Viktig bok for alle som er opptatt av Jugoslavia.

"Offensive in the Balkans".
AV
Yossef Bodansky
(del 1.)



B. er forskingsdirektør for International Strategic Studies Association (ISSA), og ein kjent amerikansk politisk kommentator. Han var i åttiåra senior-konsulent for amerikansk UD og for Pentagon. I dag er han sjef for kongressens rådgivande utval for "terrorisme og ukonvensjonell krigføring". Når det gjeld tidlegare Jugoslavia, har han forska på dette gjennom nittiåra, og boka kom ut i 1995. Med denne boka blir han plassert som den fremste kritikaren av amerikansk Balkan-politikk på høgt politisk nivå.

Presidenten for ISSA seier i føreordet: "Det er den totale motstanden mot å lære av historia som har fått politikarar både i Washington DC og i Europa til å bidra til opptrapping av konflikten i tidlegare Jugoslavia i nittiåra. Politisk populisme vil alltid følgje i kjølvatnet av emosjonell nyheitsformidling, spesielt i desse tider med stadig TV- dekning. Denne boka inneheld informasjonar og analysar som det ikkje er lett å finne i andre publikasjonar."

Og det er sant. Derfor er boka så sentral for alle som vil forstå Balkan-konflikten. Ikkje minst er det nødvendig for SV-folk å lese denne boka, for å bøte på den omfattande desinformasjonen som har vore tredd ned over hovuda på partimedlemmene i mange år.

Bodansky startar med den aktuelle massakren på marknadsplassen i Sarajevo 28. aug. 1995. Det var da at USA for alvor tok einsidig part i Jugoslavia-konflikten, ved å gi ordrar til å bombe serbiske mål i Bosnia. Men B. påviser at denne såkalla "nye" haldninga i grunnen var fastlagt langt tidlegare. Det var berre det at amerikansk opinion ikkje ville akseptere ei militær innblanding, så lenge det ikkje fanst eit såkalla "fancy" og emosjonelt moment som kunne snu opinionen.

Det fekk president Clinton med massakren på marknadsplassen. Vel å merke dersom det var muleg å halde fast på at det var serberane som utførte udåden. Men etter dei første bølgjene av bombefly over serbiske mål, tok dei rettslege undersøkingane av massakren ei anna vending. FN-styrkane avslørte at det ikkje var snakk om ein granat frå serbisk side, -ja, at det neppe var ein granat i det store og heile, men ein sprenglandning som truleg vart kasta frå eit hustak! Mistanken gjekk til den omfattande infiltrasjonen av fundamentalistiske Mujaheddin. Muslimane hadde med andre ord bomba sine eigne!

Korfor gjorde dei det?

Bodansky seier at USA før dette hadde lagt fram ein plan for serberane, som dei trudde motparten straks ville avslå. Derfor hadde dei førebudd bombing i lang tid. Men til stor overrasking for Pentagon og UD sa serberane ja til å forhandle. President Carter hadde oppnådd atskillig på sin misjon til Pale.

"Og dermed kom smellet på marknadsplassen, som drap nær 40 sivile. Ikkje berre var tidspunktet perfekt, men eit profesjonelt kameramannskap var allereie på plass for å gjere opptak av scenen i all sin gru, til og med før redningsmannskapet hadde nådd å rykke ut. Enda FN i første omgang ilte til med å skylde på serbiske rakettar, var det mange etterforskingsspørsmål som ein på det tidspunktet ikkje kunne svare på. Det russiske medlemmet av undersøkingskommisjonen sa straks at det var fysisk umuleg at raketten kom frå serbisk hald. Det samme sa ein kanadisk militærekspert.

Dei britiske og franske militærekspertane som undersøkte krateret etter 40 minutt, fann ingen bevis for at granaten kom frå serbisk hald. Dei konkluderte med at den muslimske armeen var ansvarleg for utskytinga. Men etter beinhardt amerikansk press vart det likevel sendt ut gjennom FN at "serberane var skuldige".

Affæra var ikkje den første i sitt slag. FN-representantar kalla det "ein blåkopi av terrorhandlinga i februar 1994". Også denne fekk serberane skulda for i store media-oppslag. Men i det tilfellet førte FN-folk ugjendrivelege bevis for at det var muslimsk terror mot eigen befolkning. D. seier: "Likevel, både fordi det var "gamle nyheiter" og fordi dei var "politisk ukorrekte", blei desse konklusjonane nesten aldri nemnt i vestlege media". - Frå før veit vi at det samme skjedde med den gjennom-regisserte "massakren på eit gravfølgje" i Sarajevo i 1992.

Alle tre hendingar kom akkurat på det tidspunktet da det såg ut til å bli ein avtale mellom Vestmaktene og dei bosniske serberane, seier Bodansky. Dette visste både FN, vestlege militære og dei fleste politikarane. Også media visste det, men analyserte det aldri, og la alltid maksimal skyld på serberane, også når dei visste betre.

Massakren på marknadsplassen førte til massivt vestleg militært engasjement, og snudde krigslykka for serberane på avgjerande vis.

Bodansky peikar på eit anna illevarslande moment på det tidspunktet: Kroatiske styrkar sto i Bosnia, i klar motstrid til alle FN-resolusjonar. Demonstrativt vart det ikkje gjort forsøk på å skjule at Kroatia hadde invadert landet. Vi veit at dersom Serbia hadde gjort noko slikt, ville landet vore i krig med FN-styrkane! Men USA-press hindra aksjonar mot Kroatia. Og Kroatia fekk openlyst våpen og instruktørar frå USA, også dette eit klart overgrep mot FNs vedtak. USA var "gratispassasjer" på FN-skuta, men overtok likevel kommandobrua!

B. påviser også at dei muslimske styrkane stadig braut forbodet mot tunge våpen rundt Sarajevo og ein del andre byar. Likeså braut muslimane ved fleire høve den våpenkvilen dei nyleg hadde gått med på, - med det resultat at serberane svara på provokasjonane. Det førte igjen til NATO-bombing av serberane! FN var sett ut av spel, og måtte stillteiande sjå på at organisasjonens reglar og prinsipp nok ein gong blei brotne av muslimane i nært samarbeid med USA.

Under den muslimsk-kroatiske offensiven hausten 1995 tok desse styrkane også kontroll over Bihac, der dei lokale muslimane hadde gjort felles sak med serberane. Dette førte til at 40 000 muslimar måtte rømme unna sine eigne, og bli flyktningar i Kroatia. Seinare drog ein god del av dei vidare til Serbia, og er der ennå! Dette kjem i tillegg til 100 000 serberar som blei etnisk reinsa frå dei nye områda som muslimar og kroatar la under seg. Typisk nok blei aldri desse utreinsingane, som skjedde frå byar og bygder med serbiske fleirtal, nokon gong nemnt i vestlege media.

I skrivande stund spør Bodansky: "Kva nå med Balkans framtid?" Og han ser for seg dette: "Slik sett er ikkje den bosniske krisa over, og den massive bombinga har forverra ein allereie komplisert situasjon. Dei latente krisene i det tidlegare Jugoslavia er ei aukande utfordring. Likeså er det med utsiktene til ei større militær opptrapping , som lett kan spreie seg ut over grensene for det tidlegare Jugoslavia, til resten av Balkan og Europa i det heile. Det er derfor stort behov for å forstå røttene, dynamikken og samanhengane i denne krisa og den intense krigen som følgjer med." - I resten av boka tar han for seg forhistoria, frå 1991 til 95. Det blir emne for neste artikkel.

Han konkluderer første delen slik: "Det er i den strategiske konteksten av krigen ein kan sjå kor langt Clinton-administrasjonen er komen på avvegar. Og dersom krisa i det tidlegare Jugoslavia held fram langs denne kursen, vil den vidare kursen bli til skade for amerikanske interesser og vår nasjonale tryggleik."

Dagens krigshandlingar, og dei interne amerikanske reaksjonane på dei, viser at Bodansky er hyperaktuell. Ikkje berre for amerikanarane, men for oss alle.

Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.