Forrige artikkel viste til FNs planar om etnisk demokrati først i nittiåra. Viktige delar av forarbeidet til konvensjonen var delegert til det danske Folketinget, spesielt Det Sikkerhedspolitiske udvalg under formannen Per Stig Møller, seinare konservativ partiformann. Møller var ein drivkraft bak arbeidet, og hans kronikk i "Informastion" i aug. 94 er framifrå. Der seier han bl.a.: "Når låget taes av gryderne, bobler innestængt utilfredshed og ufordraglighed op. Vi har set det i ex-Jugoslavien og Rwanda. Vi ser det adskillige deler stede i Afrika".
I følgje Møller er dei grunnleggande prinsippa i konvensjonen at eikvar etnisk gruppe som dominerar delar av ein stat, har rett til å velje styresett og statleg tilknytningsform gjennom frie, demokratiske val. Dette skal skje uansett om styresmaktene i den aktuelle staten set seg imot ordninga.
Men dette at konvensjonen ville kunne brukast for å rettferdiggjere serbiske krav i Kroatia og Bosnia, blei eit dødsstøt mot den. Store nasjonar som Tyskland og USA tok straks kveletak på dette initiativet. Det vart ikkje berre lagt i isskapet, men vestlege journalister har tydelegvis bestemt seg for at denne konvensjonen ville kunne brukast fullt ut av det albanske fleirtalet i Kosovo!
Årsak? - Det ville avkle det hyklerske og udemokratiske hånsordet "storserbisk nasjonalisme" ein gong for alle, og gjere kravet om fristilling av serbiske fleirtalsområde til ei legal sak i tråd med FN-pakta. Det ville likestille albanske krav i kosovo med serbiske i Kroatia og Bosnia.
Med ein slik konvensjon i funksjon innan FN-systemet, ville tre ting ha skjedd: 1) Krajina og Slavonia ville fått sjølvstyre, anten innanfor eller utanfor Kroatia. 2) Dei serbiske områda i Bosnia ville fått ei fri stilling. 3) Kosovo ville kunna gjort krav på samme status som desse regionane.
Ei legalisering av Kosovos krav på sjølvstende gjennom FN hadde gjort det sansynleg at Tryggingsrådet ville vedtatt FN-inngrep i Kosovo. Eit trugsmål om sanksjonar og til og med militært åtak ville stått sterkt også overfor den serbiske befolkninga. Serbisk opinion ville blitt splitta. Og det ville vor vanskeleg å få serberane til å fylke seg bak styresmaktene for å halde fast ved Kosovo, dersom serbiske regionar i samme stilling allereide hadde fått fri status etter konvensjonen, eller var lovt å få det. Den serbiske befolkninga er ikkje abnorme djevlar. Dei er nokså lik oss alle andre. Deira rettferdssans er lik vår. Det er faktisk det som er vårt problem.
Slik situasjonen er i dag, har alle vestlege aksjonar gått i serbisk disfavør i svært brutal og urettvis grad. Det er ikkje berre serberane som ser det slik. den amerikanske Balkan-eksperten Yossef Bodansky har i boka "Offensive in the Balkans" (1995) stadfesta dei aller fleste serbiske anklagene mot Vesten og Vestens media, med eit imponerande fakta-materiale. Og Bodansky er ingen kemsomhelst i amerikansk politikk. Han er forskningsdirektør i International Strategic Studies Association, og direktør for Kongressens utval for terrorisme og ukonvensjonell krigføring, og har gitt ut fleire bøker om internasjonale spørsmål. I åttiåra var han Senior Consultant for både amerikansk UD og Pentagon. Han er den fremste opponenten mot USAs Balkan-politikk på administrativt og vitenskapeleg topp-nivå.
Mange serberar er usamde med Milosovics parti i sentrale spørsmål. Frå ei tid tilbake opplevde vi Serbia som ein svært splitta nasjon, og demonstrasjonane i Beograd var omfattande, likeså var støtten frå Vest til dei oppsisjonelle formidabel. Den gongen forsøkte vestlege media å hevde at opposisjonelle ville gi både Kroatia, Bosnia og Kosovo på båten. Men det var ei tvers gjennom løgnaktig framstilling. Opposisjonen var like fortørna overfor vestlege media og Vestens urettar som Milosovic sjølv. Usemja dreide seg om heilt andre forhold. Derfor sluttar opposisjonen fullt og heilt opp om statens politikk i dag. Det ville neppe vore tilfellet dersom serberane i Kroatia og Bosnia hadde fått rettferdig behandling av verdssamfunnet tidlegare. Serberane føler nå at dei ikkje har meir å tape, derfor kan dei like godt løpe lina ut i Kosovo. Vi kan fordømme det til vi blir blå. Men for å stoppe serberane i dagens situasjon må vi vere villige til å bruke bakkestyrkar, og dermed ofre fleire liv enn både den serbiske offensiven og den etniske utreinsinga har kosta.
Som alltid før på Balkan har NATO valt den mest brutale og skjebnetunge løysinga på problema, ut frå rasistiske ryggmargsrefleksar mot serberane. Det samsvarer godt med konklusjonane i Bodanskys bok. Skal det halde fram slik? Og kor mange menneskeliv skal dette vanvitet koste, både i Kosovo og sjølve Serbia?
Er det for seint å vekke til live "Møller-konvensjonen" og bruke den på Balkan? Når det gjeld Kroatia kan det sjå ut som løpet er kjørt. mer enn 550 000 serberar er kasta ut, dei fleste uten ein dinar i kompensasjon for tapt jord og bustad. Enkelte har i følje Helsingforskomiteén fått omlag 10% av verdien. Staten Kroatia, og eventuelle tyske og østerriske tidlegare jordeigarar, kan håve inn milliardar frå ein serbisk befolkning som frå før var nasjonal underklasse. - I Bosnia er det ennå ikkje for seint, men det hastar før Izetbegowitz set i gang med etnisk reinsing.
I lengda kan ikkje Serbia klare seg mot NATO. Det er truleg at Serbia mistar Kosovo, og at talet på etnisk utreinsa serberar veldig snart vil overstige ein million, i eit utfattig og utbomba land.
Da vil snart Vesten ha nådd lenger i å ta knekken på den serbiske nasjonen enn Hitler klarte. Det har vi Yossef Bodanskys ord for.