Det hører gjerne med i bildet at undertrykkaren ikkje definerer sin eigen maktbruk som nasjonalisme, men prøver å sverte dei undertrykte gruppenes kamp for demokrati ved å bruke nasjonalisme-begrepet i belastande betydning. Ein slik politisk og etnisk betent ordbruk svarer til den vestlege propagandaen som aldri brukar ordet terrorisme om amerikanske og israelske overgrep og drap, men konsekvent drar begrepet fram når motparten svarar på terroren. Den tendensiøse bruken av ord som terrorist og nasjonalist er klassiske eksempel på maktmenneskas misbruk av språket. Det er på denne måten Nordlys-redaktøren opptrer i sin leiarartikkel 15.10.01, når han klandrar sametingspresidenten for at han kjempar for sitt folks demokratiske rettar, og når han kallar ein samisk rettighets-aktivist for politisk villmann. Slike rabiate utfall er vi uvant med å lese i leiarartiklar i norske aviser. Det er trist at den store landsdelsavisa Nordlys, som tidlegare hadde eit statsrettsleg sett ryddig forhold til motsetningane i vår eigen landsdel, etter dei to siste redaktørskifta har blitt eit talerør for det som mange vil kalle Finnmarks sørstatshøgre - dei kreftene som febrilsk set seg imot alle forsøk på å gi dei samiske lokalsamfunna samme territorielle rettar som alle andre norske lokalsamfunn har. For meg som søring er det eit tankekors at dei eigendoms- og allmenningsrettane som er sjølvsagde i Hallingdal, Gudbrandsdalen og Hadeland, ikkje gjeld for dei samiske kjerneområda i Indre Finnmark.
|
I følgje både vanleg statsrett og internasjonale menneskerettskonvensjonar står sametingspresidentens syn fjellstøtt. Dette vart heilt presist uttrykt av kong Harald i sin tale til Sametinget i 1998: Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to folk: Det norske og det samiske. Det samme synet har også den høgsterettsjustitiarius Carsten Smith gitt uttrykk for, likeså juristkommisjonen for samerett under leiing av professor Jens Edvin Skoghøy. Dette synet ligg også til grunn for Høgsteretts einstemmige avgjerd i Svartskog-saka i Kåfjord. I tillegg til dette har vi ILO-konvensjon 169 - urfolkas menneskerettskonvensjon - som ikkje leivnar tvil om urfolksrettane til land og vatn. Den som vil forsøke å sette denne menneskerettskonvensjonen ut av kraft på norsk jord, kjem i uhyre slett internasjonalt selskap. Nordlys-redaktørens ordbruk rammar dermed ikkje berre sametingspresidenten, men også Kong Harald, norsk Høgsterett og FNs menneskerettsarbeid. Dermed kan redaktørens karakteristikk av ein sameaktivist i leiarartikkelen 15.10. slå tilbake på han sjølv. Når det gjeld samanes rett til å definere si eiga historie, viser eg til Silje Karine Muotkas innsiktsfulle og svært saklege artikkel 18.10. Eg skulle i den samanhengen gjerne sett reaksjonane i diverse norske historiske fakultet dersom dei fekk beskjed om at norsk historie under unionen med Danmark skal definerast frå København. Eller kanskje denne versjonen: Norsk historie frå 1940 til 45 må skrivast i Berlin.
Hartvig Sætra, |