her (ca. 800 m oh). Austheiane har ein meir venleg natur og terreng. og klimaet av jamt over betre på austsida. Tregrensa her ligg på opptil 950 m oh.
På båe sider av Setesdalen er her gode føresetnader for fotturar/fjellvandring. Her er eit nettverk av merka stier i flott fjell- og heieterreng. Overnatting for fjellvandrarar i sjølvbetjente / betjente turisthytter.
Nede i dalen er her au gode tilbod for turgåing. Frå Harstad til Brottveit har ein kultursti langs "kvinnhusbekken" (Gryte) - i variert terreng - forbi Tveitetunet, langs bekk, i blomstereng og i skog. Informasjonstavler er satt opp langs ruta. Mellom Brottveit og Vallebygda er utsikten fin. Heimturen går langs Stavdalsvegen. Lengde på denne runden er ca 4,2 km tilsaman. Andre løyper kan også tilrådast; her er nok å velge mellom både på merka løyper, i fritt terreng eller etter ein del av skogsbilvegane; f.eks. er turen fra Sandens Såre og opp Veiådalen opp til Gloppefossen ei oppleving. Gloppefossen kan også sjåast ved å gå ein avstikkar frå Bakkebu (ved vegen over Skafsåheia) ut på ein høgt ca. 300 loddrett stup. Ruafjell, opp fra Sandens Såre er faktisk Setesdalens svar på Prekestolen - båe har ca. 500m nesten loddrett fall. Ved Rysstad er Rysstad fritidspark, som er tilrettelagt for spaserturar m.a med barnevogn forbi gamle kvernhus o.l.. -Altså tilboda er mange - her er nok å velge mellom.
Av andre attraksjonar så har vi Setesdalmuseet, som er delt i tre avdelingar. Sentralbygget på Bjugsbakk i Hylestad er ein moderne bygning med magasin, verkstad, kontor og utstillingslokale for skiftande utstillinger. Setesdal-museet, Rygnestadtunet - eit friluftsmuseum ca. 1 mil nord for Valle sentrum, som kan illustrere litt av bonden sin levemåte fram til tidlig i vårt århundre. Her er eit fullstendig originalt gardstun med hus, bruksting og andre ting. m.a. tilknytta sagnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad, 1540-1610. Her er og eit svært særeige loft. Setesdalmuseet, Tveitetunet - er eit friluftsmuseum rett sør for Valle sentrum, med bygninger fra 1500-talet og framover, på garden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten. Olav Knutsson Tveiten var Øvre Setesdal sin utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. I tillegg til dette er det i kommunen mange freda gardsanlegg og bygningar.
Valle kyrkje er bygd 1844. Altertavla er frå 1650, og er ein kopi av ei tavle måla av ein kjend nederelandsk målar.
Ellers kan nevnast Sylvartun, som inneheld Noregs største samling av hardingfeler frå ledendariske spelemenn. På Sylvartun er der også sylvsmie, der ein kan studere korleis ein lagar/formar sylvsmykke e.l. Sylvsmedkunsten kan au studerast ved Grete & Ørnulf si sylvsmie i Valle, hos sylvsmed Trygve Rysstad el. hos husflidsentralen i Valle.
Ellers kan nevnast: Omvisning ved Nomeland kraftstasjon på Rysstad, gamle gravhaugar m.a. på Nomeland o.l.
Av overnattingsmuligheter finnes m.a. - hotell, turistheim, camping og hytter. Nær Valle sentrum (Nordibø) ligg Valle Motell og camping, Tveiten hytter & camping, Steinsland hytter og camping. På Rysstad ligg Rysstad feriesenter. I Oveinang har vi Flateland camping, Lunden camping, Dalsmo camping, og Sandens Såre bobilcamping. Meir informasjon om desse plassane finn ein på internett.
Elva Otra som renn forbi Valle har regulert vassføring. Det er eit inntak iav vatn ved Botsvatn (sør i Bykle), og vatnet førast gjennom fjellet til kraftstasjonen ved Hylestad (sør i Valle). For å kompensere tapet av vassføring, og å gjere landskapet trivelig, er det bygd terskelar i elva gjennom Valle, noko som skapar små idylliske vatn slik som vist på biletet fra Otra heilt nord i Valle kommune. I Otra nord i Valle kommune finn ein ellers
mange stader fine jettegryter, og mange fine svaberg, som saman gir gode badeplassar der vatnet varmast fort opp på fine sommardagar.
Bykle kommune, som ligg øverst i Setesdal, grensar til Hjelmeland og Suldal i vest. På grensa til Suldal ligg Blåsjø, ein delvis kunstig innsjø på ca. 80 km2, som er Noregs 11. største innsjø. Blåsjø ligg mellom 930 og 1055 m oh, alt etter kor fulle vassmagasina er . Tre damanlegg demmar opp sjøen; Førrevassdammen og Oddatjørndammen i vest, og Storevassdammen mot sør og aust. Storevassdammen, som ligg i Bykle kommune, er Noregs høgaste fyllingsdam. Strenge sikkerhetstiltak, instrumentering er brukt for å overvåke vassmassane. Det same gjeld Vatnedalsdammen som ligg rett sør og vest for Hovden, og Bossvatndammen sør for kyrkjebygda i Bykle.
Av severdigheter og attraksjoner i Bykle kyrkjebygd kan nevnast Bykle kyrkje, Huldreheimen og bygdetunet Lislestog.
Byklestigen (sør for Bykle), ein tildels farleg sti oppe i fjellsida, var tidligare den einaste vegen frå Bykle og sørover Setesdalen (bilde). Stigen er no restauret slik at den er omlag slik den opprinneleg såg ut.
På Hovden har ein Hovden badeland. I tillegg m.a. Hegni friluftsområde der au Hovden jernvinningsmuseum ligg (sommeraktiviteter). Jernvinningsmuseet vitnar om ein livlig aktivitet i Hovdenområdet for omlag 1000 år sidan, då Hovden au låg ved ei viktig ferdselåre. Den gong gjekk trafikken aust -vest, frå Breive vest for Hovden og over fjellet til Bleskestad i Suldal. Ved Storhedder, midtvegs på fjellet, har ein minne om denne tida i form av risninger og runeinnskrifter.
Hovden er ein populær utfartsstad vinterstid, med gode tilbod innan alpin og skigåing. Her er ein fleire hotell og ein rekke andre overnattingsplassar.
Nord for Bykle ligg Bjåen. Dette er den nordligaste busetnaden i Aust-Agder fylke.
Frå Bjåen er det ikkje langt over til Haukeligrend i Telemark. Her møtes RV9 og E134. E134 er stamveg mellom Oslo og Haugesund. Vestover går vegen over Haukelifjell, like sør for Hardangervidda. For dei som kjem frå sør og aust er vegen over Haukelifjell "porten til dei norske fjordar".
Utarbeidet av Olav Harstad (1998)
Kjelder: Egne kjelder og Internettreferanser