Journal
tysdag, februar 28, 2006
 
Bensintankar
Best som han sat der med kaffikoppen og såg ut over fjorden, der natta senkte seg som ein håkjerringbuk over kråkebolledekte ilesteinar i den duvande tareskogen, fekk han auge på ein ny blogg nedimellom fjærsteinan. Det var ein blogg om mopedar, eller på denne tida av året kan hende mest om moped-lengt, og han skreiv:
Eg er på plass. Med bensintankar frå Varanger. Varangerbloggar skal skrivast på nynorsk. Dét har eg sett. Lykkelegvis for meg fekk eg læra nynorsk på skulen.

Skribenten sette kaffikoppen frå seg, og kjende hug til å dansa.

Dagens segluttrykk: Gaffelgjerder
 
Lukkeleg som liten
Små selskap gjer det betre enn store i musikkbransjen, med, melder dagbladet.no. Utan anna grunnlag enn spekulasjon og trendanalyse, rett nok. Det skulle ikkje vera vanskeleg å fastslå om det verkeleg er slik at mindre einingar i, lat oss seia, publiseringsbransjen, har høgare lønsemd enn større. Det ville ikkje overraska meg om det var slik, men eg skulle gjerne sett eit betre datagrunnlag for påstanden enn aggregerte bransjetal. Som Fred Engh, dagleg leiar i Warner Music Norge, påpeikar i artikkelen, er det ikkje berre små selskap som tener på breitt utval.
Lat heller den lange halen tena som ei påminning om at musikklivet (og kulturlivet elles) er organisk. Ein hit kjem ikkje frå ingen stader, og verkeleg store artistar har som regel ei historie som små og relativt obskure. Freistnadane på å omgå denne strukturen (boybands, Idol etc.) har ikkje gjeve den suksessen nokon må ha trudd at det skulle. Det er oppløftande (og hadde vore fint å få dokumentert betre). Men "omveltninga" er i så fall meir å rekna som ei tilbakevending til normaltilstanden. Den førre omveltinga, konsolideringa av verdikjedene i kulturindustrien (at avspelarprodusentar vert plateselskap og teleselskap vert medier), ser ikkje ut til å ha vore særleg vellukka. Eg ville spekukera meg til at det må vera noko med omgrepet "innhald" som har vore misforstått. Eit kulturprodukt liknar overflatisk på eit industriprodukt, men med den viktige skilnaden at det ikkje finst noka "økonomisk" motiv for korkje å produsera eller konsumera kultur. Ingen lagar musikk eller skriv litteratur for å leva av det, like lite som nokon les eller lyttar for å oppfylla materiell trong. "Innhaldet" er grunnleggjande uviktig, økonomisk sett, det oppstår i samhandling mellom menneske nærast som eit biprodukt. Og kan sjølvsagt seljast, men berre i avgrensa omfang kjøpast, sidan det ikkje vert noko mindre igjen om du til dømes kjøper eit dikt hjå meg. Eg treng ikkje skriva eit nytt dikt, og du treng ikkje kjøpa eit nytt. Det er dette paradokset einskilde leverandørar freistar å ta tak i ved å selja "retten" til å til dømes kopiera ein song til CD fem gongar. Det kan vanskeleg forsvarast, sidan det gjer vald på sjølve ideen om kva ein song er, som om du skulle betala for å nynna han eller berre ha han på hjernen ein dag på bussen heim frå arbeid. Som om du måtte senda i retur avføringa til dei du kjøpte mat hjå, eller leggja att feriebileta dine på reisemålet slik at du måtte ta ein ny tur kvar gong du ville minnest opplevinga.
Der er andre ting å vera nyfiken på. Til dømes korleis sosial tagging og liknande delingssystem kan utjamna den ulikt fordelte synlegheita mellom plateselskap, forlag, filmprodusentar med vidare. Musikktenesta eg oftast brukar, emusic, har eit komplekst system for synleggjering av musikalske, (sub-)kulturelle, sosiale og kan hende beint fram tilfeldige samanhengar mellom artistar og plater som i ein platebutikk ville vore atskilt av sjanger, alfabetisk plassering og sortering på prisnivå. Dette kan ein lovsynga og drøyma om, men det hadde vore utmerka om nokon kunne forska litt på det, òg.
torsdag, februar 23, 2006
 
Defensiv kultursatsing
For eit par år sidan kasta dåverande fylkesordførarkandidat i Finnmark, Helga Pedersen, fram ideen om at FInnmark innan Tromsø-OL i 2014 skulle få 500 nye kulturarbeidsplassar. Ganske raskt etter at ho vart vald, sytte ho for at fylkeskommunen sette av 20 millionar i eit fond som skulle arbeida mot dette målet.
Mykje vatn har runne i havet sidan den gong (mellom anna synte det seg raskt at det ikkje vart noka OL i Tromsø), og no har ein endeleg funne ut kor mange kulturarbeidsplassar ein hadde frå før her i fylket, melder Finnmark Dagblad. Rett svar er 1266, og av dei jobbar temmeleg nøyaktig halvparten med aviser, bøker, blader, grafisk produksjon, journalistikk, omsetjing, film, video og foto.
Ulf Tore Isaksen, som er leiar for kulturnæringsfondet, kommenterer talet slik overfor FD:
(...)mye vil være gjort hvis Finnmark får samme antall kulturarbeidere i forhold til folketallet som landet forøvrig. Da får vi 300-400 nye kulturarbeidsplasser. Veien derfra til 500 er ikke stor.

Det som starta som ein storstilt visjon, har altså kokt ned til at ein er meir enn nøgd om det er like stor andel kulturarbeidarar i Finnmark som i resten av landet. Eg veit eg burde halda kjeft, sidan eg både er søring og har tenkt å dra nytte av det fondet, men det her er i grunnen pinleg: Ei stortstilt satsing på å verta gjennomsnittleg. Same kva bil me kjøper, berre han er like stor som naboen sin, liksom.
Saka er jo at no skjer det same innan kultursektoren som har skjedd innan fiskerinæringa og står i fare for å skje i petroleumsnæringa: Finnmark vert ein råvareleverandør som flyt over av ressursar (nyhende til mediebransen, talent til musikk-, film- og bokbransjen, kultur og oppleving til reiselivsbransjen og så bortetter), medan verdiskapinga skjer heilt andre stader (tillat meg å ramsa opp: Mari Boine. Knut Erik Jensen. Bjørn Sundkvist. Stig Henrik Hoff. Hanne Ørstavik. Adjagas. Sverre Porsanger. Ikkje ein pøkk av det desse finnmarkingane jobbar med skapar arbeidsplassar eller verdiskaping i Finnmark). I Kirkenes vart nyleg halvparten av byen seld for spottpris til eit eigedomsutviklingsselskap i Oslo (der òg hovudkontoret til det gamle Sydvaranger låg og betalte sin skatt). Ein kan vera ærleg og innrømma at ein ikkje får det til her i Finnmark, men ein kan då for pokker ikkje ha som ambisjon at me skal henga etter.
Då er det fordundre meg ikkje rart at ungdommen flyttar sørover for aldri meir å koma att. Bodskapen er: Sorry, jenta mi. Viss du har tenkt å bli god til det du gjer, kan du ikkje jobba her i Finnmark. Her har me meir enn nok med å koma oss opp på landsgjennomsnittet.

Dagens segluttrykk: Kuvending.
fredag, februar 17, 2006
 
Stakkars oss
"Vadsø er en liten by som har mistet masse arbeidsplasser," seier Høgre-leiar Turid Strand Bedi til NRK Finnmark som grunngjeving for at regionadministrasjonen til skatteetaten bør plasserast her og ikkje i Tromsø. Litt som å seia at sidan eg har tapt så mange skirenn, bør eg få vera med i OL-troppen. Fylkesvaraordfører Runar Sjåstad følgjer opp: "[Jeg synes] godt at man kan tilgodese Vadsø i en slik situasjon".
Så lenge Vadsø og Finnmark held fram med å marknadsføre seg som ein region det er synd på og som treng ekstraordinære tiltak og å verta "tilgodesett", tillet eg meg å tvila på påstanden om dei "masse velutdannede Vadsø-væringer som vil hjem bare de får seg arbeid". For å seia det slik: Dei er nok meir ivrige etter å få seg arbeid enn å koma seg heim. Og kvifor skal no byen for all del fyllast opp med bortkomne bysbarn? Er ikkje tilflyttarane gode nok for dykk?
Direktøren i skattedirektoratet, på si side, argumenterer med reisekostnader, og illustrerer med det kor vilkårleg sentraliseringa er. Tromsø ligg sant å seia heilt håplaust plassert, korkje meir eller mindre "sentralt" enn noko som helst anna. Eit regionkontor for Nord-Noreg kunne like gjerne vore plassert i Oslo, som har betre kommunikasjonar til dei fleste plassar. Eller i Vadsø.

Dagens segluttrykk: Bramgordinger.
torsdag, februar 16, 2006
 
Easy on the Adverbs
Elmore Leonard sine gode råd til skribentar er ikkje akkurat nybrott, men dei fortener å seiast på ny: Easy on the Adverbs, Exclamation Points and Especially Hooptedoodle. (via Eirik Newth).
Mark Twain skal ein gong ha sagt det slik: If you see an adjective, kill it.
Men. Dette høyrest jo ut som noko islandsklæraren til Snorri Sturluson har funne på. I grunnen er det håplaust gamaldags. Akkurat som romanar og store forteljingar er det. Men om du no absolutt skal fortelja store forteljingar i romanformat, så held det lenge med eit utropsteikn per 100.000 ord og "sa" som anførsel. Det siste kunne vera verd å merka seg for ein del avisskribentar òg.

Dagens segluttrykk: Slører med vinden på babord låring.
fredag, februar 10, 2006
 
Alt har ein pris
Bekymra for klimaendringar? Kva med å kjøpa din eigen utslippskvote?
Carbonfund.org tilbyr "carbon offsets" tilsvarande ein person sine årlege utslepp for 99 amerikanske dollar. Pengane vert investert i mellom anna vindkraftutbygging og skogplanting. Å kjøpa CO2-reduksjonar tilsvarande eitt års bilbruk kostar 27,50, medan ein heil familie kan gjera opp CO2-utsleppa sine for oppunder 400 dollar i året. Som dei skriv på nettsida:
Carbon offsets are also generally more cost effective and practical than measures an individual might consider. For instance, it is more cost effective and better for the environment to build a 100MW wind energy farm in North Dakota than a 5KW wind mill in your backyard.

Der finst for øvrig konkurrerande tilbydarar på det amerikanske markedet: 3 phases energy, Native Energy og TerraPass er mellom dei.

Dagens segluttrykk: Røyl.
 
Musikk og lyrikk
Eg har lenge vore av den meining at lyrikk, langt meir enn andre litterære kunstformer, er ei praktisk grein, nærast for brukskunst å rekna. Difor likar eg ikkje heilt tanken på å stenga han inne i diktsamlingar, det vert litt som å magasinera kunst i kjellaren på eit museum, dit berre konservatorane stundom går og sjekkar at alt framleis står på sin plass og ikkje går i oppløysing. Stundom kan hende for å henta ut eit verk eller to til ein retrospektiv utstilling, og ja, då er det greit å ha dei der, men litt trist er dette kjellertilveret likevel. Eg synest dikting skal brukast. Eg er til dømes veldig begeistra for "spoken word"-rørsla og dei få norske avleggjarane (framfor alt Jan Erik Vold og diktar Arild, men òg ein yngre kar som Terje Dragseth).
Dessutan synest eg lyrikken høyrer i hop med musikk. Det ligg jo i grunnen i namnet. Dikting for lyre. Så då Morten bassist spurte etter opplesinga på Affas i november om me kunne få til eit eller anna, vart eg lukkeleg. Sidan har me epostveksla heimesnekra lydfilar og kryptiske meldingar, og i går kveld sat me oss ned tre stykkjer for å prøva å rekonstruera det me hadde sete og putla saman framfor pc-ane kvar for oss.
Eg kan ikkje dy meg for å presentera nokre av skissene her, jamvel om dei lydmessig ber sterkt preg av (for å seia det forsiktig) litt primitive opptakstilhøve (for min eigen del: audacity og eit 100-kroners headsett med mikrofon). Flukt (plues) er ei komprimert utgåve av ei novelle, medan Dans (no. 6) er eit lite knippe lukkelege kjærleiksdikt. Forutan skribenten sjølv og Morten bassist på gitar, bass og ymse japansk høgteknologi høyrer me Harald hornblåsar på sax. Meir følgjer, vil eg håpa.
onsdag, februar 08, 2006
 
I love my flag and I want you to burn it
Eg var sant å seia ikkje sikker på om eg orka å lenka til det her, men sidan det er ein blogg frå Finnmark, får det passera: SHÄDY ÄCRES.
Dessutan er det nokre interessante kommentarar der, som denne:
"In Denmark There is currently a lot of freedom of Speech, but very little taking the resposibility for what You say. It's very popular among the People."
Eller denne:
"Freedom of speech is just peachy. It's hard to disagree with that. Just like it's hard to disagree with democracy when it's being delivered to the civilian population of developing countries by stealth bomber squadrons."
Som A.J. Leibling skal ha sagt: "Freedom of the press belongs to the person who owns the press."

I same vendinga er det grunn til å høyra på "Ahmad", ein av initiativtakarane til denne nettsida. Han seier til Aftenposten:
"På grunn av myndighetenes undertrykking og manglende frihet, er mange i den muslimske verden redd for å si hva de mener. Dermed blir scenen overlatt til dem som skriker høyt og er voldelige".
Lat oss ikkje gå den vegen, folkens.

Dagens seglutrrykk: Enkemakere.
måndag, februar 06, 2006
 
Dagens fnis
Servert frå Tåkeprat fra et tåkesinn (via i277)

Og før det vert heilt gløymd: Lihkku beaivvin! I dag er samefolkets dag.
 
Meir nytt frå Beringhavet
Krabbebåten Rollo har fått si eiga kontaktside på MySpace. Søtt.
 
Stakkars gutter
Gutar i Finnmark er dei dårlegaste skuleelevane i landet, melder NRK Finnmark. Og det er ikkje berre i Finnmark at gutane slit. Ifølgje Dagbladet er det dei som er framtidas taparar. Same tendens gjer seg gjeldande både i resten av Europa og USA, ser det ut til, og spørsmåla er overalt dei same: Er skulen vorte femininisert? Er dette noko biologisk betinga? Er det kjønnskampen som endeleg er tapt for gutta? Og fortener dei det i så fall, sidan menn har herska i så mange tusen år?
Eg er ikkje så sikker på det. Om gutta vert aldri så mykje i mindretal på høgare utdanningsnivå, kjem dei nok fortsatt til å herja som dei vil der makta finst. Det er jo i grunnen, orsak at eg seier det, ein typisk "kvinneleg" tanke at dersom du berre er flink og gjer det godt på skulen, så kjem du deg fram her i verda. Men det er ikkje akkurat kunnskap, lærdom og teoretisk affinitet dei utmerkar seg med, dei mannlege leiarfigurane og førebileta me held oss med i dag. Heller tvert om. Ein skal helst ha droppa ut av ungdomsskulen og tent sin første million før ein er tjue for å ha noko særleg truverde i forretningslivet. Ingen politiske parti ville våga å kjøra fram nokon med akademisk bakgrunn som frontfigur. Kor mange av regjeringsmedlemmene i Noreg har embetseksamen, enn sei ein doktorgrad? Kva skal ein seia om utdanningsbakgrunnen til "verdas mektigste mann", George Walker Bush? Og kvifor er Kjell Inge Røkke den mest respekterte forretningsmannen me har?
Det er nok ikkje gutta som tapar mest på at skulen vert ein feminin arena. Det er skulen. Og jentene, nok ein gong. Om ei stor gruppe gutar kjem ut av utdanningsvesenet utan å ha lært seg å lesa skikkeleg, er nok det først og framst eit dårleg teikn for det skrivne ordet. Gutta klarar seg alltid.

Dagens segluttrykk: Salingshorn.
 
Godt nytt
Småforlag utfordrer de store, melder Ukeavisen Ledelse med Dagens Næringsliv som kjelde.
laurdag, februar 04, 2006
 
Radfahren
Om det ikkje var for flickr, hadde eg ikkje ant at det fantes ein sykkelverkstad i Kreuzberg som heiter "die Rad-Spannerei".
Sykkelverkstaden har sin eigen blogg, og for ein stund sidan fekk eg ein epost frå Werner på Rad-Spannerei som lurte på om han kunne bruka eitt av bileta mine på bloggen.
Dermed kom eg òg under vèr med denne fantastiske historia om eit ekorn som ikkje forsto at sykkelhjul har eikar.

Dagens segluttrykk: Heis i fallet.
torsdag, februar 02, 2006
 
Kaldare
Det er alltid trøyst i at nokon har det verre, så då gradestokken (som no kan avlesast internettalt i høgremargen her takk vera vær-feen) kraup nedover att mot femten kalde, var det hyggeleg å få ei overraskande helsing frå Corey, som for tida er på krabbefiske i Beringhavet, og brukar dagane på å hogga is av baugen.
Dessutan var det eit fint høve til å reklamera litt for sida hans, med masse glimrande bilete frå både sjø og land. Eg veit ikkje om nokon som tar slike dyrebilete som Corey.
Corey og resten av mannskapet på "Rollo" er for øvrig stjerner i ein dokumentar som Discovery Channel sender på nytt i april. Stay tuned.
onsdag, februar 01, 2006
 
Mohammed Image Archive
Jyllandsposten offentleggjorde i går ei orsaking for karikaturane av profeten Muhammed dei sette på trykk for ei tid tilbake. Diverre vil me neppe få høyra like velovervegde ord frå redaktøren for Magazinet, som jo sjølv er ein varm forsvarar av lovforbodet mot blasfemi.
Danskane innsåg vel at tiltaket, kor velmeint det enn var, enda opp som ei lissepasning til både rabiate islamofobar (som elskar å slå kvar ein muslim i hartkorn med dei PR-kåte flaggbrennarane i kamerasonen på Gaza) og religiøse fantastar (som elskar å kunne spela på Vesten sin manglande respekt for Islam).
Kan hende vil utfallet av denne latterleg oppblåste saka bli slik ein kunne håpa: Dei viktigste muslimske miljøa understrekar at dei respekterer retten til frie ytringar, og me snørrhovne, sekulariserte kristne respekterer religiøse menneske sin rett til å verta såra og sint. Og til å ytra seg om det, om så gjennom å tenna fyr på nasjonale symbol.
Ja, eg skreiv "latterleg oppblåst sak". For fundamentalistane på båe sider (og andre) vil det sikkert vera lærerikt å gå gjennom Mohammed Image Archive, som syner eit rikt spenn av biletlege framstillingar av profeten, frå mildt spottande orientalisme via surrealisme til djup religiøs pietet. Og nederst på sida nokre riktig smaklause karikaturar som nok vil verka sårande på mange, både muslimar og andre. (via Gammelost)

Dagens segluttrykk: Gjøs.

Powered by Blogger