Knusande kritikk frå fredsforskaren Jan Øberg.
Jan Øberg er direktør for fredsforskningsinstituttet TFF. Han har arbeidd med konfliktane på Balkan frå 1991.
Hans kommentarer til Ramboullet-"avtalen" har frå første stund vore at "den gir rett og slett ingen ting til den Jugoslaviske sida. Derfor fryktar eg at noko forferdeleg vil skje som resultat av avtalen" (17.03.99). Øberg fekk sørgeleg rett.
"Min hypotese er enkel: Dette dokumentet er tilpassa til den albanske sida i ein slik utstrekning at den jugoslaviske sida - som aksepterte ein avtale på eit tidlegare stadium - nå finn det endra dokumentet totalt uakseptabelt både i sivil og militær sammenheng. Korfor blei avtalen så sterkt endra? Fordi "det verste" som kunne hende for vestlege politikarar og media, var at Jugoslavia sa ja til avtalen og kosovo-albanerane nei!"
Det Øberg seier rett ut, er at avtaleutkastet vart utforma slik, i samarbeid mellom amerikanarar og representantar for Kosovo-geriljaen, at det var hundre prosent sikkert at Jugoslavia ville seie nei. "Avtaleutkastet" var kort og godt eit opplegg for bombing.
Øberg spør også korfor NATO ikkje ville sette eit tak på antall tropper i Kosovo i avtalen. Slik avtalen er utforma, kan NATO sende ubegrensa med styrkar inn i landet. I pressa verserer rykte om 30 000 i Kosovo og 10 000 i Makedonia. Skal NATO ruste opp for å fremje ei vidare oppdeling av Jugoslavia, ved å utløyse liknande konfliktar i Sandsjak og Vojvodina? spør han.
Øberg reknar opp 23 punkt i avtalen som han menar er uakseptable for ein suveren stat. Blant dei viktigaste kan ein nemne desse:
I tillegg kan ein jo vente at dei 200 000 serberane i Kosovo vil flykte til det serbiske hovedlandet under slike forhold. Heller ikkje dette blir kompensert, trass i at avtaleutkastet ikkje seier eit ord om korleis det serbiske mindretalet skal kunne vernast mot overgrep.
Jan Øbergs konklusjon er:"Eg kjenner ingen sjøvstendig stat på denne jorda som ville akseptert ein slik avtale".
Det er ikkje rart at avtale-ordlyden og Øbergs kritikk praktisk talt ikkje blir nemnt i bombevennlige norske media som Dagsnytt, "NATO-revyen" og dei større avisene. Det norske folket skal ikkje få lov å vite dette. Det har uroa media at trass i den massive propagandaen for bombinga, er det heile 25% som er mot, og motstanden er veksande. I Tyskland er motstanden på 60%. Det skremmer vatnet av våre NATO-styrte media.