Riddarane var kalla til Ting i skogen ved Rud.

Dei var kalla til kappestrid om kven som var den djervaste riddaren i riket.

Riddarane hadde fleire kappestridar i fleire dagar for å finne rett avgjerd om den raskaste og djervaste riddaren.

 

No hadde høvedsmannen ordna det slik at unge og gamle gangarar ikkje kappa mot kvarandre. Mest rettferd ville det verte om gangarar som likna kvarandre i styrke og sko vart kalla til same kappestrid. Nokre av gangarane trivdes godt i ulende terreng. Atter andre ville nett berre ri på harde og slette vegar. Slike gangarar rir så fort at eg mest mister anden hjå bringa av berre vørnad.

Høvedsmannen på Tinget skilde slike gangarar til ulik kappestrid.

Sjølv la eg ut på ferden til Tinget tidleg om morgonen ein laurdag, og reid ikkje meir enn ein time før eg nådde dit Tinget vart halden. Det var vént vær, om enn litt forfriskande blåst. Men vind enser ikkje riddarar, for dei rir i rustning som vinden ikkje rår med. Gangaren eg rir vart ikkje anpusten i det heile, men fekk kvile i den tida eg vitna kappestriden bland dei andre riddarane. Det skal seiast at gangaren var plaga heile dagen av dårlege sko. Som den bonde eg er, såg eg ikkje dette i tide. Eg var mest oppteken av andre gangarar, - og var blinda av motet hjå dei djervare riddarane.

På Tinget traff eg kjende. Det var Kim Sverre, son av Lars, og Eigil frå kleiva. Dei reid på mindre og lettare gangare enn min, men dei både var raske og hadde ven glans i pelsen. Eg reid ei stund på gangaren som var i Kim Sverre si eige, frå dei sydlige trakter av Heimskringla. Eigil og eg eige gangare fødde i den veksande solens land, frå andre sida av det store havet, henta til Noreg då vi tidligare tider dro i viking. Men landnåm der ville vi ikkje.

Kim Sverre, Eigil og eg vart samde om å late Ting verta Ting og heller ri ut i riket på eige hand. Uten at det vart veksla mange ord om den saken, satte vi ut mot Sveariket. Kim Sverre hadde slik hug etter maten dei lagar der. Slik mat koke ikkje kvinnfolka her i riket, ei heller nokon av frillene.

Vi reid i fylgje, og nådde Fredrikshald der dei i gamle tider bygde ein borg for ikkje å bli kringsatt hjå folket frå Sveariket. Brorfolka lå i stendig stid i den tida. I våre dagar er det mest ikkje ondt blod mellem folket frå Sveariket og vikingane. Når det frå tid til anna verte smidde nidviser om brorfolket er nett ikkje dét hjå ondt blod, men ein fredsæl kappestrid om kven som best eige ordet i si makt, og som best kan bringe fram latteren frå bringa hjå lyttarane. Slike nidviser om grannefolket verte smidde mest når riddarane samlast i gildestogene for å drikke mjød. Dei lystigaste nidvisene verte til når dei drikk mest for mykje mjød. Slik verte det råskap i nokre hjå visene.
Vi nådde Sveariket ei stund etter middagstid same dag, og Kim Sverre fekk smake maten, og stilt svolten. Han har jo ei stor vom å mette. Sjølv kom eg i tale med ein riddar frå traktane. Vi tala som frender, og ordet gjekk om slike gangare eg eig. Riddaren hadde sjølv eigd ein slik gangaren i yngre dagar. Han hadde hug etter sin gamle gangar.


Vi handla mjød for heimvegen, og reid varsomt attende til Noreg. Varsomt måtte vi ri, for der i traktane var det samla menn som med loven kunne ta eige i mjødet vårt. Dei var høvedsmenn for kjøtt og mjød. Dei såg til at ikkje for mykje kjøtt og mjød vart frakta frå Sveariket. Om ein riddar verte teke for slik ein udåd, verte han straffa og fråteke all mat og drikk.
No skal det ikkje seiast mykje om heimvegen frå Sveariket. Vi kom alle unna høvedsmennene og reid i jamn fart til staden der Kim Sverre bur. Landsbyen ligg ved oset av den store elva. Der slo vi leir og drakk mjød med ein annan riddar, - ein framand og gammal riddar frå Tunsberg. Han var ein vidfaren mann, og hadde brei røynsle. Han var ein stillfaren mann av få ord. Han hadde ridd gangar óg i Vinland. Der vart han skadd av ein villstyring av ein gangar, og var mest nett ved å døy. Beinet hans har vorte stivna, og han gjekk som ein halt stut når han ikkje sat på gangaren. Slik skal det verte til han døyr av elde, -om ikkje før i strid.

Eigil og eg tok fredsæl avskjed med Kim Sverre då dagen var på hell og la ut på heimvegen. Vi tala ein siste gong ut med havet då sola gjekk ned bak Heimskringla. Vi bur jo nord i trakten. Vi reid strake vegen heim, og reid ikkje på dei krokete stiene som vi riddarar har slik hug for. Vi veksla ikkje ord på ferden. Eg vinka som frende mot Eigil fra Kleiva då vegane våre gjekk mot ulik hald.

Slik får det stå i skriftane til skrivarane. Meir skal ikkje leggast til i denne soga. Soga vil bli attald ved seinare høve, i ein gildestoge når riddarane atter samlast for å drikke mjød.

Men det må kringkastast at fylgje på tre til Sveariket vart samde om å samlast ved seinare høve, lenger utpå sommaren for enda ein gong å ri langs landevegen. Då skal ferden gå til stader der mange riddarar samles til fest. Og ferden vil ta fleire dagar.

Så vær beredt mine frender, og hev no skallane med mjød i denne timen. Eg er vyrdsamt takksam for at dykk har synt deira frendskap og lytta til soga mi.


Riddar Odd

...eller da Kim Larsen, Egil Kleven og jeg dro på MC tur til Rudskogen i Rakkestad for å se på NM i roadracing og etterpå dro til Halden, Svinesund, Fredrikstad og Hankø...