Journal
torsdag, juni 30, 2005
 
Yndlingsdikt
Om ein skal tru det ein les i Dagbladet, er Arnulf Øverland sitt "Du må ikke sove" det best likte norske diktet. Det er mildt oppsiktsvekkjande, vil eg seia, og kan ikkje heilt finna ut om det er utslag av nasjonalsjåvinistisk hykleri eller for at nokon -- mange -- framleis hugsar det tidlause bodet i strofe åtte og ni, og kan hende tenkjer at det ikkje gjekk ut på dato i 1945 eller der omkring:

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hvad der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på aker og fe
og at du har mer enn nok med det!

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem og si:
Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!

Gledeleg høgt oppe på lista er fleire av mine eigne yndlingsdikt: "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas (som ikkje er eit kjærleiksdikt, men eit venskapsdikt), "Det er den draumen" av Olav H. Hauge, "Jeg hadde tenkt" av Rudolf Nilsen, og sjå der: Ein modernist! Stein Mehren er inne på sjuande plass med "Jeg holder ditt hode". Kjærleik, kjærleik, kjærleik. Og ungdom. Og Jakob Sande med "Likfunn"! Men kvar, o kvar, er Jan Erik Vold? Kvar er Wergeland? Og Olaf Bull? Kvar er "Metope", det mest altfemnande kjærleiksdiktet i norsk litteratur? Kan hende nordmenn ikkje likar altfemnande.
fredag, juni 24, 2005
 
Sankthans i Ytrebyfjæra
Midsummer
Sola har snudd, sommaren er såvidt byrja. Men på sankthanskvelden vart det bading i fjæra.
tysdag, juni 21, 2005
 
Nye ord
Hugsar ikkje heilt kvar denne kom frå, men stolar på at originalkjelda er riktig oppgjeve:

Here's this years list of winners from "The Washington Post's Mensa Invitational", who once again asked readers to take any word from the dictionary, alter it by adding, subtracting, or changing one letter, and supply a new definition.

1. Intaxication: Euphoria at getting a tax refund, which lasts until
you realize it was your money to start with.

2. Reintarnation: Coming back to life as a hillbilly

3. Bozone (n.): The substance surrounding stupid people that stops
bright ideas from penetrating. The bozone layer, unfortunately, shows little
sign of breaking down in the near future.

4. Foreploy: Any misrepresentation about yourself for the purpose of
getting laid.

5. Cashtration (n.): The act of buying a house, which renders the
subject financially impotent for an indefinite period.

6. Giraffiti: Vandalism spray-painted very, very high.

7. Sarchasm: The gulf between the author of sarcastic wit and the
person who doesn't get it.

8. Inoculatte: To take coffee intravenously when you are running late.

9. Hipatitis: Terminal coolness.

10. Osteopornosis: A degenerate disease. (This one got extra credit.)

11. Karmageddon: It's like, when everybody is sending off all these
really bad vibes, right? And then, like, the Earth explodes and it's
like, a serious bummer.

12. Decafalon (n.): The grueling event of getting through the day
consuming only things that are good for you.

13. Glibido: All talk and no action.

14. Dopeler effect: The tendency of stupid ideas to seem smarter
when they come at you rapidly.

15. Arachnoleptic fit (n.): The frantic dance performed just after
you've accidentally walked through a spider web.

16. Beelzebug (n.): Satan in the form of a mosquito, that gets into
your bedroom at three in the morning and cannot be cast out.

17. Caterpallor (n.): The color you turn after finding half a worm
in the fruit you're eating.

18. Ignoranus: A person who's both stupid and an asshole.

Fritt fram for dei som vil prøva seg på norsk. Mine bidrag:

Artitleri (n): Bombardement av lesaren med tittel på verk som er nesten, men ikkje heilt relevante for omtalen av det aktuelle verket. Oftast sett i musikkmeldingar.

Porkabel (n): Den kabelen som til einkvar tid hindrar den berbare datamaskina frå å vera berbar.

Reinkarnafjon (n): Tilbakevendande, sparsom skjeggvekst.
måndag, juni 20, 2005
 
jlassen: When Bears Growl (Or how I become the subject of a Secret Service Investigation)
jlassen: When Bears Growl (Or how I become the subject of a Secret Service Investigation)
fredag, juni 17, 2005
 
Dyrebare ballar
TV2 og Telenor skal ha punga ut ein kul milliard for retten til å direktesenda beinbrekking og klyngespel frå norsk eliteserie med meir. Dette er, tru det eller ei, gode nyhende for oss som berre er sånn måteleg interessert i foppall. Kvifor det? Fordi dei 700-800 millionane som NRK var klar til å bla opp, no er fri til å pøsast inn i solid kulturdekning, betre nyhendesendingar og gode filmar kvar helg. Men ikkje berre det. For å tena inn att milliarden, er det heilt naudsynt å senda foppallen på betal-TV. Å betala for å sjå foppall på TV kunne naturlegvis ikkje falla meg inn i halvsvevne, men det er mange nok som er viljug til å gjera det til at betal-TV får sitt definitive gjennombrot. Og det vil i sin tur seia at me som kunne tenkja oss å betala for eit TV-tilbod som er for smalt til at "allmennkringkastarane" gidd å senda det, faktisk får lov til å gjera det -- prisen for dei femti neste betal-kanalene er lågare enn for den første.
Og i morgon skal eg gå og sjå foppall slik det var meint å bli sett, på gressbanen her i Vadsø. I levande live. I lag med kanskje 20 andre som klarte å klemma det inn mellom to TV-overførte kampar.
 
Bomskudd
Heilt uforvarande har dyrevernsaktivistar komme til å setta søkjelyset mot dei ekstremt strenge dyrevernskrava som vert stilt til norsk kvalfangst. Både styresmakter og kvalfangarar er nemlig skjønt einige om at fjorten minutt er for lang tid for å avliva ein kval. Altfor lang tid. Og det er det jo, sjølv om det teknisk sett er imponerande at ein kan ta livet av eit åtte-ni tonn tungt sjødyr frå ein uroleg, flytande plattform på så kort tid.
Slakt av husdyr foregår nok i meir betryggande formar, men er eit urettvist samanlikningsgrunnlag – kvalen har i alle fall langt betre levekår enn dei fleste griser og kyr inntil den dagen nokon set seg føre å skyta han. Men ta til dømes den langt meir omfattande (i tal på fellingar, om ikkje i kjøtvekt) jakta på elg som går føre seg over store delar av landet vårt. Denne er overlatt til fritidsjegarar som ikkje har andre krav hengande over seg enn at dei skal ha tilgong til ein hund for å spora opp eventuelle skadeskotne dyr. Mange bryr seg ikkje om det ein gong, og årvisst ser me bilete og les historier om elg som har gått med alvorlege skader i dagesvis før dei omsider vert funne, gjerne sjølvdaude. Like mange vert sannsynlegvis reveføde lenge før nokon finn dei.
Eit anna moment som er verd å tenkja over, er at den ”kommersielle” kval- og selfangsten snarare er ein del av fiskerinæringa enn ei næring for seg sjølv. Lønsam er næringa i alle fall ikkje. Men ettersom me haustar i éin del av næringskjeda, lyt eit visst press til i andre delar for å oppretthalda balanse. Lite vert sagt frå dyrevernhald om lidingane til sel som går i garn eller svelt i hjel på isen. Når kval strandar eller går seg fast nær land, er dét òg gjerne av di mattilgongen er for liten i høve til talet på individ. For ikkje å snakka om dei lidingane naturen påfører sine eigne i form av parasittar, predatorar og sjukdommar.
Men kvalfangarane er altså få og blodtilsølte nok til å gå laus på med full kraft, medan fiskerinæringa – ei næring med enorm lønsemd og gigantiske akkumulasjonar av kapital, næringa som er sjølve grunnen til at kval- og selfangst er naudsynt, får gå skuldfri.
Oppdatering: I nettmøtet på Dagbladet.no skriv Jennifer Lonsdale i EIA:
I think there is a difference between aboriginal communities and those in a country such as Norway and I dont wish to mix the types of whaling that are carried out in these two types of communities. I also do not believe that whaling is necessary in a modern 21st Century country.

Det slår meg som noko prinsipplaust å skulle skilja mellom lidingar påført av urfolk og av andre folk. I verste fall er det ei grov nedvurdering av urfolk si evne til empati for dyra dei lever av og med, ettersom det tilsynelatande berre er moderne, 21. århundre-folk som er opptekne av dyrevelferd.
sundag, juni 12, 2005
 
Not just a concert
Nelson Mandela was in Tromsø today, and I really wish I had the opportunity to hear him speak. Norwegian media seem mainly interested in the concert and the weather, but from the BBC story I picked this wonderfully simple quote:
"We know what to do and what it will cost. We now need leadership, vision and political courage."
The first sentence is the only necessary one. We know. Now act.
 
Idrott - kultur 11-1
Denne veka vart fordelinga av spillemidlar til kultur- og idrottsanlegg her i Finnmark offentleggjort. Til idrottsanlegg vart det fordelt snaue 20 milllionar, til kulturbygg 1,7 millionar. Altså om lag elleve gongar så mykje til idrott som til kultur.
Ein kan spørja seg: Er idrott eit elleve gongar så godt formål som kultur? Er det elleve gongar så mange aktive idrottsutøvarar som kulturutøvarar? Eg veit ikkje. Eg veit at då kulturskulen i Vadsø hadde vårkonsert torsdag ettermiddag, samla det fleire tilskodarar enn eg nokon gong har sett på ein fotballkamp heromkring, i eit samfunnshus som er i ferd med å gå under i sopp og manglande vedlikehald. Men det provar ingenting.
Dei som delte ut pengane, skal få gå skuldfrie, for det var faktisk søkt om elleve gongar så mange pengar til elleve gongar så mange anlegg på idrottssida. Og så registrerer ein at Finnmark har to spelarar på det norske herrelandslaget i fotball, dei hadde to verdsmeistrar på ski sist vinter og har produsert minneverdige namn som Vegard Ulvang og Bjørn Wirkola. På kultursektoren har dei ikkje eit einaste verdsnamn å visa til sidan han Espolin som ikkje er kjend først og framst som same (John Savio, Iver Jåks, Mari Boine, Nils Gaup, med fleire). Han Espolin er vel heller ikkje særleg kjend for å vera finnmarking. Kvifor ikkje? Av di her ikkje finst arenaer for formidling av kunst.
Kva er mest verd for ein region, for eit fylke, for ein plass? Gode idrottsutøvarar, eller gode kulturutøvarar?
Idrott snevrar verda inn, kultur vidar ho ut. Idrott handlar om å vera best på ein bitteliten bit av verda, innanfor reglane i din idrott. Rask på ski eller god med ball. Kultur handlar om å meistra heile verda, heile livet, heile eksistensen, om å sjå ut over reglane, finna ut kva som er mogleg.
Tenk deg at du er ung, fødd og oppvaksen i Finnmark. Du lurar på kva du skal bli, kva du kan driva det til her i verda. Du veit at du ikkje har lyst til - eller ikkje kan - gå fort på ski eller sparka ein ball dit han skal. Men du kan då noko. Dansa, synga, fortelja historier, spela trekkspel, piano eller gitar, teikna, måla eller sy dei mest fantastiske steinbitskinnluer ein kan tenkja seg. Då er du åleine mot eit heilt fotballag. 11-1. Bortesiger.
 
Første sjøvær
Første sjøvær for sesongen er unnagjort. Ein kasse småfallen sei som er i ferd med å verta forvandla til klippfisk, og ein torsk på eit par-tre kilo i løpet av ein halvtimes tid på grunna. Dei kallar det ikkje den salte åkeren for ingenting. Ein storlaks frå Laksebubukt vart innkjøpt allereie torsdag og er ferdig spekka til deilig pålegg. I morgon vert det fersk torsk til middag.
tysdag, juni 07, 2005
 
Billeg og bra?
Eg er ikkje særleg begeistra for nettstaden www.tiltakssonen.net. Ein ting er namnet, som får det til å høyrest ut som me bor i vernesonen rundt eit forulukka atomkraftverk eller noko (Tarkovskij, anyone?). Ein annan ting er at nettsidene rett og slett er det som på amerikansk heiter rumpestygge. Men nyttige kan dei faktisk vera. Om du er i tankar om å dra nordover for eit år eller meir, kan du rekna ut kor mykje du sparar på studielånsnedskriving og skattefrådrag. Det er ganske mykje. Men der finst mange betre grunnar til å bu i Finnmark, òg.
 
Hastverk, lastverk og åndsverk
For hundre år sidan på denne tida vedtok Stortinget at Kongen skulle ta sin hatt (type krone) og huta seg heim til Sverige. Det var den gongen Stortinget verkeleg meinte noko, det. Medan no på laurdag, til dømes, vedtok dei ei lov som er så uklår at korkje lovmakarar, publikum eller regjering veit kva som står der. Dagsavisen skriv:
Denne saken er ikke over. Hva som blir gjeldende rett på åndsverksområdet er langt fra klart, sier avdelingsdirektør Hans Petter Fuglerud i Kopinor, som organiserer rettighetshavere til stoff i aviser, tidsskrifter og bøker.

Andre medier har nøgd seg med å omdøpa heile andsverklova til "MP3-lova", som om eg skulle vera særleg bekymra for om nokon overførte tekstane og bileta mine til ein iPod i MP3-format.
Med all denne forvirringa skulle det liggja svært godt til rette for ein overgong frå copyright (som hittil har vore implisitt) til cc-lisens (eksplisitt) for oss som tidvis publiserer saker og ting, på nett, papir og plate.
måndag, juni 06, 2005
 
Direkterotet
Eg kan ikkje sjå at andre enn Dagsavisen har hengt seg opp i det, men då det splitter nye integrerings- og mangfaldsdirektoratet (for eit namn!) vart til, fann statsråd Erna Solberg det på sin plass å lysa ut direktørstillinga to gonger. Ikkje av di ho ikkje fekk kvalifiserte søkjarar første gong, men av di søkjaren ho ville ha (og som tilfeldigvis er framståande Høgre-politikar), ikkje var kvalifisert første gong. No er han det, og sanneleg fekk han jobben, gitt. Kvifor ta til takke med ei farga kvinne med relevant fagleg bakgrunn som sjef for integreringsdirektoratet når du kan få ein kvit mann utan?
Dermed skulle truverdet for det direktoratet vera totalt undergravd inntil vidare.
(og medan du er innom Dagsavisen, ta deg tid til å lesa Anders Heger sin festlige kommentar om hundreårs-markeringa).
 
Heilt gløymt
Hadde ikkje tid til å blogga det, men i går spratt bjørka og båten vart sjøsett. Dermed er det uavvendeleg sommar. Lukke til. Og takk til de som hjalp til med å bera :-)
fredag, juni 03, 2005
 
Mediokratiet
Eg innbiller meg at tittelen er lånt frå Kjartan Fløgstad si bok "Det sjuande klima", i alle fall kunne ho vore det. Me lever framleis i Media Tule, heimen til mediatullingane, og no har den største radiokanalen i landet sett seg føre å danna regjering.
Det er med undring eg les grunngjevinga for dette stuntet, som djupast sett sjølvsagt handlar om å profilera P1 som den folkelege av radiokanalane våre, stasjonen for dei alminnelege blant oss. NRK skriv:
P1-regjeringa er altså en folkets arena. Folk kan stemme fram personer som de ser opp til, folk som står for noe og som kanskje er forbilder i sin måte å være på. Det stilles bare to krav: Vedkommende kan ikke inneha partipolitiske verv og må bo i fylket hvor hun eller han skal være kandidat.

Eg var ikkje blant dei som greidde å hissa meg så valdsamt opp over pizza-valet, men denne radio-regjeringa gjer meg oppriktig opprørt. Dette er inga spøk. Utan å seia det høgt, hevdar NRK, den største, til alt overmål statseigde og regjeringskontrollerte, mediekanalen i landet at demokratiet vårt ikkje fungerer, at den demokratisk valde regjeringa ikkje er "en folkets arena". Tvert om. Skal ein skapa ein "folkets arena" er det beint fram eit krav at ein ikkje kan driva med partipolitikk. Dette er jo reinhekla fascisme. Og endå sjukare: Eit folkestyre blir det altså ikkje før mediene arrangerer valet, er det slik det er fatt? Er dette hybris? Er det idioti? Er det noko Silvio Berlusconi har funne på? Viss det var så galt fatt med demokratiet vårt, ville det ikkje vera meir på sin plass med eit kall til revolusjon enn ein profilerings-jippo?
Nei, sjølvsagt ikkje. Politikk høyrer heime i P2, så i P1 er svaret på demokratikrisa kos: Synest du politikarane er for fjern frå folket? Lytt på oss! Me er einige! Me er for alt godt og mot alt dårleg, akkurat som deg. Sit heime på valdagen, dikt heller di heilt eiga regjering av likandes kvardagsmenneske. Stem på SMS! Det er nesten som idol, men i staden for å høyra på ungdom som syng falskt, høyrer du på "alminnelege" (men sympatiske og dyktige, for all del) menneske som vil vel. Så kan me kosa oss med å bevilga monopolpengar til gode formål og forby utidige forstyrringar. Og skriva rapportar der me slår fast at Noreg ikkje berre er det beste, finaste og rikaste landet i verda, men det koselegaste og snillaste, òg.
Det mest absurde av alt er at det denne P1-regjeringa skal gjera, er å levera eit dokument på 100 sider til den "ordentlege" regjeringa der dei seier korleis dei helst vil ha det dei neste hundre åra. Det høyrest fordundre meg ut som ein skolestil-oppgåve frå femte klasse: "Korleis trur du at livet artar seg i 2105?" Jesus Kristus. Eg som trudde bunnen av byråkratisk-politisk fjolleri var nådd med verdikommisjonen. Eg emigrerer.
onsdag, juni 01, 2005
 
Windows and reflections
Hamningberg (2)
Hamningberg (2),
originally uploaded by LarsOh.
Sometimes looking in is a way of looking outwards. Sometimes looking inwards is a way of looking out. Peer into the book, look out of the window. Peer into the window and see the ocean. The book is inside the window, the ocean is inside the book. Outside the window is the ocean. In the window is the outside of a house.
How would you describe this picture?


Powered by Blogger