Formålet med alt dette var sjølvsagt å svekke eller fjerne alle palestinarar som hadde appell til vestleg opinion. Ved å hjelpe Hamas fram til makta i det palestinske samfunnet, ville Likud skape eit bilde av palestinarane som eit ”fundamentalistisk folkeslag”. Dessutan ville ein indre strid i det palestinske samfunnet svekke heile nasjonen, og knekke den ”verdslege”, nærmast sosialdemokratiske fløya i PLO. Det israelske høgres tankegang bak oppbygginga av Hamas svarer godt til USAs oppbygging av Mujaheddin og Taliban i Afghanistan som motvekt mot sosialist-styret. Og på sikt har resultatet blitt det samme: Hamas er nå blitt eit mareritt for Israel, akkurat som Taliban for USA.
Mange vil straks fnyse av desse opplysningane,og kalle det ”propaganda frå
Arafats folk”. Kurtzer, som var ortodoks rabbi i USA før han vart ambassadør, la desse opplysningane fram på eit møte om religion og politikk i ein amerikansk-sponsa organisasjon ”Oz V´Shalom-Netivot Shalom”, som arbeider for større forståing mellom israelske og palestinske sivile. Kurtzer sa blant anna: ”Som eit resultat av veksten i islam blant palestinarane, har utdanningsnivået gått merkbart ned. Nå er det mange svakt utdanna palestinarar som ikkje finn anna meining med livet enn å bli terroristar og appellere til massane på ein pervertert måte.” Talen vart grundig referert i den israelske venstrefløy-avisa Haáretz dagen etter. Etter dei aksjonane som Hamas har utført den siste tida, har naturleg nok dei alternative media i Vesten dratt fram saka igjen. Men norske media tør ikkje omtale saka. Ikkje ein gong den elles så motige Lars Sigurd Sunnanå tør gjenta det som Kurtzer sa. Og Kurtzer er faktisk ennå amerikansk ambassadør i Israel, sjølv om Indymedia beskriv forholdet til Sharon som ”iskaldt”. < B> Bakgrunnen for samarbeidet Israel/Likud-Hamas. Israels forhold til Hamas vart i følgje Kurtzer opptrappa frå 1974, da Den Arabiske Liga anerkjente Arafat og PLO som representative for det palestiske folket. I 1979 fekk sjefen for Hamas eit offentleg pass av Begins regjering, i samanheng med Camp David-avtalen mellom Egypts Anwar Sadat og Israel, (den avtalen Begin fekk ”fredspris” for!). Camp David inneheldt klausular om at det måtte byggast opp eit sivilt styre på Vestbreidden med sikte på at det med tida skulle bli ein palestinsk stat der. Taktisk gav Begin fullmakter til Hamas-leiar Yassin med sikte på å bygge opp eit ”sjølvstyre” omkring fundamentalistane, slik at det skulle vere omtrent ”uspiseleg” for vestleg opinion.
|
På Vestbreidden gjekk det ikkje nett som Likud hadde planlagt. I 1987 starta Intifadaen, og trass i at Arafat var driven i eksil til Tunis, sto PLOs folk i brodden for oppstanden. I 1988 gjorde PLO det viktige vedtaket å akseptere eksistensen av staten Israel, slik Vestmaktene og FN hadde kravd. Dermed vart PLO for første gong akseptabel for store grupper i Vesten - politikarar, mediefolk, intellektuelle og kristne. I 1988 vart Hamas offisielt stifta. Abu Jihad begynte nå å forhandle med dei for å få dei over på ein meir moderat strategi, og samle alle palestinske krefter om ”tostats-løysinga”. Dette vart for farleg for dei som ikkje ville ha ein palestisk stat; derfor vart Abu Jihad myrda av Mossad gjennom ein større commando-aksjon i Tunis. Vestlege politikarar klødde seg i hovudet over denne likvidasjonen, som dei kritiserte skarpt. Det var berre palestinarane sjølve og solidaritetsorganisasjonane i andre land som forsto samanhengen: At dei israelarane som ville annektere heile Palestina - og det er heile høgresida, med Likud i brodden - ville kvitte seg med flest muleg moderate palestinarar. Oslo-avtalen kom som eit sjokk for desse kreftene. Og det er viktig å merke seg at det første sjølvmordsåtaket som var retta mot avtalen, ikkje vart utført av palestinarar, men av den rabiate jødiske busettaren Baruch Goldmann. Han gjekk inn i ein moské i Hebron og skaut 50 palestinarar som låg og ba. Goldmann blir stadig feira som helt av dei ekstreme busettarane og andre høgrekrefter. Frå stikk motsett utgangspunkt tok Hamas opp att sine sjølvmordsaksjonar to månader etter Goldstein. Arafats administrasjon slo straks hardt ned på Hamas, og aksen Arafat-Rabin besto, heilt til neste terror-mord frå dei rabiate kreftene i Israel: På Yitzak Rabin 5. nov. 1995. Trass i at Israel myrda ein kjent Hamas-aktivist i 1996, heldt Hamas fram med å arbeide for å velte Oslo-prosessen, ved taktisk å medverke indirekte til at ekstremisten Benjamin Netanyahu vart valt til statsminister i Israel. Hamas-leiaren Sheikh Yassin var blitt internert av Israel i 1989. I 1997 vart han sleppt ut av Netanyahu og busett i Gaza. Derfrå har han kunna lage trøbbel for Arafat og motarbeide Oslo-prosessen. Enda han er den åndelege og politiske leiaren for nesten alle sjølvmords-aksjonistane, har aldri Sharons Israel forsøkt å drepe han eller bombe hovudkvarteret hans, slik dei systematisk har gjort med langt meir moderate folk - Arafat inkludert. Det blir også sagt at når Israel nøler med å gå inn i Gaza, er det fordi dei ikkje vil knekke Hamas. Den organisasjonen veit kort og godt altfor mykje om Israels indirekte støtte gjennom fleire tiår, til at dei vil teie still dersom Israel prøver å knekke ryggraden på organisasjonen. Opposisjonelle jødiske nettstader hevdar at Israel har hjelpt til med etableringa av Hamas, og stadig sponsar dei. Eitt av dei, whatreallyhappened.com, seier dette: ”Kvar gong Sharon treng eit terrorist-åtak som gagnar han, kan han lite på Hamas. Og korfor går Sharon laus på Arafat og gir han skulda for sjølvmordsaksjonane? Ville det ikkje vere klokare og meir logisk å gå etter Hamas? Sjølvsagt ikkje. Sharon bruker desse åtaka for å rettferdiggjere tjuveriet av meir land, og som dekning for sine overgrep.”
Hartvig Sætra, |