Og ikkje berre det: Det kristeleg-demokratiske CDU, som svarer omtrent til vår nåverande regjeringskoalisjon, fekk omtrent samme stemmetal som kommunistpartiet PDS! Det var sosialdemokratane som vart største parti. Ein skulle tru at dette var ei såpass sensasjonell nyheit at norske media ville melde om det. NRK og norsk presse har aldri tidlegare latt vere å rapportere om vala i Berlin. Men denne gongen vart saka underslått av alle nettaviser utanom Dagsavisen og Nationen. Heller ikkje Klassekampen er så ivrige på å melde om dette. |
Dagsavisen har dessutan ei rimeleg forklaring på PDS´ suksess: Det var det einaste partiet som tok prinsipielt avstand frå krigen i Afghanistan. Og dei kunne føydd til: Dei var dei einaste som også tok klart avstand frå krigen mot Jugoslavia. Die Grünen har svikta i desse sakene, slik også SV gjorde når det gjaldt Jugoslavia. Tysk antikrigs-opinion tar klart standpunkt til USA/NATOs krigar når dei går til valurnene. Når vil norske veljarar gjere det samme?
Hartvig Sætra, |