NRK går god for løgnhistorie.



    Da rettssaka mot Milosevic starta 12.feb. kjørte NRK ut det vanlege propagandastoffet som andre vestlege media. Men ei sak var dei heilt sikkert åleine om: Dei brukte framleis den såkalla ”Racak-massakren” som om den skulle vere reell.

    Men denne saka vart særdeles grundig avliva den 18.januar 2001, av den finske legekommisjonen som undersøkte saka i 1999. I ein større reportasje samme dag tok Aftenposten full sjølvkritikk på den framstillinga dei hadde brukt i 1999. Aftenpostens og andre vestlege medias sjølvkritikk fungerte indirekte som ei orsaking overfor jugoslaviske styresmakter fordi dei hadde publisert ei falsk historie som seinare vart brukt til å rettferdiggjere krigen mot Jugoslavia.

    Dersom media kan gjere krigsbrotsverk - og det kan dei i høgaste grad med den makta dei har, dei har gjort det fleire gonger på Balkan - så var bløffen ein forbrytelse som kvalifiserer for å sitte på benken, ein eller annan plass der FN med tida klarer å opprette ein upartisk domstol.

    Etter dei pinlege avsløringane frå den finske legekommisjonen i januar i fjor, der ”Racak-massakren” blir plassert i samme svindel-kategori som den berykta kyrkjegards-utstillinga i den rumenske byen Timisoara i 1990, presterer altså den norske Dagsrevyen under kveldsredaktør Svein Bryn å slå dette opp som gudsens sanning. Det er nesten ein tru kopi av nyheitsformidlinga i totalitære samfunn. Hadde ikkje landets største avis avsanna saka på førehand, ville karakteristikken vore heilt presis og rettkomen.

    Harvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.