Sigmund Eikås, hardingfele
![]() |
Sigmund Eikås er ein av dei fremste spelemennene i landet på hardingfele. Han har markert seg i sterkt i landssamanheng på ulike kappleikar, både som solist og i lag med Indre Sunnfjord spelemannslag som han er leiar for. Sigmund sitt sikre fotfeste i dei folkelege musikktradisjonane gjer han til ein engasjert utøvar og entusiastisk formidlar av folkemusikk, både som instruktør og i konsertsalen. Soloplata Jølstring med slåttar frå Sunnfjord er nominert til Spellemannsprisen. I 1994 fekk han også Rådet for Folkemusikk og Folkedans sin Ærespris. |