Ei gruppe kirurgar frå Frank Pais´ortopediske hospital har gjort ein stor bedrift i medisinens historie ved å transplantere både hofte og bekken på ei sytten år gammal jente.
Det begynnte for femten månader siden på ein fabrikk i Bayamo. Naela Piloto fall ned ei trapp frå andre etasje. Med det samme var det ikkje merkbar skade. Men etter eit døgn fall ho saman, og etterpå begynnte ho å halte. Få dagar etterpå var ho heilt ute av stand til å gå. Diagnosen viste at ein mindre lesjon hadde begynt å ete seg innover i bekkenbeinet, slik at 80% av beinet på høgre side var øydelagt. Betennelsen var så omfattande at det ikkje var råd å reparere bekkenbeinet. Derfor var plantasjon planlagt.
Ein cubansk familie donerte den døde sønnenes bekken- og hoftevev til hospitalet. Dermed var første steg klar.
"Vi takserte transplantasjonen til å ta mellom åtte og ti timar", sa dr. Cambras. Men den svært kompliserte operasjonen var over på mellom fire og fem timar, takk vere dugande fagfolk.
Naela er nå i rekonvalesens. Begge føtene er sett ut av spel i fleire veker, for å unngå alle hofterørsler. Dessutan får ho immun-dempande preparat for å hindre avstøyting. Spesialistane melder allereie nå at "vevet er langt på veg adoptert av kroppen". Ei fullstendig tilpassing av vevet til kroppen tar omkring 30 dagar.
Omsett av Hartvig Sætra.