ENGASJEMENT



NATO slepp sine dødelege bomber over Jugoslavia, og Noreg deltek i angrepskrigen. Arsenala av masseøydeleggingsvåpen er enorme og dei samla utgiftene til militærformål svimlande. Gapet mellom fattige og rike er enormt og veksande, både her til lands og ikkje minst internasjonalt. Bergens Tidende kan 24. april d.å. rapportere at stadig fleire rike og kvite amerikanarar barrikaderer seg bak gitterportar og tryggleiksvakter i eigne buområde. Det finst no om lag 20. 000 såkalla Gated Communities i USA, og åtte millionar lever eit slikt liv i inngjerda luksus i "Gods own country". Uttapping av lagerressursar og forgifting av luft, vatn og jord trugar oss alle, og effektive mottiltak vert ikkje iverksette. Framtidige generasjonar må betale prisen.

Denne kortversjonen av dei hovudproblema verdssamfunnet slit med ved overgangen til eit nytt tusenår vil kanskje få mange lesarar til å vende blikket og tankane i ein annan retning. Det er ikkje spesielt hyggeleg å ta inn over seg slike kjensgjerningar. Men det å erkjenne verda slik ho er kan vere eit første steg i retning av å bidra til å endre henne til det betre.

For at den negative utviklinga skal kunne halde fram som før må folk flest godta samfunnet slik det er, og halde seg passive. Dersom folkefleirtalet derimot krev ein annan utviklingsveg, og stiller makt bak krava, vil vi kunne få eit samfunn som er heilt annleis enn det vi har i dag, og langt betre. Eit hovudproblem i denne samanheng er at sterke kapitalkrefter, og deira medspelarar, ser seg tent med krig og opprustning, sosial skjeivfordeling og plyndring/forgifting av naturen i den grad dette bidrar til å sikre profittmaksimering på kort og lang sikt. Menneske som let seg styre av sanningssøking og rettferdskjensle vil då lett komme til å stå i vegen for interessene til kapitalkreftene. Det er difor dei vert haldne under oppsikt av eit omfattande etterretnings- og overvakingssystem (jfr. Lund-kommisjonen sin rapport).

I eit slikt system vil oppseding i heim og skule som legg vekt på humane og egalitære verdiar kunne bli oppfatta som eit trugsmål mot den herskande klasse. Derfor kan vi i framtida forvente at dei delane av den norske kulturarven som dreg i ein slik retning vert søkt redusert eller eliminert. Skulebarn som tidleg lærer at "krig er forakt for liv" (Nordahl Grieg), "du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv" (Arnulf Øverland), "kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder" o.a. kan som vaksne komme til å ta slik moral og tankegods på alvor og motsette seg eit samfunn som krenkar viktige menneskelege verdiar. Ein meir tenleg mennesketype, sett frå kapitalkreftene sin synsvinkel, er den likegyldige og egosentriske konsument som er forma av kommersialisert, USA-inspirert masseunderhaldning, dataspel der drap og krig er sentrale element, valdsfilmar og fordummande og forsimplande reklame.

Svaret på desse utfordringane må vere å fostre eit engasjement mot krig og militarisme (og for fred og nedrustning), mot sosial urettferd (og for rettferd) og mot miljøøyeleggingar (og for ei bærekraftig utvikling). Eit slik ekte engasjement vil alltid vere tredelt, dvs. samansett av tankar (forståing, analysar, kunnskapar, overtydingar, tru på at det nyttar o.a.), kjensler (glede ved framgang for det ein arbeider for, sinne og tristheit ved tilbakeslag, harme ved urett osb.) og handlingar (kollektiv og organisert verksemd for å realisere ideala).

Eit slikt sannings- og rettferdssøkande engasjement, som må vere sterkt og delt av mange, er snart den einaste framtidsvona som ein kan setje si lit til i desse bombetider.

Kjell Underlid

- sentralstyremedlem i Norges Kommunistiske Parti -




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.