I 1994, da Norge sto midt i den siste EU-striden, var vi også midt oppe i den opprivende krigen i Bosnia. Den gongen peika eg på det ulogiske i at NEI-partia i Norge ikkje var villige til å la dei serbisk-dominerte regionane i Bosnia og Kroatia få velje si eiga statstilknyttning. Med den historiske bakgrunnen i minne var det lett å sjå at det var langt meir akseptabelt for Norge å gå inn i EU enn for Krajina og Slavonia å bli ein del av Kroatia. Like fullt var dei norske Nei-partia villige til å bombe serberane inn i statskonstruksjonar som dei avskydde. Det var - og er - ein grotesk situasjon. Og når dei samme partia går inn for å tvinge Kosovo ut av Serbia - også denne gongen ved å bombe serberane - da går dobbeltmoralen over alle støvleskaft.
Sjølvsagt gjer det inntrykk på oss alle når flyktningane strøymer ut av Kosovo. Men da dei serbiske flyktningane kom på samme vis frå etnisk reinsa område i Kroatia, var vi ganske få som vart opprørte. Da såg vi ingen ting til sjefen i det som ein Dagblad-kommentator kalla "NATO-revyen". Serberane sveitta og svalt seg gjennom eit fiendtleg Kroatia, der folk spytta og kasta stein og skaut på forsvarslause menneske. Mens vestleg presse nærmast kom med heiarop og fortalte oss at "det er slutt på den serbiske okkupasjonen av Krajina".
Kan eit folk okkupere seg sjølv? Ville vi kalla det "albansk okkupasjon" dersom dei serbiske styrkane blei drivne ut av Kososvo? Mediefolk som har akseptert slike ting, skal ikkje undre seg over at det serbiske styret brukar Vestens propagandamanøvrer frå Krajina og overfører dei til Kososvo. Det er mange vestlege pressefolk som i desse dagar møter seg sjølve i døra, når dei stiller på pressekonferanse hos Milosevic.
Dersom folk blir behandla som dritt, blir dei ikkje snille av det. Den lange lidingshistoria til palestinarane, som vestleg opinion heldigvis har begynt å begripe, viser dette ganske klart. Like fullt har Vesten trudd at etter etnisk reinsing av 750 000 serberar, vesentleg i Kroatia, skulle Serbia ganske frivillig gå med på å overlate Kosovo til albansk gerilja - med det sikre resultat at det ville komme 200 000 nye flyktningar derfrå. Framleis utan at landet får hjelp til flyktningane, og utan at blokaden blir heva. Ingen nasjon på denne jord ville funne seg i slikt.
Serberane er, like lite som palestinerane, fødd med "gener for terrorisme". Som alle andre folkslag på denne jorda ville gjere, reagerer dei ganske logisk og normalt på ei heilt unormal behandling. Og dermed blir resultatet ein katastrofe. Men denne katastrofen må også andre dele ansvaret for: Dei som med fullt overlegg la grunnen for etnisk reinsing i Kroatia - i første rekke Tyskland og USA, men også den norske regjeringa og stortingspartia, inkludert SV.
Korleis skal vi få slutt på tragedien som er i gang akkurat nå? I alle fall ikkje med meir bombing og fleire rasistiske utfall mot serberane. Skal den endelause tragedien på Balkan ta slutt før ein enda større katastrofe slår inn, må statane i det tidlegare Jugoslavia tvingst til å legge korta på nytt. Ikkje minst må skrustikka settast på Kroatia, med krav om tilbakeføring av den serbiske befolkninga, og at Krajina og delar av Slavonia må få samme status som Kosovo. Men også Bosnia er eit tema: Nå må serberane i Srpska bli garantert sjølvstyre og sikrast mot muslimsk okkupasjon og etnisk reinsing. For dersom det skjer i Srpska, vil talet på etnisk reinsa serberar stige til mellom to og tre millionar, og Rest-Serbia vil bli eit europeisk Gaza.
Personleg trur, ut frå mine serbiske kontakter, at serberane vil krevje mindre enn dette for å akseptere tilbakeflytting til Kosovo og ein fri status i provinsen. Til sjuande og sist vil også serberane tene på innføring av etnisk demokrati i området.
Kva betyr begrepet "etnisk demokrati"? FN har hatt eit arbeid gåande for å gjere noko med dei mange kunstige statsgrensene som imperialismen etterlet seg. I dag er det desse grensedragningane som er den suverent viktigaste årsaka til krig, flyktningestraumar og svolt. Skal vi stoppe overgrepa mot menneska, må vi rydde opp i statsgrense-kaoset. Ved inngangen til nittiåra forsto alle med eit minimum av innsikt at dei aller fleste statsgrensar i verda er kunstige og resultat av maktovergrep. Derfor hastar det det å gjere noko med dette.
Dessutan er det eit spørsmål om demokrati. Etter at folk flest har fått stemmerett, etter at bønder, arbeidarar og kvinner har kjempa og oppnådd større fridom, står det eitt einaste område igjen der det rådar brutalt diktatur i eit fleirtal av verdas stater. Det dreier seg om etnisk sjølvråderett
FN var i gang med å utarbeide ein konvensjon for etnisk demokrati først i nittiåra, og det var laga eit råutkast til ein FN-konvensjon i det danske Folketinget, i eit utval under leiing av den konservative partileiaren Per Stig Møller. Men i 1994 blei brått heile konvensjonen lagt vekk, nærmast i panikk.
Hartvig Sætra