Ein riddar treng høveleg gangar

 

"I gildestoga samlast ridderane med hug for å ri fort langs landevegen i rustningane sine."

Soger blir ofte fortalde i gildestoga. No er tida komen for at eg skal tale bland riddarane, og mest som ein likemann. Nokre av dykk er kjend med soga frå før, - så drikk då heller ein skalle mjød mine frender og ha tålmod med meg.


Eg ville nødig verte dårlegare riddar enn dei som ofte drikk mjød i gildestoga. Rett nok eigde eg rustning, men var utan gangar. Så kunne eg då ikkje kalla meg riddar!

Eg dro difor kring i bygdene for å sjå om ein høveleg gangar kunne fylgje med heim. Fleire gangarar såg eg, og reid på dei óg. Svært hugteken vart eg kvar gong, og tykte mest dei alle var staselege dyr.

No har eg veksla ord med ein riddar som eig og rir same type gangar som eg har hugnad for. Eg spurde etter gode råd om dei gangarane eg synte, og reid. Denne riddaren er vel kjend med slike gangarar og har fleirfoldige meiningar om denne sorten av gangar. Riddaren er ein ærleg mann og gir mest gode råd hjå godlynte spørjarar. Ridderan er aldri storkjefta, og harde ord vart ikkje veksla mellom oss. Riddaren smidde ei heller nidviser om korkje meg eller gangaren eg talte om. Det tydde at det ikkje var ondt blod.

Eg er no takksam for ordvekslinga med denne riddaren. Han fekk meg til å sjå klårare. Riddaren hjalp meg til å sjå, at eg etter å ha ridd gangarane har verte blinda av hugtung kjærleik og difor ikkje synteke dei svake trekka hjå gangarene. Eg vart blinda hjå glansen i pelsen deira, -slikt er visstnok velkjend bland dei som sel gangarar. Mang ein nidvise har skaldene kveda om slike lettlurte bønder.
Eg gløymde nett i all min kjærleikshug å sjå på gangarane sine tanngardar og sko. Det var som eg hadde drukke for mykje mjød og tapt dømekrafta mi. Riddaren meinte at billig gangar raskt kan koste dyrt, mest så eg må forlata både gard og grunn. Han talte om vanlege sjukdomar hjå gangarane. Med all den omsorg gangarane trong, forstod eg at det ikkje nett var enkelt å verta ein ekte riddar for ein mann utan ven gard og mykje gull.
Dette var ikkje nett godt nytt for meg som stendig var utan gangar og hadde slik hug etter å ri saman med dei andre riddarane. Eg tykte ikkje om å ferde langs vegane i vogn,- slik ein skam for ekte riddarar!

Så kom då tida for dei andre riddarane til å dra ut på signingsferd langs landevegen. Eg ville jo ikkje verte ein heimføding, attgløymd som ein bonde med berre krøtter kring seg! Eg var framleis gangarlaus.

Slik er soga fortald, at eg atter reid langt for å leite etter gangar, denne gongen forbi dei kjende bygdane. Hell fann meg til sist, då eg traff Øystein frå mellomåsane ( Midjås ) som bur sør i landet. I traktene som folk deromkring kallar Telemark. Hjå Øystein fann eg då til sist ein makelaus gangar, fødd i det herrens år 1987. Ein riktig staseleg gangar. Han vart godt skodd før eg reid heimatt. Slikt måtte ikkje eg ta hand om, meinte Øystein som eigde han, og selde han.

Gangaren er fin i pelsen, ljos og raud. Og han har sterke bein! , - mest som 130 gangarar tilsaman. Og ein riktig arbeidsgamp kan han óg verte, FJording som han er. Underleg er visserleg dét, for slike gangarar er fødde i den veksande solens land, og denne gangaren reid sine fyrste år i Vinland, men vart henta til vikingenes land i året 1997.

Øystein, eigaren, er ein storsinna mann, som straks forstod min hug. Han ga meg ein vørdsam handel.
Frende Finn frå heimbygda skal óg ærast. Med han reid eg til Telemark i vogn for å teke eie i gangaren.
Så sluttar soga. Eg skal ikkje trette forsamlinga med ord om ferden heim frå Telemark, som mest var kald, med lufta og vegen fyld av sno. Men både gangar og riddar kom velberga heim. Båe er no klare til å setje ut på kva for signingsferd som helst.


Hev no skallane med mjød i denne min gledens time !

Vyrdsam helsing 
riddar Odd