Bodansky startar,som alle bør gjere som vil forstå Serbia, med slaget på Kosovo-slettene i 1389. Men han kjem raskt til det som tel mest i dag: Andre verdskrigen. Vi skal ikkje repetere det her. Men han peikar på det viktige momentet at Franjo Tudjman alt i 1988 gjorde ein hemmeleg visitt i Tyskland, det fascistiske Kroatias "patron" i 2. verdskrigen. Han møtte Helmut Kohl og andre, med det føremålet å destabilisere Jugoslavia og gjenopprette Kroatia som eigen stat, slik det var i tida 1941-45. Det vart også planlagt - og gjennomført - hemmelege våpentransaksjonar til slovenske og kroatiske nasjonalistar i tida etterpå. Vi veit korleis det gjekk. Og at Kohl burde vore den første som vart plassert på anklagebenken i Haag.
Bodansky seier så treffande: "Tragedien ved situasjonen i det tidlegare Jugoslavia er at både dei aktuelle og dei kommande opptrappingane kunne ha blitt unngått dersom Vesten, under leiing av USA, hadde tatt dei relevante fakta alvorleg og studert situasjonen på ein kvalifisert måte, i staden for å binde seg forhasta til ein politikk bygd på bevisst desinfomasjon og sentimentalitet, frambrakt gjennom forvrengte TV- reportasjar."
Ein av Bodanskys hovudtesar er at kampen om Balkan alltid har vore ein europeisk strid om "porten til Orienten". Den kalde krigen fraus fast denne striden, seier han, men etter Sovjetunionens fall blussar den opp igjen. Derfor kan ikkje den lokale striden på Balkan, mellom nasjonar som krev sjølvstyre, isolerast frå denne grunn-konflikten. Balkan er ein del av europeisk geopolitikk.
Og ein del av den muslimske verdas. Det bør vi heller ikkje glømme. I det viktige kapittel 5 gjennomgår han i detalj det som skjedde under andre verdskrigen. Det er ikkje plass her til å gå inn på dette enda ein gong. Men det er grunn til å merke seg at dersom Bodanskys opplysningar stemmer, var ikkje muslimane så uskuldige under siste krig som vi har trudd. Under leiing av den tidlegare muftien av Jerusalem var SS-bataljonen Handjar ein formidabel styrke, og utførte alvorlege massakrar på serberar både i Krajina og store delar av Bosnia. B. skildrar framveksten av den nyfascistiske kroatiske staten i nittiåra i harde ordelag, og legg hovedskylda for borgarkrigen i Kroatia på "det nye Ustasja", som ikkje formelt, men likevel reelt, arbeidde for "føraren" Tudjman.
Nytt for underskrivne var det at også i Bosnia dukka spøkelsa frå andre verdskrigen opp: I siste halvdelen av 1993 dukka ein "ny Handjar" opp i Sarajevos gater! Den skulle vere ei slags "livvakt" for Izetbegowitz. (Internasjonal presse må ha sett dette, og latt vere å melde det, av misforstått omsyn til muslimane).
I motsetning til dei mytane som er skapt i vestleg presse, seier Bodansky at " den føderale jugoslaviske hæren var den einaste gjennomført multi-etniske institusjonen i Jugoslavia." Og det var ingen disputt i den likeverdig samansette hærleiinga om at hæren plikta å forsvare serbiske landsbyar i Krajina og Slavonia mot åtak frå kroatiske fascistar. Også dei kroatiske offiserane var med på dette.
Bodanskys skildring av felttoget som den føderale hæren gjorde, og som han har spesielt god innsikt i, står i grell kontrast til det vi fekk servert i vestlege media, regissert av amerikanske PR-firma. Der vart hæren framstilt som ei slags serbisk utgåve av "Den Røde Hær". Dette bildet var fundamentalt falskt, seier han. Kapittel 6, som tar for seg Sarajevo i tida 1991-95, er om muleg enda meir avslørande for vestlege media. Her viser han ikkje berre til eigne observasjonar, men også til den amerikanske generalen Charles G. Boyd, som var europeisk kommandant for dei amerikanske styrkane til han vart pressa til å gå av i 1995. Boyd klarla at den serbiske befolkninga før krigen starta eigde 64% av landarealet - rett og slett fordi serberane er "utkantbefolkning", og eig dei minst produktive viddene. Derfor var det bevisst svindel med norsk opinion når enkelte "Balkan-ekspertar" hevda at "serberane er berre 34% av befolkninga, derfor er det eit overgrep at dei eig 64%" av landet." I så fall er det eit overgrep at befolkninga i Nord-Norge, som er mindre enn Oslos befolkning, eig ein tredel av Norge!
Bodansky leverer gjennom sitat og referat av hendingar eit klart bilde av Izetbegowitz´ strategi: "Sarajevo var bestemt til å samle internasjonal støtte for eit sameint Bosnia-Herzegovina som ein muslimsk stat, - trass i at den kristne majoriteten av gresk- og romersk-katolikkar var nesten 70%". (Talet er litt for høgt.). Han reknar opp i alt åtte ulike såkalla "alvorlege episodar", som serberane fekk skulda for i vestlege media, men der FN i alle tilfella har påvist at serberane var ute av stand til å utføre udåden. I tillegg kom slike "forestillingar" som blei regissert kvar gong viktige personar ( og dermed pressefolk) var i byen: Muslimske batteri skaut på serbiske stillingar. Deretter svara serberane med skyts mot sentrale delar av Sarajevo. Det slo nesten aldri feil at pressa "glømte" kven som skaut først. (Underskrivne har tidlegare berre sett dette avslørt i dansk Information 1994).
B. skildrar også i detalj den opprustinga av den muslimske hæren som gjekk for seg stikk i strid med FN-vedtak, finansiert frå rike oljestatar. Har går også nøye inn på det betydelege innslaget av fundamentalistiske Mudjaheddin som etter kvart utførte "grovarbeidet" når det gjaldt å drepe serbiske sivile. Mellom anna var Srebrenica ein viktig base for desse, og hovudårsaka til det serbiske åtaket var ei rekke provokasjonar og massakrar på serbiske sivile, som FN ikkje stoppa, og vestleg presse aldri meldte om. Vi veit at 1200 serbiske sivile vart massakrert av mujaheddin i området rundt Srebrenica. Serberane kan den dag i dag vise fram lika med avhogne hovud. Men ingen vil sjå dei. Dessutan har FN aldri funne meir enn 1800 døde i Srebrenica, og ein del av desse er truleg serberar.Derfor er tal på 8-11 000 "offer for massakrar" ei vill overdriving.
Bodansky rapporterer ironisk og desillusjonert om korleis den eine FN-kommandanten etter den andre vart sjikanert og pressa ut av ein "media-storm", kvar gong dei forsøkte å opptre upartisk i Bosnia. Her legg han også eit stort ansvar på Clinton-administrasjonen, som brukte alle vridde medie-innslag for alt dei var og vel så det.
"Fullstendig vanvittig blir det heile, når USA - islamistanes "Store Satan" - blir den mest aktive og oppglødde deltakaren i islamistanes store prosjekt (å få ein muslimsk stat i heile Bosnia)." - Vi kunne føye til: Mens norske intellektuelle raste over Iran og fatwaen mot Rushdie og Nygaard, var dei samme intellektuelle ein entusiastisk heiagjeng til det Iran-finansierte "prosjekt Izetbegowitz", med flosklar om "toleranse" og "multi-kulturell stat".
Bodansky er så innsiktsfull at han allereie i 1995 spådde det utfallet vi ser i dag. Han beskriv den amerikanske "teknikken" med å utvikle såkalla "fredsavtaler" som ein veit at serberane ikkje kan godta. Det skjedde med Izetbegowitz´ "tolvpunktsplan" i 1995, seier han. Og det vil skje igjen:"Konsekvensen er at det heng eit Damokles-sverd over Balkan: Ein massiv militær intervensjon av USA-styrte NATO-styrkar mot serberane."
Den kom, etter at USA atter ein gong hadde fått til ein "avtaletekst" i Rambouillet som var totalt uakseptabel for serberane. Og som burde vere uakseptabel for oss alle, liksom bombinga er det.
Yossef Bodansky: "Offensive in the Balkans". ISSA, Alexandria, Virginia 22320. ISBN 0-9520070-4-5 115 s. 16$