Isolér stalinismen og stalinistane!

Isolér stalinismen og stalinistane!



    Det finst ei ørlita og minkande gruppe på norsk venstreside som best kan kallast stalinistar (jamvel om dei sjølv nektar for å vere det eller helst vil snakke seg bort frå det). Dei gjer enno stor skade, og skadereduksjon og skadeeliminering er ønskjeleg, mogeleg og nødvendig.

    Dei går (meir eller mindre) god for Stalin (og åndsfrendar som Pol Pot o.a.) sine grufulle overgrep som kosta fleire millionar livet (også kommunistar og sosialistar), sjølv om dei helst utbasunerer dette i lukka bakrom. Anten forsvarer dei dette ope, med mindre atterhald eller dei nektar for å forhalde seg til det, gjerne med framheving av Stalin sine gode sider, billig apologetikk, historisk relativisering el.a. Vi kjenner lett "lusa på gangen". Dei trykker vidare Stalin sine teoriar til sitt bryst. I røynda var Stalin ein ring og betydningslaus teoretikar. Det er også eit ope spørsmål om han verkeleg skreiv bøkene sine sjølv. Og mykje av det han skreiv er mekanisk tankegods som er håplaust forelda og irrelevant i vår tid (t.d. diskusjonane med Trotski).

    I dag må vi byggje vidare på klassikarane og andre store sosialistiske teoretikarar (Marx, Lenin, Engels, Rosa Luxemburg, Gramsci o.a.) og på nyvinningar innan samfunns- og naturvitskap. Vi må studere kapitalismen og imperialismen slik den er - i dag - og formulere djerve og kloke framtidsvisjonar og strategiar for sosialismen og kommunismen. Teorien må vidareutviklast i demokratisk, humanistisk og økologisk lei, og vi må ta lærdommar av historia sine feilgrep, slik at dei aldri kan få gjenta seg. Stalinistane står endeleg for ein bestemt organisasjonspraksis som er særs autoritær og udemokratisk, sentralistisk og intolerant i forhold til meiningsbryting og nytenking og der alle metodar vert tatt i bruk for å vinne fram. Eksklusjonsmani høyrer heime i dette biletet, likeins trugsmål og "argument" med eitt ord ("revisjonisme", "reformisme" o.a.).

    Norges Kommunistiske Parti tok eit kraftig oppgjer med stalinismen for nærare 50 år sidan. NKP vart sterkt kritisert av AKP (ml) for dette, særleg på 1970-talet, men det siste ti-året har også AKP sagt farvel til stalinismen (etter det eg forstår).

    Internasjonalt ser vi også at kommunistpartia fordømmer stalinismen i klare og utvetydige ordelag. Det sterke italienske kommunistpartiet, Partito della Rifondazione Communista (PRC) vedtok såleis ei krystallklår fråsegn i dette spørsmålet nyleg under tittelen "Kommunisme versus stalinisme".

    Likevel ser vi at "trollet" stadig stikk hovudet fram også på norsk venstreside i form av dogmatisme, sekterisme, meinings- og organisasjonsterror o.a. Men vi veit frå folkeeventyra at når trollet får lys på seg sprekk det. Stalinistane er imidlertid sjeldan eller aldri glad i ope ordskifte om slikt.

    Eg vil føreslå at alle venstrepartia no sørger for å isolere dette uvesenet, slik trenden er internasjonalt. For stalinismen er ikkje liv laga og eit skrøpeleg og ubrukeleg grunnlag for gjenreising av ei sterk og truverdig venstreside. Stalinistane fungerer i praksis som politisk-ideologiske provokatørar som skremmer oppegåande og sosialt engasjerte menneske frå å organisere seg partipolitisk i fleire av venstrepartia til kamp for sosialisme og kommunisme og mot all sosial urett. Meir konkret må stalinistane parkerast på sidelina og utanfor den ved å heve presisjonsnivået i partiprogramma slik at det ikkje er til å misforstå: Dei er uønska i etablerte venstreparti! Så kan dei samle seg ein eigen organisasjon (parti eller ikkje) med sine eigne publikasjonar. Kan hende kan dei i Noreg samle eit par hundre i flokken sin. Så veit vi kvar vi har dei. Slik kan alle vi andre revolusjonære få fred og ro til å vidareutvikle teorien, til å forbetre den revolusjonære praksisen og til å byggje bruer og allianseband oss i mellom. Vi slepp å kaste bort tid og krefter på dogmatisme og sekterisme som berre svekker kampen for det sosialistiske rettferdssamfunnet. Det finst også ein annan kamp som må førast: Mot klassesamarbeid, knefall for kapitalisme og imperialisme og mentalitet, tenkemåte og sosial praksis som hentar si næring frå og som understøttar klassesamfunnet (men det er ei anna sak, og ein annan kamp, som fortener å bli behandla separat).

    Kjell Underlid
    - medlem i Norges Kommunistiske Parti (NKP)-




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.