Seinare var folk frå denne styrken sterkt involvert i i krigs- og terrorhandlingar i andre land, for eksempel i Algerie, Bosnia (Srebrenica m.m.), Kosovo, Makedonia. Det har nyleg kome fram at trass i det langvarige fiendtlege forholdet mellom bin Laden og USA, har bin Ladens folk stadig stått på samme side som USA i desse landa. Og dei driv ikkje berre med krigshandlingar, men også med narkohandel, blant anna i samarbeid med UCK, som er ei aktuelt kontaktledd mellom CIA og bin Ladens folk i dagens Europa.
Reportasjen frå Times of India set ikkje berre det pakistanske ISI i eit merkeleg lys; den kastar også tvil over CIA sjølv. Spesielt er det rart at både CIA og heile den vestlege pressa teier om denne saka.
Hartvig Sætra,
Troms NKP.
Da det pakistanske statlege PR-byrået nyleg opplyste at den tidlegare ISI-direktøren, generalløytnant Mahmud Ahmad søkte avskil etter å ha blitt sett til side på måndag, viser det seg at sanninga er enda meir sjokkerande. Kjelder på toppnivå stadfesta på torsdag at generalen mista jobben på grunn av dei prov som India framskaffa for å vise hans kontakt med ein av sjølvmordsbombarane som krasja med World Trade Centre. Dei amerikanske styresmaktene krevde hans avgang da det viste seg at 100 000 $ var blitt overført til kapraren Mohammed Atta av ein person ved namn Ahmad Umar Sheikh, etter oppdrag av general Mahmud. Høgtståande regjeringskjelder har stadfesta at India kom med avgjerande bidrag til å klarlegge samanhengen mellom pengeoverføringa og den avsette ISI-sjefen. |
Eit direkte samband mellom ISI og WTC-sabotørane kunne få enorme ringverknader. USA kan ha ein grunngjeven mistanke om at også andre pakistanske høgare offiserar har visst om det som gjekk for seg. Bevis for ein langt større konspirasjon kunne skake USAs tillit til Pakistans vilje til å ta del i antiterror-koalisjonen. Offisielle indiske kjelder seier at dei er svært interessert i å rulle opp denne saka, ettersom den kan knytte ISI direkte til kapringa av eit fly frå Indian Airlines på veg frå Katmandu til Delhi i desember i fjor. Flyet vart tvinga til Kandahar. Ahmad Umar Sayeed Sheikh er ein britisk statsborgar med eksamen frå London School of Economics. Han vart arrestert av politiet i New Delhi i 1994 etter ei mislykka kidnapping av fire vestlege personar, inkludert ein amerikansk borgar. Av Manoj Joshi. |