


Då Abraham Lincoln var president i 1860-åra, signerte han Homestead lov, som opna opp i vest for bebyggelse. I følge den loven kunne ein person kreve 160 mål land gratis, dersom han budde der i 5 år og gjorde forbetringar, f. eks. dyrke jorda eller bygde hus og låve.
To av dei første emigrantane frå Gulen, brødrene
Nikolai og Jørgen Johnson frå ytre Midttun ankom i 1869, og
gjorde krav på gardar i Chippewa Falls Township, sør for Glenwood,
Minnesota i Pope fylke. Chippewa elva, oppkalt etter amerikanske indianarar
som budde der berre eit par år før, går gjennom området
og formar ein mølledam i den vesle landsbyen Terrace, Minnesota.

Mange frå Gulen fylgde etter Nikolai og Jørgen.
Brødrene deira, Bertel og Lyder, og systra Brita (Mrs. Søren
Høydal) kom tidleg på 1880-talet. Det gjorde også fem
av slektningane deira. (fetter, kusine og deira familiar).
Etter det reiste fleire slektningar, vener og naboar frå
Gulen over Atlanterhavet for å slutte seg til dei. Nokre hadde små
born fødde i Noreg, og snart vart det fødd mange "norsk-amerikanske"
born i Minnesota. Etterkvart vart det eit lite felleskap av nært
samanknytte gulingar, som dreiv jordbruk i lag.
På 1880-talet hadde landområde i vest Minnesota,
ifølge "homestead lov" blitt gjort krav på. Men dei emigrantane
som hadde solgt gardar i Noreg hadde også muligheit for å kjøpe
gardar i Minnesota. Nokre kjøpte gardar i Chippewa Falls Township.
SOO- line, jernbana som gjekk vestover gjennom Pope fylke,
gav arbeid for nokre av immigrantane. Det vart og ein veg for andre frå
Eivindvik som reiste vidare til Nord Dakota og Canada for å kreve
nybyggarland. Dei reiste tilbake til Pope fylke for å besøke
slektningar ved spesielle anledningar som bryllup, bryllupsdagar, gebursdagar
og i sommarferiar.

Ein lokal bebuar i Chippewa Falls Township og docent ved
Terrace Mill Museum, har samla informasjon om dei første bebuarane
og deira familie. Dette har gjort det lettare å finne etterkommarar
av emigrantar frå Gulen og slektningar som lever idag. Informasjonen
heldt på å bli oppdatert.