Journal
torsdag, januar 29, 2004
 
Leitinga held fram...
Cannot find Weapons of Mass Destruction
onsdag, januar 28, 2004
 
Tallmagi
Dagbladet har sett tre av sine beste tallknusarar til å gå laus på statleg pengebruk og geografi. Dei tre har demonstrert at dei kjenner rekneartane addisjon (dei har lagt saman både overføringar til kommunane og meir direkte personlege ytingar som trygd) og divisjon (dei har delt resultatet på innbyggjartalet i kommunane). Resultatet er tittelen "Finnmarkingene dyrest i Norge".

Eg skulle gjerne sagt at eg hadde venta meg meir av nokre av dei best avlønna journalistane i landet, men eg veit ikkje om det ville vore sant.

I kvar sin ende av Dagbladet sin tabell finn me Bykle og Nesseby, som har det til felles at dei er små kommunar ute i distriktet med lave folketal. Dette har ikkje fått nokre bjøller til å ringa hos dei brave statistikk-analytikarane, som i staden rutinert ringjer Carl I. Hagen, som like rutinert seier at dette har Frp vore imot i årevis men alle andre parti berre motarbeidar dei, og deretter Marit Arnstad, som ikkje ser noko dramatisk i det heile i at distriktskommunar får 30 prosent meir i overføringar enn sentrale kommunar.

Men vent. Er Bykle ein sentral plass? Tja. Dei som bur der, vil sikkert hevda at det er det. Men for ein sjornalist i sjølvaste super-Akersgata?

Og vent endå litt. Nemner dei ikkje ein plass i artikkelen at her tel òg ytingane i trygdeverket? (Jo, dei gjer det, men tillat ein smule vidløftig retorikk frå mi side) For å ta eit heilt absurd døme: Nokon skal føde eit born. Dei skal gjera det på næraste sjukehus. Og trygdeverket tek drosjerekninga. I (for nok ein gong å ta eit heilt absurd døme) Akershus, der folk ifølgje Dagbladet er til halv pris i høve til finnmarkingar, kostar det kan hendre eit par hundringsar. Her i Vadsø kostar det to og eit halvt tusen.

Systemet med statlege overføringar til distriktskommunar tek utgongspunkt i kor store inntektar kommunane har frå skattytarar, med ein liten geografisk korrigering kalla Nord-Norgetilskudd. Og til alt overmål understrekjer Dagbladet i papirutgåva at det er trygdeytinga rsom står for mesteparten av ulikskapen kommunane imellom. For å utjamna det Dagbladet og Carl I. Hagen ser som urettvise skilnader kommunane imellom, vil det derfor ikkje vera naudsynt å endra systemet for overføringar. Ein kunne berre senda ein busslast arbeidslause eller uføretrygda fiskeindustriarbeidarar sørover i bytte mot ein Audi full av IT-gründarar eller eigedomsspekulantar. Då ville Finnmark fått mindre, og Akershus meir. Viss det er eit mål i seg sjølv.

Til å illustrera artikkelen har Dagbladet (i tillegg til eit portrettbilete av Carl I. Hagen) funne eit tomt svømmebasseng i Enebakk og eit fullt eit i Hammerfest. Det er sjølvsagt ingen heksekunst å finna eit tomt svømmebasseng i Finnmark eller eit fullt eit i Akershus. Derimot kan det vera ei oppgåve for svært erfarne og dyktige pedagogar å trøsta ein busslast med bilsjuke ungar på veg til næraste svømmebasseng når det ligg elleve mil unna.

Endå vanskelegare vert det når ein har lese Dagbladet og veit at kvar og ein av desse spysjuke og grinete ungane kostar dobbelt så mykje som ein smilande liten tass ifrå Enebakk. Dette må vera ein sak for forbrukarombodet.
tysdag, januar 27, 2004
 
Meir TV-kultur
Omsetjing av utanlandske nyhendetelegram resulterer ofte i besynderleg gramatikk, men eg har ein mistanke om at når Aftenposten nyttar inkjekjønnspronomenet "det" om ei tidlegare programvertinne ("det tidligere nyhetsankeret Catherine Bosley"), er det heilt i tråd med korleis dei oppfattar situasjonen. Ho har vorte ein ting.
laurdag, januar 24, 2004
 
What's this, then?
I've been waiting for Blogger to come up with an RSS feed for some time, now they are offering Atom. Is this any good?
 
TV culture
I hate watching TV, but I love watching the David Letterman show, which NRK2 has been broadcasting for a while now. The jokes are no good, the guests are boring and the host is a pompous twit, but the show has some amazingly pointless segments, of which my favourite has to be "Will it float". This is television at its basest, openly admitting that it has nothing interesting to offer, but a limitless amount of expensive gimmicks to dress up the nothingness. If television were around during the decline of the Roman empire, this is what it would look like. Enthusiastically empty entertainment.
And I notice that the "CBS Orchestra" is a jazz band, while our - and as far as I know, all European - broadcasting orchestras are full symphonic orchestras. It's like we believe TV is culture. The Americans, having more experience, know better.
torsdag, januar 22, 2004
 
Istapp, hamn, solnedgong

Icicle, harbor, sunset.
onsdag, januar 21, 2004
 
Ufri og ulik
"Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar". Om ikkje for anna, så for det stakkars vesle nurket som kom til verda i dag tidleg, burde me avskaffa monarkiet.
måndag, januar 19, 2004
 
Kommentert
Hey! Kommentarane er attende! Det er alltid så inderleg tilfredsstillande å få til slike ting. Litt som å få bilen ut av ei snøfonn utan å måtta spørra ein av dei innfødde om hjelp.
sundag, januar 18, 2004
 
Ukommentert
Ser ut til at BlogSpeak har oppgjeve anden. Kommentarar (og noko hyppigare postingar) kjem attende i næraste framtid, vil eg tru.
 
Endeleg
Sola er tilbake, og det snør. Dungen med bortmåka snø målar no rundt to meter. Det gjer ingenting. Sola er tilbake.
sundag, januar 04, 2004
 
Impressions of St. Petersburg

Left to right: The Moyka embankment. Street scene showing the spire of the Admiralty. View across the Neva towards Peter and Paul cathedral. Isakievsky cathedral at night.
laurdag, januar 03, 2004
 
Attende
Phu! St. Petersburg var storarta. Togturen var verd dei ekstra dagane. Orkar ikkje blogga meir no. Fortsetjing følgjer.

Powered by Blogger