USA/NATO i maskepi med krigsforbrytaren Karadzic.



    Vi har nyleg hatt ein jugoslavisk utanriksminister her i landet, som argumenterte for at den bosninsk-serbiske leiaren Radovan Karadzic og generalen Radko Mladic ikkje skal utleverast til domstolen i Haag. Norske media reagerte knapt på dette. Det er nokså overraskande, da både aviser og TV-stasjonar kalla dei to Bosnias bødlar gjennom heile nittitalet, og rekna dei som dei to viktigaste personane å trekke til Haag.

    Nå vil USA etter eige utsegn droppe domstolen straks dei har dømt Milosevic. Først sa dei at dette skulle skje utan å krevje Karadzic og Mladic utlevert. Men reaksjonane ute i Europa blei så sterke at USA har skifta taktikk. I staden for å verne dei mot arrestasjon, tar USA nå sikte på å la Karadzic melde seg frivillig til Haag, for deretter å vitne maksimalt ufordelaktig mot Milosevic. Til gjengjeld vil Karadzic få redusert straff.

    Karadzic og Mladic er skulda for alvorlege krigsbrotsverk, og i motsetning til Milosevic er deira skuld nokså udiskutabel, og godtatt også av dei fleste serbiske grupperingar. Unntaket er Serbias statsminister Zoran Djindjic, som er USAs og NATOs mest verdifulle mann på Balkan. Samanhengen er slik:

    Under dei fleirparti-vala som gjekk for seg i dei jugoslaviske delstatane under tøværet på slutten av åttiåra, vann Det all-jugoslaviske sosialistpartiet SPS - det partiet der også det serbiske sosialistpartiet hørte til - i Serbia og Montenegro. I dei andre delstatane med serbisk befolkning tapte SPS, til stor jubel frå Vestens politikarar og media. Det skjedde ikkje minst i den serbiske delen av Bosnia, der Det serbiske demokratiske parti (SDS) overtok, under leiing av Radovan Karadzic.

    Vi skal hugse på at Jugoslavia den gongen var ein stat. Derfor var både SPS og SDS landsomfattande. Karadzic hadde partifeller i Serbia, og Milosevic hadde partifeller i Bosnia. Men i Bosnia tapte altså Milosevics parti, som av alle vart rekna som moderate nasjonalistar. Det er dei også i dag, og Milosevics tidlegare partifeller i det bosniske SPS har ironisk nok ei relativt høg stjerne hos okkupasjonsmakta NATO (KFOR)!

    Karadzic var altså bitter motstandar av Milosevics parti i Bosnia. Men kven var Karadzics partifeller i Serbia? Jo, det var den nåverande presidenten i Jugoslavia, Vojislav Kostunica, og den nåverande statsministeren, Zoran Djindjic. Djindjic rekna seg faktisk som ein nær personleg venn av Karadzic.

    Seinare sprakk SDS i Serbia, og Djindjic og Kostunica kom til å fronte kvar sin del av partiet. Kostunica var skeptisk overfor Vesten. Djindjic var ein vinglepave av dimensjonar. Han fekk etter kvart store økonomiske problem, og fekk aukande pengestøtte frå USA ettersom han kvesste tonen mot Milosevic og mildna ordvalet overfor Vesten. Denne tilknytninga til USA/NATO gjorde at folk flest oppfatta han som forrædar under NATOs bombekrig. Med halen mellom beina rømte han til sin SDS-kollega i Montenegro. Og han har aldri blitt populær i heimlandet; partiet hans har ca.10% bak seg.

    Djindjic vil vere ille ute dersom hans tidlegare partifeller, Karadzic og Mladic, blir arrestert og sendt til Haag for rettergang på ordinært vis. Med utsikt til å bli dømt til livsvarig fengsel av Djindjics og Kostunicas nye venner, vil dei nok ikkje teie om det nære sambandet mellom Karadzics og Djindjics parti. Dei vil fortelje om Jugoslavias økonomiske støtte og våpensendingar til serberane i Bosnia og Kroatia, fordi dette er eit viktig anklagepunkt mot Milosevic. For alle som har følgt med er det kjent at det var Djindjic, Kostunica og Seselj som ivra mest for slik støtte, mens sosialistpartiet og Milosevic forsøkte å halde igjen.

    Djindjic støtta Karadzic heile tida mens dei verste krigshandlingane og massakrane pågjekk i Bosnia. Og dermed vil anklagane mot Milosevic når det gjeld Bosnia, falle saman som eit korthus. For eksempel drog Milosevic tilbake si støtte til dei kroatiske serberane, etter press frå og avtale med Vesten i 1995. Den gongen ville opposisjonen Djindjic, Kostunica og Seselj - gå til krig mot Kroatia.

    Mange som følgjer prosessen i ICTY, vil tenke: Kanskje det er Djindjic som bør sitte på benken på grunn av Bosnia og Kroatia, ikkje Milosevic? I alle fall i breidd med han?

    Dette vil vere nokså avslørande for USA/NATOs strategi på Balkan. Derfor vil dei nå forhandle med Karadzic for å få lagt all skyld på Milosevic. Etterpå vil dei la slaktarane frå Srebrenica få mild straff, og så legge domstolen ned.

    NATO gjørs derfor på å arrestere Karadzic, for å roe europeisk opinion. Samtidig kan dansk Information fortelle at USAs ambassadør i Beograd har hatt møte med mora og broren til Karadzic, for å få til ein hestehandel slik at han overgir seg frivillig. Sjølvsagt mot god betaling i form av mindre straff. Vel å merke dersom han gjør det som USA og ICTY ønskar seg mest av alt: Legg all skyld på Milosevic.

    Korfor ein slik hestehandel? Jo, fordi domstolen, og domstolens eigar USA, er i knipe. Mange større europeiske aviser skriv nå openlyst at ICTY har store problem med å føre haldbare bevis mot Milosevic, spesielt når det gjeld Bosnia og Kroatia.
    Bosnias verste krigsforbrytar skal få bra betalt dersom han fortel eit høveleg eventyr som passar USA og den USA-betalte domstolen ICTY. Har Märtha-Louise fått ein konkurrent?

    Samme strategi blir tydelegvis følgt blindt av dei fleste norske media. Det er skammeleg.

    Hartvig Sætra,
    NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.