| I Tysværvåg
i Tysvær, 30 km øst for Haugesund, er det reist eit monument
til minne om Cleng Peerson.
Foto © Scandion ![]() "Restauration" på 38 tonn egna seg ikkje nettopp til fart over atlanterhavet, og dei 52 menneska ombord fekk ei eventyrleg reise. "Sluppen" gjorde ein sving heilt ned til Madeira, der den med naud og neppe unngjekk å bli skoten i senk av festningskanonane i Funchal, og først 9. oktober kom dei fram til New York. Då var antallet ombord økt til 53. Ei lita jente blei født på Atlanterhavet. I New York blei dei norske utvandrarane møtt av Cleng Peerson. Han var sendt i forveien for å sjå på landet, og det var etter hans råd utvandrarane kom. Derfor er Cleng Peerson kalt "den norske utvandringens far". Cleng Peerson skaffa jord i Kendall Township ved Lake Ontario, men då han i 1833 oppdaga den fruktbare Fox River-dalen i Illinois, overtalte han alle til å flytte dit. Dermed opna han vegen til den frodige Midt-vesten, som etterkvart vart målet for dei fleste norske utvandrarane. ![]() Nokon regelmessig utvandring kom ikkje i gang frå Noreg før i 1836. Men frå det året drog emigrantskipa ut frå norske havner kvar einaste vår, like sikkert som snøen smelta i dalane, og trekkfuglane kom attende. I den første tida drog utvandrarane over med seilskip, og dei heldt seg sjølv med mat og utstyr på reisa, som kunne ta opptil tre månader. Vi får eit inntrykk av det som skulle til, når vi høyrer korleis tre brør, som utvandra over Bergen i 1851, hadde utstyrt seg. Av klær hadde kvar av dei "4 nye vadmelskledninger, 12 vadmels underbenklær, 12 vadmels underskjorter, 12 striskjorter, 24 par strømper, 3 åkler og 3 nye kvitler. Matforsyningen var felles for alle tre, og bestod av 16 spekekjøttlår, 4 fleskeskinker, 6 bismerpund smør, 120 lefser, 80 leiver flatbrød, 8 skjepper poteter, 7 våger skipskavring som ble kjøpt i Bergen, 2 skjepper erter, 1/2 skjeppe hjemmemalt rug og 2 anker med hjemmelaget øl. Dessuten hadde de med en del kaffe, sukker, sirup og forskjellige andre ting". En tønne sur mjølk nekta kapteinen dei å ta ombord. Den eine av brødrene blei svært oppbrakt over det, og meinte at då ville han ha avslag i frakten, for når han ikkje kunne få såpass som litt sur mjølk til grauten, kunne ikke skipet vente å få full betaling heller. I andre halvdel av 1860-åra blei seilskutene i emigrantfarten utkonkurrert av dampskipa. I dei neste åra reiste storparten av dei norske utvandrarane over Liverpool med britiske dampskip. Seinare frakta den danske Thingvallalinja mange nordmenn over havet. Ei norsk dampskipslinje for passasjertrafikk på Amerika blei grunnlagt alt i 1870-årene, men den klarte seg berre nokre få år. I 1911 blei endelig Den Norske Amerikalinje stifta, og sommaren 1913 dampa "Kristianiafjord" for første gang over havet. Tida fram til 1865 var grunnleggingsperioden i norsk utvandrings
historie. I denne tida festa bevegelsen rot over heile landet. Amerikafeberen
greip om seg, sa folk. I midten av 1860-åra var det ikke et fylke
og knapt nok ei bygd som ikkje leverte sin kontingent av utvandrarar. I
1866 begynte masseutvandringa si tid.
Utvandringa gjekk i bølger. Den første bølga
rulla fram i åra 1866-73. Omkring midten av 1870-åra var utvandringa
lita. Då var det dårlige tider i Amerika, og få arbeidsmuligheter.
I 1879 kom en ny bølge- den største i vår historie.
I løpet av 15 år utvandra vel en kvart million nordmenn.
Medan Sambandsstatene stengte døra for europearane etter første
verdenskrig, tok Canada framleis imot dei med åpne armar. Atskillige
nordmenn drog dit i 1920-åra, og storparten av dei slo seg ned som
jordbrukarar på Canadas prærier. Under depresjonen i 1930-åra
stoppa utvandringsstraumen hesten helt.
|