Samtidig har det blitt meldt at EU-flåten hentar meir og meir fisk frå afrikanske kystfarvatn, etter at afrikanske politikarar røvar kystressursane frå befolkninga og høkrar dei bort til EUs havfiskeflåte. I forhold til å gi skikkeleg kompensasjon for allmenningsrettar er det svært billeg å bestikke afrikanske statsrådar. Allmenningsrettar er privatiseringsadelens raudaste klut. Derfor blir alle middel tatt i bruk for å avvikle kystfolkets rettar - også mord. Den danske avisa Information - som sjølv er ganske EU-positiv - fortel nemleg meir enn våre aviser. Her er ei melding frå 21.03.02: Hundrevis af fiskere fra Senegal, Mauretanien og andre vestafrikanske lande mister hvert år livet, fordi der påsejles eller kæntrer som følge af sammenstød med omsejlende fiskefabrikker fra især Spanien og Portugal. Avisa refererer til britiske Channel 4, som har dokumentert korleis havfiskefartøy frå EU bevisst seiler på dei små kystbåtane i området, og svært ofte lar vere å plukke opp ofra frå sjøen. Overlevende beretter om at besætningsmedlemmer på industrifartøjer har stået og stirret ned på fiskere, der lå i vandet og kæmpede for deres liv, samtidig med at fartøjerne ufortrødent sejlede videre. Peter Rayment frå Ch.4 har snakka med overlevande og pårørande til offer for denne praksisen, og konstaterer: Påsejlingen af afrikanske fiskere sker for ofte til, at der udelukkende kan være tale om hændelige uheld. Medlemmer av EU-parlamentet med den danske visesangaren og EU-motstandaren Jens Okking i spissen, har nå sett i gang ein kampanje mot dei drapa som EUs havfiskeflåte gjer seg skuldige i. Folk frå mange EU-land er med på kampanjen. Men her i landet får vi ikkje vite om dette, fordi pressa og NRKvil drive sin EU-propaganda utan innblanding av ubehagelege fakta. Underskrivne trur ikkje at EUs havfiskeflåte vil begynne å kjøre nordnorske sjarkar i senk med fullt overlegg, dersom vi blir medlemmer av EU. Men både dei og norske havfiskefartøy vil svært gjerne ha norske kystfiskarar vekk og den norske fiskeriallmenningen privatisert. Og dei partia som støttar dei, har for tida over 50% av stemmene her i landet. Til og med i nordnorske kystbygder får dei kjempestor tilslutning. Så i praksis vil det samme skje her som i Afrika - riktig nok med andre virkemiddel, men likevel...
Hartvig Sætra, |
|