Dokumentarfilm om amerikanske krigsbrotsverk i Afghanistan sjokkerer Europa.

Men ikkje eit ord i norske media.



    Amerikanske soldatar har vore involvert i tortur og mord på Taliban-fangar, og kan ha bidratt til at så mange som 3000 menn har blitt slakta ned i regionen Mazar-i-Sharif. Det er oppdaga ei liknande samling av lik som på Pol Pots ”dødsmarker”, i ørkenen ved Dasht-i-Leili. Amerikanarane nektar kjennskap til dette, men seks afghanarar som har vore i amerikansk teneste, har vitna for den irske filmskaparen Jamie Doran i filmen ”Massacre in Mazar”, som vart vist for første gong i Riksdagshuset i Berlin 12. juni i år. Desse vitna er villige til å stå fram for ein krigsforbrytardomstol, dersom dei får vern av domstolen. Det er viktig for vitna å få internasjonalt vern, da Afghanistan nå blir styrt av den amerikanske marionetten Karzai - tidlegare tenestemann i oljeselskapet UNOCAL, som president Bush har private interesser i.

    Grunnen til at filmen kunne visast i Riksdagsbyningen i Berlin, var at parlamentsgruppa til PDS sto for visinga. Dei samarbeidde med ein tidlegare leiar i Amnesty International, Andrew McEntee, som gjekk ut med krav om ein internasjonal granskingskommisjon. Dette kravet blir varmt støtta av PDS og andre venstreparti i Europa.

    I seg sjølv er dette samspelet mellom eit ”reform-kommunistisk” parti og Amnesty International historisk, og viser den totalt nye rolla til AI, der dei gjer alvor av å frigjere seg frå vestleg slagside, såvel politisk som økonomisk.

    Filmen er seinare vist i Europa-parlamentet i Strasbourg, og storaviser som Le Monde og Süddeutsche Zeitung har laga store reportasjar om saka. Men i norske media har det i skrivande stund ikkje vore eit pip om saka, utanom Olav Aarrestads reportasje i Friheten 21. juni. Til og med Klassekampen er forsiktige med slikt stoff. Det er ganske merkverdig i eit organ som kallar seg ”vestresidas avis”.

    Det vitna har fortalt.

    Dei fleste opptaka i den 20 minutt lange filmen er gjort i løynd. Dei viser at amerikanske offiserar og soldatar var med under avrettingane, men at dei fleste drapa vart utført av folk frå USAs allierte i Nordalliansen. Det viktigaste vitnet, som hevdar å ha vore høgare offiser i Dostums styrkar i Nordalliansen, seier at han sjølv drap fangar etter ordre frå amerikanarane. Men da det her var snakk om drap både på fremmende Al Qaeda-soldatar og på eigne landsmenn i Taliban, har han måtta skjule seg i ettertid av redsel for hemn frå Talibans folk. Nå risikerer han også hemn frå den andre kanten.

    Totalt skal 8000 menn frå Al Qaeda og Taliban ha overgitt seg i Mazar. I tillegg vart fleire hundre massakrert på staden, blant andre 200 mannlege tenåringar i ein madrasa (koranskole). Bortimot eitt tusen vart ført til festningen Qala-i-Jangi. Filmen fortel den samme historia som tidlegare har vore omtala i Friheten, at amerikanske etterretningsfolk provoserte fram eit fangeopprør i festningen. Deretter vart kanskje så mange som 600 fangar meidd ned at Nordalliansens soldatar og bomba i hel av amerikanske fly. Filmen har dokumentariske opptak av dette.

    Dei andre 7000 vart stappa inn i containerar med over 200 i kvar vogn, for å kjørast til fengslet Shebargan. Mange døydde i containerane under turen, og i enkelte containerar kasta soldatane inn granatar for å ta livet av resten. Dette har tidlegare vore rapportert av Colin Soloway og Damian McElroy frå det konservative britiske avisa ”Telegraph”, men her i landet berre omtala av Friheten.

    Nå melder vitna i Dorans film om kva som skjedde vidare: Dei containerane som hadde flest døde, vart etter amerikansk ordre kjørt ut i ørkenen ved Dasht-i-Leili. Der vart både levande og døde lempa ut. Enkelte av dei levande vart skotne. Andre vart etterlatne for å døy. Det er leivningar frå dette ein nå har funne i form av bein og hovudskallar som stikk opp av sanden på ”dødsmarkene”, og som er gjengitt i filmen.

    Også dei som kom fram til Shebargan, vart brutalt behandla, og svært mange døydde. Og amerikanske soldatar var med på mishandlinga. Vitna fortel om amerikanarar som knekte fingrar og armar på folk. Ein knekte nakken på ein fange. Men det meste av mishandlinga vart gjort av afghanske soldatar mens amerikanarane såg på: Dei kutta sjølvsagt hår og skjegg for å audmjuke dei sterkt religiøse, men også fingrar, tunga eller andre kroppsdelar. Summariske avrettingar gjekk for seg stadig. Soldatane mora seg med brutalitet. Scenane liknar skildringar frå den kroatiske utryddingsleiren for serberar, Jasenovac, under andre verdskrig.

    Tør norske aviser skrive om ”USAs Srebrenica”?

    I følgje filmen går talet på drapsoffer i massakren i Mazar minst opp i 3000. Det er omlag eitt tusen fleire enn det antall lik FNs folk har påvist frå den mykje omtalte Srebrenica-massakren. Dei al Qaeda-folka som overlevde dei amerikansk-leidde massakrane i Mazar-området, vart seinare ført til Guantanamo-basen på Cuba, og sit nå der under uverdige forhold.

    Dorans film, som altså er vist i mange europeiske land og heftig debattert der, blir neppe sendt i norsk TV eller debattert i NRK og avisene. Det ser ut til at Friheten framleis blir den einaste kjelda til slike kontroversielle nyheiter i vårt land. Pluss dei eventuelle avisene som tør trykke denne artikkelen.

    (Kjelder: Clive Freeman, Indymedia, Kate Connolly og Rory McCarthy, The Guardian).

    Hartvig Sætra,
    Troms NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.