laurdag, mai 20, 2006
Ei saa peittää
I forkant av Varangerfestivalen arrangerer biblioteket i Vadsø finske litteraturdagar med mellom andre tidlegare kulturminister Claes Andersson, unge Tuomas Kyrö og norsk-finske (eller kvenske, kjør debatt) Alf Nilsen-Børsskog. Eg gler meg. Finland er så nært her, likevel er det så mykje ein ikkje veit, både om dei litterære tradisjonane og om litteraturen nett no. Det er lite som vert omsett, ofte seint, og med relativt liten interesse frå media. Finland er jo så langt borte, liksom på andre sida av Sverige, om ein ikkje er heldig nok til å bu i Nord-Troms eller Finnmark, og så er språket så rart og vanskeleg, og så er alt så trist og leit og vodka-marinert melankolsk. Trur eg at mange trur. Eg er nyfiken, men veit for lite.
Kommentarar:
Veldig bra overskrift, du! Minner om da æ va liten og satt på doskåla og dingla med beinan og leste på panelovnen og trudde æ va steike god i å uttale finsk. Et ordentlig vakkert kollektivt barndomsminne for mange nordmenn, tenker æ.
Finske kulturdager høres spennandes ut!
Finske kulturdager høres spennandes ut!
Ikkje sant?
Men om ein slik omn sat på ein dass i Finnmark eller Nord-Troms (noko han tydelegvis har gjort); var det ein kvensk eller finsk åtvaring? Køyr debatt!
Men om ein slik omn sat på ein dass i Finnmark eller Nord-Troms (noko han tydelegvis har gjort); var det ein kvensk eller finsk åtvaring? Køyr debatt!
Ja, si det du... Det va så enkelt før, da ingen æ kjente lurte på d. Ho æ kjøpte huset av - mors og fars nabo gjennom mange år - va oppvokst i Salttjern. Ho snakka alltid om finsk, og va hysterisk glad hver gang det kom finsktalanes folk til bygda så ho fikk snakke nettopp finsk. Hm.. må ta mæ en prat med ho igjen. Men æ like jo han E. Niemi veldig godt, han e jo en fornuftig mann.
Post ein kommentar


