AI-sekretæren sa at antiterrorisme-lovane er drakoniske og diskriminerande i sin natur, og at dei skaper fremmendfrykt og rasisme. Ho sa at å utpeike syndebukkar er ei uakseptabel løysing. Ho snakka om dobbeltmoralen i internasjonal lov, og sa det nå var tid for å seie sanninga: Regjeringane fordømmer Taliban, men held stilt om menneskerettsbrota i Saudi-Arabia, spesielt når det gjeld kvinnenes rettar. Dei set søkelys på menneskerettane i Irak, men ignorerer brot i Israel. Dei vil dra folka frå al-Qaeda for retten, men vil ikkje snakke om alle dei andre organisasjonane, til dels med vestleg støtte, som også burde sitte der.” Fru Khan ba deltakarane innstendig om å danne ein koalisjon av afghanske og pakistanske organisasjonar for menneskerettane. Ho sa: ”La oss spesielt bygge ein koalisjon for å verne kvinnenes og barnas menneskerettar i Afghanistan.”
|
Eg minnest den tida da Afghanistan produserte poetar og filosofar, og da kvinner hadde rettar også der. Alle dei som har øydelagt landet, bør ikkje gå fri. Dei bør dømmast for sine krigsbrotsverk.” Det ligg ei dobbel meining under her. Dette møtet er halde i eit land som har eit militærdiktatur, og alt kan ikkje seiast opent. Bakgrunnen er slik: I syttiåra, under det gamle kongedømmet, hadde Afghanistan eit meir tolerant styre enn Pakistan, sjølv om begge land var autokratiske. Da den gamle kongen vart avsett av ein slektning som var meir høgreorientert, tok filosofen og poeten Taraki over styret som leiar for ei sosialistisk regjering, etter eit militært opprør. Både i hans og etterfølgjaren Karmals regjering var Anahita Rahtebzad ein sentral statsråd, med ansvar for skoleverket og kulturen. Ho var ein av Asias mest respekterte kvinnelige politikarar. Det var mot hennes reformar, blant anna burkhaens fall og full skoleplikt for jenter, at forgjengarane for både Nordalliansen og Taliban gjorde opprør. Med støtte av Saudi-Arabia, bin Laden, USA, Kina - og Høyre, AP, SV, AKP, RV og Kvinnefronten i Norge. Det blir ei interessant tid framover: Nå har alle, frå RAWA via AP-kvinnene til Laura Bush krevd fulle rettar for kvinner i Afghanistan. Skal ein NATO- og USA-dominert fredsstyrke sørge for at den utskjelte kommunisten Anahita Rahtebzads reformar nå blir gjennomført?
Hartvig Sætra, |