Platemelding i Spelemannsbladet nr. 3 / 2000


Kjersti Wiik

"RO RO TIL SIRALAND"

(Grappa)

Kjersti Wiik har kome ut med sin andre plateproduksjon. Plata er sett saman av ymse songar ho har samla i sitt heimeområde; Strilalandet rundt Bergen.

Plata omfattar barnesongar og reglesongar, slåttestev, viser og åndelege songar. Ho har med seg ein syngande elev, ei ung jente som heiter Linda Røyseth, og ho har med seg eit band av svært oppegåande musikarar. Dei er Øyvind Lyslo, Terje Isungseth, Mads Eriksen, Tellef Kvifte, Atle Halstensen, Einar Mjølsnes, Laila Kolve, Rolf Prestø og Elisabeth Vannebo. Plata er produsert i Grieghallen lydstudio A/S seinsommars 1999 med Tellef Kvifte som produsent.

Kjersti Wiik har ei ljos og fager røyst, og ho har eit uttrykk i songen sin som i alle fall er til stor glede for denne meldaren, og Linda Røyseth har ei mørkare, bortimot altstemme, som dannar ein verknadsfull kontrast til Wiik.

Båe to har godt tak på frasering og intonasjon, og ingen av dei fell for frestinga til å "krydre" for mykje, slik somme kvinnelege (særleg) kvedarar kan ha ein tendens til. Her er effektane som særpregar folkesongen vår i Noreg brukt med nennsam forstand, og ikkje dynga på i store teknisk krevjande mengder.

Det hender av og til at ein får inntrykk av at det å vise kor "flink" ein er til å likre og krulle blir viktigare enn å uttrykkje det songen er meint å skulle uttrykkje.

Ein folkemusikar som likar å eksperimentere, sa ein gong at "Det eg gjer, gjer eg med godt samvet. Dei som vil halde seg til det opphavlege, kan finne kjelder i folkemusikkarkiv og på utgjevne plater, så eg meiner det i dag må vere tillate å prøve noko nytt." (Tenk på irsk folkemusikk og kva nytenking har tydd for den…)

Det har Kjersti Wiik og medmusikantane hennar gjort på "Ro ro til Siraland". Musikarane er svært proffe, og meldaren merkjer seg særleg spelet til Lyslo, utan at han vil gløyme dei andre på plata heller. Det er spennande harmoniseringar, det er spennande soli på ymse instrument, og det er gode perkussive parti på plata.

I det heile har dette blitt ein svært spennande produksjon som meldaren kjem til å ha mange gode stunder med framover.

Om ein skulle ta med ein "men", måtte det vera i høve til utvalet – samansetjinga av songar. For om du er i ei svært sakral stemning, og treng gudeleg lise for sjela, så finn du det. Du finn det så vakkert at det står ei lita tåre i augnekvarmen, men så kjem dei ei vise på kanten av det som gjekk an å syngje andre stader enn i lystige mannfolklag for nokre tiår sidan, og du blir riven ut av di sakrale stemning nokså kontant.

Like eins, sjølvsagt, om du har det motsett: At du vil ho noko å flire av og forlyste deg med, og gjerne vil unngå gudelege greier, så får du også eit lite problem.

Løysinga er sjølvsagt å ha ein programmerbar CD-spelar, så kan du få den songtypen du kjenner for akkurat der og då.

På dei premissane kan ein berre seie: Få tak i denne CD’en, og du vil få mange gode stunder.

Jens Graasvoll