Korfor vil ikkje USA og NATO dra Karadzic og Mladic for retten?



    Vi har nyleg hatt ein jugoslavisk utanriksminister her i landet,som argumenterte for at den bosninsk-serbiske leiaren Radovan Karadzic og generalen Radko Mladic ikkje skal utleverast til domstolen i Haag. Norske media reagerte knapt på dette. Det er nokså overraskande, da både aviser og TV-stasjonar kalla dei to Bosnias bødlar gjennom heile nittitalet, og rekna dei som dei to viktigaste personane å trekke til Haag.

    Nå vil USA etter eige utsegn droppe domstolen straks dei har dømt Milosevic, utan å krevje Karadzic og Mladic utlevert.Det er sanneleg litt av eit omskifte dei to potentatane har opplevd, frå å vere dei verste slaktarane på Balkan i 1995 og utover, til nærmast å vere småfisk i dag.

    Denne endringa har si gode forklaring, som norske mediafolk kjenner til, men ikkje har lyst til å la norsk opinion få vite om.

    Heller ikkje er det sant at å pågripe og sende ut dei to er vanskeleg. For eksempel sto det i ei melding i Aftenposten 13.02.02: NATO vet nøyaktig hvor de to tidligere bosnisk-serbiske lederne Radovan Karadzic og Radko Mladic befinner seg, uten å pågripe dem, skriver Politiken. Det er en ikke-navngitt NATO-kilde som sier dette til avisen. Det er nå langt større press for å pågripe dem, men det er en vanskelig balanse der man ved å gjennomføre en militær aksjon risikerer å skyve Jugoslavias president Vojislav Kostunica fra seg, fortsetter kilden.

    Kva seier denne notisen oss? Jo, dette: Karadzic og Mladic er skulda for alvorlege krigsbrotsverk, og i motsetning til Milosevic er deira skuld nokså udiskutabel, og godtatt også av dei fleste serbiske grupperingar. Dei fleste serbiske grupper, ja, men ikkje alle. Og blant dei som vernar dei to, tronar Serbias statsminister Zoran Djindjic aller høgast. Ikkje minst i USAs og NATOs omdømme. Det har seg slik:

    Under dei fleirparti-vala som gjekk for seg i dei jugoslaviske delstatane under tøværet på slutten av åttiåra, vann Det all-jugoslaviske sosialistpartiet SPS - det partiet der også det serbiske sosialistpartiet hørte til - i Serbia og Montenegro. I dei andre delstatane med serbisk befolkning tapte SPS, til stor jubel frå Vestens politikarar og media. Det skjedde ikkje minst i den serbiske delen av Bosnia, der Det serbiske demokratiske parti (SDS) overtok, under leiing av Radovan Karadzic.

    Vi skal hugse på at Jugoslavia den gongen var ein stat. Derfor var både SPS og SDS landsomfattande. Karadzic hadde partifeller i Serbia, og Milosevic hadde partifeller i Bosnia. Men i Bosnia tapte altså Milosevics parti, som av alle vart rekna som moderate nasjonalistar. Det er dei også i dag, og Milosevics tidlegare partifeller i det bosniske SPS har ironisk nok ei relativt høg stjerne hos okkupasjonsmakta NATO (KFOR)!

    Karadzic var altså bitter motstandar av Milosevics parti i Bosnia. Men kven var Karadzics partifeller i Serbia? Jo, det var den nåverande presidenten i Jugoslavia, Vojislav Kostunica, og den nåverande statsministeren, Zoran Djindjic. Djindjic rekna seg faktisk som ein nær personleg venn av Karadzic.

    Seinare sprakk SDS i Serbia, og Djindjic og Kostunica kom til å fronte kvar sin del av partiet. Kostunica var skeptisk overfor Vesten. Djindjic var ein vinglepave av dimensjonar. Han fekk etter kvart store økonomiske problem, og fekk aukande pengestøtte frå USA ettersom han kvesste tonen mot Milosevic og mildna ordvalet overfor Vesten. Denne tilknytninga til USA/NATO gjorde at folk flest oppfatta han som forrædar under NATOs bombekrig. Med halen mellom beina rømte han til sin SDS-kollega i Montenegro. Og han har aldri blitt populær i heimlandet; partiet hans har ca.10% bak seg.

    Enda verre ville det truleg bli dersom også Kostunicas og Djindjics tidlegare partifeller, Karadzic og Mladic, blir arrestert og sendt til Haag. Dei to ville aldri i verda finne seg i å bli dømt til lange fengselsstraffer, mens dei gamle partifellene kan kose seg med vestleg støtte, både politisk og økonomisk.

    Derfor vil både Karadzic og Mladic begynne å snakke i Haag. Dei vil fortelje om Jugoslavias økonomiske støtte og våpensendingar til serberane i Bosnia og Kroatia, fordi dette er eit viktig anklagepunkt mot Milosevic. For alle som har følgt med er det kjent at det var Djindjic, Kostunica og Seselj som ivra mest for slik støtte, mens sosialistpartiet og Milosevic forsøkte å halde igjen.

    Derfor vil dei to krigsforbrytaranes vitneprov bli ein sann katastrofe både for Djindjic og Kostunica, for aktoratet mot Milosevic, og for vestlege media som har late propagandaen fosse ut over Milosevic og hans parti. Det vil også bli ein katastrofe for USAs planar om å skape eit lydig Serbia som før eller seinare kan gå inn i EU og NATO, og bli ein sentral brikke i USAs desperate spel om å sikre seg ein oljekorridor over Balkan.

    Med utsikt til å bli dømt til livsvarig fengsel av Djindjics og Kostunicas nye venner, vil nok heller ikkje Karadzic og Mladic teie om det nære sambandet mellom Karadzics og Djindjics parti, heile tida mens dei verste krigshandlingane og massakrane pågjekk i Bosnia. Og dermed vil anklagane mot Milosevic når det gjeld Bosnia, falle saman som eit korthus. Ikkje berre det: Det vil bli tydeleg for dei som følgjer forhandlingane i ICTY at det er Djindjic som bør sitte på benken på grunn av Bosnia og Kroatia, ikkje Milosevic. For eksempel drog Milosevic tilbake si støtte til dei kroatiske serberane, etter press frå og avtale med Vesten i 1995. Den gongen ville opposisjonen gå til krig mot Kroatia.

    Strategien både frå det nåverande regimet i Serbia, og deira venner i USA og NATO, er å legge all skyld på Milosevic. Etterpå vil dei legge ned domstolen og la slaktarane frå Srebrenica gå fri. Samme strategi blir tydelegvis følgt blindt av dei fleste norske media.

    Hartvig Sætra,
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.