Vil fundamentalistane i Afghanistan godta ”amerikansk kommunisme”?



    Det er ei melding som har unngått dei fleste media i Vest: Mens USA har insistert på å ”samle alle gode krefter for å lage ei overgangsregjering i Afghanistan”, har Nordalliansen kategorisk nekta deltaking frå halvparten av innbyggarane i landet: Kvinnene. Dette melder den profilerte og velartikulerte organisasjonen ”Revolutionary Association of the Women of Afghanistan” (RAWA) på sine nettsider.

    Dette var sjølvsagt som ein kunne vente. For sjølv om Nordalliansen er mindre restriktive overfor kvinner enn Taliban, er også dei blant dei verste fundamentalistane i verda. Vi skal hugse at motstanden mot Tarakis, Karmals og seinare Najibullahs regime var sterkt fokusert omkring motstanden mot kvinnefrigjering. Det verste som fundamentalistane forbind med ”kommunismen” , var og er jenter på skolebenken, og velutdanna kvinner utan slør i hovedstadens butikkar, bedrifter og regjeringskontor.

    Dersom USA nå prøver å betre kvinnenes stilling i Afghanistan, slik den overveldande opinionen i Vest ventar, vil mullahene og føydalherrane oppfatte dette som ”amerikansk kommunisme”! Dermed kan USA møte samme reaksjonar på den lovlause landsbygda i Afghanistan, som Anahita Rahtebzads store skolereform etter 1978: Med drap på skolejenter og lærarinnene deira.

    Det kan bli mange leie tankevekkarar for alle dei som raste mot det progressive styret i Afghanistan i åttiåra - blant dei ikkje minst våre heimlege RV- og SV-folk - når USA blir ståande i nøyaktig samme posisjon i Afghanistan som Sovjet tidlegare: Invitert av landets regjering, og i kamp med lokale føydale despotar som set seg mot modernisering av landet.

    Vil dei i ein slik situasjon støtte fundamentalistane, slik dei gjorde overfor Karmals og Najibullahs styre, eller vil dei denne gongen støtte den inntrengande stormakta?

    Hartvig Sætra,
    Troms NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.