USA kan ta arabiske flyplassar i krigen mot Irak



    Frå Beirut melde det kinesiske telegrambyrået Xinhua 12. august, ifølge avisa An Nahar, at Libanon har fått ein rapport frå diplomatiske kjelder som sa at USA vil ta med makt fleire flyplassar i arabiske land, når dei startar ein krig mot Irak.

    Rapporten sa at USAs president George W. Bush kjem til å starta militæroffensiven i januar 2003, ettersom han må vente på utkomet av mellomvala til Kongressen i november. "Bush føretrekk å ha arabisk støtte til krigen sin for å fjerne Iraks president Saddam Hussein, og US-styrkane ønsker seg støttepunkt ved fleire kringliggande arabiske flyplassar", sa rapporten.

    "I alle fall", vart det understreka, "så snart det dreg i gang, vil Bush gi ordrar om å tvinge til seg arabiske flyplassar for militæraksjonar mot Irak, med ein gong det vert naudsynt."

    Bush argumenterte at utan USAs aksjon ville araberlanda, Den arabiske liga og FNs Sikkerhetsråd ikkje ha vore i stand til å kaste ut dei irakiske invasjonstroppane frå Kuwait under gulfkrigen i 1991.

    Vidare har rapporten avslørt at Bush-administrasjonen har tillete Israel å slå attende i den komande konfrontasjonen mot Irak, om det arabiske landet avfyrar Scud-missiler mot Israel, liksom i 1991.

    Rapporten understrekar at arabarverda må ta krigsførebuingane mot Irak "svært alvorleg" og tilrår ein diplomatisk offensiv frå Libanon for å konsolidere den pan-arabiske leiren.

    Torstein Engelskjøn,
    Den norske Fredskomite avd. Tromsø




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.