Ho brukar overskrifta: "Biskopen har rett. Bombinga må stoppe!" "Arbeidarar i branntomta til World Trade Centre oppdaga 13 lik i ein gang i ein av dei samanfalne bygningane i denne veka. Blant dei var 10 brannmenn. Dei var frakta vekk med verdigheit og andakt. To dagar før bomba amerikanske B 52 og B 1 landsbyen Qala-i-Niazi i austre Afghanistan. Også der var det sundslåtte lik, lause kroppsdelar og pølar av blod. Men amerikanske militære gjorde som dei alltid gjer: Dei viste verken anger eller respekt for dei døde, og la skulda på al Qaeda. Som dei fleste som les denne spalten, er eg ikkje glad i å sitere presteskapet. Men da eg såg øydeleggingane i Qala-i-Niazi, måtte eg minnast det som biskop i Winchester, Michael Scott-Joynt, nyleg sa under ei messe, at enn så ondskapsfulle som hendingane den 11.09. var, så må dei bli forstått som ein "rettergang mot Vesten". Han slo fast at Vesten har feila i sitt ansvar overfor fattige land. Og han tok opp den brutale nedslaktinga i Qala-i-Niazi som eit brotsverk mot menneska og mot Gud. Kommandør Dave Culler, talsmann for den amerikanske sentralkommandoen, brukte frasen "collateral damage" om Qala-i-Niazi. Han nekta tvert for at sivile var drepne der, og snakka berre om "installasjonar frå Taliban og al Qaeda." Så langt Joan Smith. Christopher Reilly frå den alternative Yellow Times seier dette 05.01: "Ein rapport som har kome ut av Afghanistan i går slår fast at amerikanske helikopter drap ikkje-stridande afghanske kvinner og barn på 29. desember i landsbyen Qala-i-Niazi i Paktia-provinsen.
|
I følgje Bunker er FNs utsending i Afghanistan, Lakhdar Brahimi, svært opprørt over det som har skjedd. Og USAs forsvarsminister Donald Rumsfield har på ingen måte klart å forklare korfor kvinner og barn er blitt meid ned, slik heilt sikre rapportar til < FN melder om. Bombinga blir utvida. Og vi får ikkje vite noko. Slike bombetokt som over Qala-i-Niazi er ikkje noko unntakstilfelle. Den 6. januar melder fleire media at "amerikansk bombing av mål i Øst-Afghanistan blir intensivert." Men da dei fleste media etter kvart trappar ned sine rapportar frå Afghanistan, vil nok både biskopar og vanlege folk bli spart for skildringar som den frå Qala-i-Niazi. Og styresmaktene slepp å høre kritiske ord frå preikestolane. Men afghanske bygdefolk blir ikkje spart. Tvert om. Forsvarsministeren er "stolt over at norske soldatar deltar". Den 8. januar avslører forsvarsminister Kristin Krohn Devold at "norske spesialstyrkar tar del i amerikanske militære operasjonar i Afghanistan". Det blir understreka at dei "også tar del i offensive operasjonar". Altså kan dei godt bli involvert i skyting frå helikopter på kvinner og barn, slik som i Qala-i-Niazi. Det er vel slikt som blir kalla ein "offensiv operasjon". Vår krigsminister er stolt. Men er vi andre det? Hartvig Sætra, Troms NKP. |