Journal
måndag, januar 24, 2005
Dagbladet anmelder VIP-Robinson til terningkast ein og meiner dette er noko av det mest pinsame som har heimsøkt norske TV-skjermer. Avslutninga lyder: "Kanskje på tide at en relativt samlet norsk kjendispresse også slutter å hausse opp vrøvlet reality, ikke minst av respekt for Daniel Defoe (1660- 1731) som skrev om Robinson Crusoe og Fredag".
Er det nokon slags subtil ironi her som eg ikkje heilt forstår?
laurdag, januar 22, 2005
Rettferdig fotball
Fotballen er rund, heiter det, og som oftast er han gjort rund av flittige, men praktisk talt uløna barnehender i Pakistan eller det sørlege Asia. Men no er det mogleg å få kjøpt "rettferdige fotballar"! I alle fall i England. Om offsideregelen blir praktisert med betre skjønn med desse ballane på banen, veit eg ikkje. I det minste treng ikkje dommaren tenkje på desse stakkars barna, og kan konsentrera seg om å sjå kven som er bakerste mann.
I prisen til ein rettferdig fotball inngår nemleg to amerikanske dollar ekstra, som går til velferdstilbod og mikrokreditt for arbeidarane som syr fotballane, og dessuten for å syta for ei minsteløn som gjer det mogleg å fø ein familie på to inntekter, slik at det ikkje skal vera økonomiske grunnar til å senda barna i arbeid.
Berre tenkte eg skulle nemna det, siden det er Sigurd Rushfeldt-turnering i Vadsø denne helga. Korleis er det med deg, Sigurd? Er ballane dine rettferdige?
Der! Endeleg!
Ho tok seg god tid i år før ho viste seg, men då ho kom, hadde ho finkleda på; den raude kjolen og det grå sjalet. Tittingane i fjæra let seg ikkje imponera.
tysdag, januar 18, 2005
Kronerulling og hoderulling
Forsvaret har brukt meir pengar enn dei skulle, og nokre generalar må gå av. Men dei som sende soldatane våre ut i krig -- eller "humanitært oppdrag", som det heiter på kristen-konservativ newspeak -- sit like trygt.
Ho skulle vore her no...
...men det er overskya på sørsida, og over fjorden heng ein låg, mørk skybanke som ein gigantisk blåkval-buk innover mot Varangerbotn. Ja, ja. Me veit at ho er der. Det er nok, det.
torsdag, januar 13, 2005
Er'e så nøye, 'a?
Sjeldan har eg sett den tidvis molbo-aktige og sjølvhøgtidlege norske presseetikken meir overtydande representert enn i nyhenderedaktør Kjell Øvre-Helland sin kommentar til fagbladet Journalisten etter at TV 2 (og NRK) hadde sendt opptak frå retten som identifiserte tiltalte i ei straffesak:
– Vi har begått en feil, men det var ikke tilsiktet. Det beklager vi helt og holdent. Er ikke det greit, da, sier nyhetsredaktør Kjell Øvre Helland.
Greit?
onsdag, januar 12, 2005
In your dreams
To gongar på det som i alle fall i kosmisk perspektiv måtte gjelda for relativt kort tid, hadde han blitt fortald av menneske – ja, av kvinner, til og med – som han kjende berre så måteleg godt, at dei hadde drøymt om han. Han visste ikkje heilt korleis han skulle forhalda seg til det.
Om det no hadde vore komplett framande menneske som kom til han og sa at dei hadde drøymt om han, då hadde han utan vidare og utan å interessera seg særleg for innhaldet i draumane, avfeid dei som forvirra eller løgnaktige. Og om nokon heilt nær han hadde fortald han at dei hadde drøymt om han, ja så ville han synest det var kjekt å høyra, for det at dei drøymde om han, var berre ei forlenging av det at dei tenkte på han, tenkte han. Men her var det altså snakk om temmeleg perifere kjennskapar, folk som han ikkje rekna med gjekk rundt og tenkte på han støtt og stadig, men like fullt kunne dei gjera reie for riktig innhaldsrike draumer om han.
Endå meir urovekkjande var at han, ifølgje handlingsreferata, oppførte seg svært ulikt seg sjølv i desse draumane. Ein kollega i ei anna verksemd fortalde at ho drøymde at han gifta seg. Det var til alt overmål med ein annan, tilsvarande perifer, felles kjend. Og alle brudlaupsgjestane hadde iført seg handvesker på hovudet, kunne ho entusiastisk rapportera frå det fjerne utlandet som var hennar eiga draumeverd. Han fann det heile litt foruroligande. Ikkje minst då han altså ikkje lenge etter vart konfrontert med at han i ei anna kvinne sin draum hadde underhalde med song og munter tale, noko han elles ikkje var det minste tilbøyeleg til.
No var det ikkje så overraskande, sa han til seg sjølv, at desse kvinnene, som ikkje kjende han spesielt godt, kunne finna på å drøyma om at han gjorde underlege og utypiske ting, men han fann det likevel pinleg å tenkja på at han skulle ha underhalde med song i draumen til eit anna menneske. Dette biletet, tenkte han, ville ho jo måtte tenkja på kvar gang ho såg han, for ikkje å snakka om ho som hadde drøymd han til alters med ei handveske tredd ned over hovudet. Kva måtte ikkje ho tenkja, når dei møttest i profesjonelle samanhengar? Og kvifor drøymde ikkje han om sine perifere kjennskap? Hadde han nokon gong i svevnen sett nabokona eller han som sit i kassa på nærbutikken balansera på snuten av ei lilla sjøløve, kledd i tutu og gule papirhattar? Nei, han hadde ikkje det. I alle fall ikkje som han kunne hugsa.
laurdag, januar 08, 2005
Nordlys
Straumen gjekk, og brått fekk eg eit høve til å freista fotografera nordlyset rett utanfor stovedøra. Eg lasta det opp til Flickr, og fann at medan dei fleste, mest absurde "tags" har hundrevis eller tusenvis av bilete, er det berre rundt femti bilete av nordlyset der. Her er det arbeid å gjera, og eg har allereie fått ein bunke tips om teknikk. Flickr er gode greier.
tysdag, januar 04, 2005
Ljos i mørketid
Slike vakre islykter er enkle å laga. Fyll ei bøtte om lag tre kvart full med vann, set ei halvannan liters brusflaske oppi, og bind ho fast i bøttekantene (der hanken er festa) så ho held seg om lag midt i. Etter ei natt eller to ute i skikkeleg kaldt ver (eller i fryseboksen) har du ein hol sylinder av is med opning i toppen som gjev luft til ljoset inni. Desse pryder fortsatt inngangen til huset i Oscarsgate.



