I Kabul er dei feudale despotane i Taliban bytta ut med andre føydale despotar frå Nordalliansen. Den kjente engelske journalisten Robert Fisk har i Independent beskrive det barbariet desse krigsherrane gjorde seg skuldige i, den gongen dei med massiv amerikansk og saudiarabisk hjelp klarte å slå over ende Najibullahs progressive styre i 1992. Da drap dei store delar av den intellektuelle middelklassen, som var mistenkte for venstresympatiar. Resten har flykta til utlandet. Derfor er det få kvalifiserte personar igjen i Kabul, av den sorten som eit land treng for å bygge opp ein nasjonal administrasjon. I tillegg til krigsherrane dukkar også deira fallerte ”president”, Burhanuddin Rabbani opp. Han har den fordelen at han er tadsjik, og dermed hører til den folkegruppa som er kjernen i Nordalliansen. Men amerikanarane vil heller satse gerontologisk, og vil tilkalle den 87 år gamle skrøpelege ekskongen Zahir Shah, fordi han har budd i Vesten sidan 1973, og er godt integrert blant andre fallerte potentatar på den italienske Rivieraen. Dess skrøpelegare, dess betre for dei som blir landets eigentlege herrar - USAs militære og økonomiske ”rådgjevarar”. Kongen har også den fordelen at han hører til den største etniske gruppa i landet, pashtunane - den samme gruppa som Taliban bygger si maktstilling på. Nordalliansen er tradisjonelt fiendtleg innstilt til Pakistan, mens dei har sterke band til India og Russland. Heller ikkje dette høver særleg godt for USA og deira planar med landet. Og det er som kjent å få til ei olje- og gassleidning gjennom Afghanistan frå dei store forekomstane i det indre av Kasakstan og andre tidlegare Sovjet-republikkar, i regi av det Calfornia-baserte selskapet UNOCAL. |
USA ville nekte Nordalliansen å gå inn i Kabul, for å unngå kompromitterande scenar i internasjonale media, og for å lette vegen tilbake for Zahir Shah. Men for Nordalliansens krigsherrar er Kabul eit altfor verdifullt krigsbytte til å halde fingrane av fatet; dei har dessutan India og Russland i bakhanda. Og så fekk USA det dei frykta: Grufulle misgjerningar i byen, og ein gjeng med svært kostbare feudalherrar med eine neven på kalasjnikoven og den andre utstrekt etter dollar. Skal USA utvikle eit ”moderne demokrati” oppe i denne røra, blir det ei kostbar affære. I Kuwait var det nok å sette despotane tilbake på plass, og forlate landet. I Kosovo var det verre; der tok også krigsherrane saka i eigne hender. Men USA har klart å halde ein slags kustus på UCK ved å jatte med i det meste dei gjer av overgrep. I Afghanistan er det ikkje berre ein organisasjon å ta omsyn til, slik som i Kosovo, men eit hopetal av føydale krigsherrar som berre har eitt felles språk: Børsepipenes. Kanskje kan Bush få dei til å lære seg dollaren som språk - dei kan jo litt frå før. Men det vil koste svindyrt. Og knuffinga i dollarkøen kan resultere i alvorleg uro, som kan skiple heile den attraktive oljeleidningen.
Hartvig Sætra, |