Da blir sjølvsagt svindelen avslørt; men nå er det for seint. Skatteletten som Høyre har lovt, blir bulldosa igjennom av partiet på bakgrunn av valsigeren. Og det er vel ikkje så rart. Folk har gitt Høyre fullmakt til å prioritere dei rike og ressurs-sterke. Når folk er enige med Høyre, eller dei er så uopplyste at dei ikkje kjenner Høyres prioriteringar, går det galt ved stemmeurnene. Dei veljarane som stemte med H i haust, må ta ansvaret for den påtenkte skatten på kronisk sjukdom. Dei må også ta ansvaret for nedprioriteringa av norske utkantområde gjennom rasering av SND og svekking av kommuneøkonomien. Og dei må ta ansvaret når Høyre vil avvikle ASVO-bedriftene for psykisk utviklingshemma. Og det stoppar sjølvsagt ikkje med det. På fire år skal den nye regjeringa finne dekning for ei nedkutting av Statens finansar på over 30 milliardar, som blir gitt rundhanda ut til dei som har best råd. Raseringa råkar SND og ASVO nå. Men kva er det neste? Eg sluttar aldri å undre meg over at folk på landsbygda i Nord-Norge stemmer Høyre. Folk som har gjort det, må ha visst at det vil forsterke seigpininga av bygdene. |
Derimot finn eg langt betre unnskyldningar for dei som stemte KRF og Venstre. Dei har nok innbilt seg at dei framleis ville få ein Sentrums-Bondevik som statsminister. Men dei fekk ein Høyre-Bondevik i staden. Og av sine eigne fekk dei skatt på kronisk sjukdom, stryping av SND, svekking av kommuneøkonomien, rasering av ASVO. Og det vil ikkje stoppe der. For seint vil det gå opp for veljarane i desse to partia at dei er lurt av sine eigne toppfolk. Det er ein dyr lærdom, som ikkje kan bøtast før det har gått nye fire år. Underskrivne står på mange måtar langt frå Senterpartiet. Men det er fullstendig ubegripeleg for meg at bygdefolk i det borgarlege midtskiktet i politikken, svikta dette partiet. Det kjem til å bli mange bitre og angerfulle stunder for desse folka, mens dei må sitte og sjå på at deira eigne stortingsfolk sit som garantistar for Høyres omfordeling til dei rike og nedbygging av bygdene. Eg ser fram til den politiske sjølransakinga som den norske landsbygda må foreta i dei neste fire åra. Men eg gruvest for den raseringa som den høgre-dominerte regjeringa kjem til å utføre i desse åra. Aller mest fryktar eg at det vil bli tatt uopprettelege steg i undergravinga av bygdene, slik at Norge for alvor vil bli dominert av eit iskaldt, egoistisk og utkantfiendtleg veljar-fleirtal.
Hartvig Sætra, |