Kashmir er på storleik med vårt land, og er eit fjell-land. Av dei vel 5 mill innbyggarane er omkring 80% muslimar og 20% hinduar - altså ei fordeling lik den vi finn i Kosovo. Ein mindre del av området vart tilslutta Pakistan etter krigen i 1949. Striden står om den indiske delen. FN har heile tida kravd folkerøysting i landet; men India nektar dette, da dei veit at dette ville bety tilslutning til Pakistan. Området har store ressursar i fossekraft og turisme; i tillegg jordbruk, skogbruk og ein del gruvedrift. Når ikkje Kashmir fekk folkerøysting under det nærmast sosialdemokratiske Kongresspartiet - Nehrus og Gandhis parti - kan ein ikkje vente at det skal skje nå, uansett FNs påtrykk. I dag blir nemleg India styrt av den sterkt høgreorienterte nasjonalisten Vajpayee frå Janata-partiet. I forhold til han blir Milosevic ein svært moderat nasjonalist. Tankegangen og ordbruken hos Vajpayee er svulstig og fascistoid - akkurat som hos militærdiktatoren i Pakistan, Musharraf. Også i denne samanhengen kan vi sjå ein viss parallell til Jugoslavia og Albania. Men aktørane i sør brukar enda større ord; og dei har begge store konvensjonelle hærar - og atomvåpen. Dessutan står det ingen vestleg allianse klar til å bombe New Delhi og Calcutta dersom dei indiske styrkane bryt menneskerettane i kampen mot geriljaen. Derfor vil blodbadet halde fram . Men Milosevic var vel meir nådelaus mot UCK enn India mot Kashmirs frigjøringsfront?
|
Ser vi på tilsvarande tal for Kashmir, oppgir internasjonale media 62000 drepne på 8 år - dei aller fleste er offer for indisk politi og militær. Også i den samanhengen var Kosovo småtteri mot Kashmir. Men så er vel geriljaen i Kashmir ein utløpar av al Qaeda, og dermed lovleg vilt? Feil igjen. UCK var og er sterkt involvert av al Qaeda. Det er nok til ein viss grad også Kashmir-geriljaen, men så langt er det ikkje påvist omfattande band til bin Laden og hans folk. Derimot får geriljaen støtte av sine trusfeller på andre sida av grensa, akkurat som UCK får støtte av Albania. Vil FN og Vesten dermed gå inn for å stille Vajpayee og hans folk for ein internasjonal domstol? Ha ingen illusjonar om det. I Kashmir er det ingen oljeinteresser. Og for USA står Vajpayee som ein garantist for Indias ”veg mot marknadsøkonomi”. Han er Indias Kostunica, ikkje Indias Milosevic. Så han kan trygt halde fram med sin blodige og skitne ”krig mot terroristane”, for å tvinge folkefleirtalet i Kashmir i kne.
Hartvig Sætra |